Ubuntu

Share

I Helge si gravferd i går hadde eg tenkt å ta utgangspunkt i lua han har på seg på bildet vi brukte på programmet. Men det glapp for meg då eg skulle skrive stikkorda til det eg sa. Difor tek eg det med her, slik det er omtalt på Wikipedia:

Ubuntu er ein etisk eller humanistisk ideologi som fokuserer på alliansar og relasjonar mellom menneske. Ordet kjem  frå bantuspråka zulu og xhosa i Sør-Afrika. Ubuntu blir sett på som eit tradisjonelt afrikansk konsept. 

Ei tyding er «vere medmenneske for sine neste».

Erkebiskop Desmond Tutu gjorde i 1999 ein freistnad på ein lengre definisjon:

Ein person med ubuntu er open og tilgjengeleg for andre, aktar andre, kjenner seg ikkje truga av at andre er duglege og har det bra, for han eller ho har ei korrekt sjølvstadfesting som kjem frå å vite at han eller ho høyrer heime i ein større heilskap og blir nedtrykt når andre blir audmjuka eller nedtrykt, når andre blir torturert eller halde attende.
Så sa eg dette, sånn omtrent:
Det er uverkelig at vår eldste son Helge er død, bare 51. år gammel. Under koronatiden hadde han heimekontor hos oss her i Mandal, og på denne tida på dagen kom han ned trappa frå loftet der han hadde kontoret, steikte ofte eit speilegg og så åt vi som regel lunsj saman.
Født i Stavanger 15. oktober 1971
Barndom i Bergen, frå 7. etasje og heis der han ikkje rakk opp til heisknappen, men enten måtte stå på trehjulsykkelen eller trykke på 5 og gå opp to etasjar, til fjæresteinane på Lille-Børøya på Stokmarknes.
Tidlig datainteresse, konfirmasjonspengane gjekk til datamaskin.
Musikk-interesse, med i Nordland ungdomskor i Bodø
Studerte informatikk i Tromsø og historie i Stavanger, Offentlig rett i Oslo
Vikar hos Manpower, deretter tilsett hos DNB i over 20 år
Slektsgranskingsinteressen, database 30.000 navn
Slekt og Data Oslo/Akershus Hederspris 2009
Helge var også reiseglad. Eg nemner tre turar, men det var mange fleire:
På tur med Reidun Sør-Norge Oslo-Myrdal-Flåm-Bergen-Stavanger, med Margunn og Stein til Stokmarknes, på gamle tomter og med Sigmund på Sunnmøre rundt
Lovisenberg Lindring og Livshjelp vart siste stopp. Der fekk han den aller beste pleie de siste dagane før han døde 3. november, bare 51 år. Takk til Rønnaug som var saman med han då.
Fred over Helge sitt minne.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.