Alle innlegg av Harald Haugland

Underet i Breive 2

Share

I Setesdølen fredag 1. desember hadde Sigurd Haugsgjerd ein artikkel om då boka vart presentert. Eg hadde planar om å ta turen til Hovden på presentasjonen, men bilen min ville ikkje ta turen dit. I staden måtte eg sende han i motsett retning, til alltid hyggeleg Oddvar Moy Bilforretning som fann ut at han hadde gått i naudprogram og ikkje ville over andre gear.

Sigurd fortel at det var eit hundretal menneske som var på lanseringa. Boka er gjeve ut av Hovden Fjellstoge, det er fyrste boka Bjørnar Mørenskog står for som forleggar, men det blir truleg ikkje den siste. Som konsulent har han hatt Birte Løvåsen, prest i Kristiansand og engasjert i pilegrimsrørsla som har vakse fram dei siste åra. Forfattar Bjarne Tveiten har fått bryne seg på henne når han skulle skildre pilegrimsvandringa frå Breive til Røldal, som er eit av motiva i boka.

Underet i Breive byggjer på kartmåleriet som Bjørnar Mørenskog har på Hovden Fjellstoge. Det er laga av teiknaren Egil Torin Næsheim og har ei rekke motiv frå Byklesoga. Truleg er det tema nok til tjue bøker, så Bjarne Tveiten vert ikkje arbeidslaus i pensjonist-tida si, sjølv om han ikkje trur det vert særleg mykje meir radio på han.

I oppslaget i Setesdølen fortel Birte Løvåsen om pilegrimsvandringa som ein møteplass for tru og tvil. Natur og religion kan gje grunnlag for slike samtalar om tru og tvil. Ein går saman, opplever noko saman, og målet for vandringa er ei kyrkje. Undervegs er det utfordringar både i møte med andre menneske og i møte med naturen.

På jolemøtet til Utdanningsforbundet fortalde Bjarne Tveiten at ein vurderer om turen skal takast på tre eller fire dagar, truleg vert det litt uti juli 2007. Første etappe til Sloaros, deretter til Haukelisæter og så er det spørsmål om siste strekninga skal vere ein etappe eller to.

Kulturhus

Share

For eit par veker sidan var Per Kristiansen gjest frå kommunen i programmet Kommunen informerer. Då fortalde han at arbeidet med prosjekt kulturhus i Valle var kome langt, og onsdagskvelden 29. desember sa kommunestyret eit samrøystes ja til prosjektet. Ombygging og utviding er kostnadsrekna til 11 millionar kroner, då er målet å få til ei teaterscene med mål som gjer at Riksteateret vil kome med framsyningar att i Valle.

Planen er at arbeide skal kome i gang neste år. Status som regionalt kulturhus betyr at ein kan få eit tilskot på to millionar frå Staten. Prosjektet skal finansierast med pengar som kommunen har som ansvarleg lån i Agder Energi, og så vert det tre hundre tusen i årlege meirkostnader når det gjeld drift.

Det ser ikkje ut til å stoppe med bygging i skuleområdet. Etter det Per fortalde i sendinga for eit par veker sidan, skal Storstoga utvidast slik at scenebreidda vert tre meter breiare enn no. Det skal gjerast ved å utvide bygget mot Riksveg 9.

Aksjon Håp og podcast i neste veke

Share

Ikkje før er fredagssendinga over, så kjem ei ny veke med nye sendingar. Tysdag 5. desember er siste tysdagen før Aksjon Håp, så eg tenkjer eg må få med mest mogleg stoff om aksjonen den dagen og har lagt opp til å ha ein halv time med dette temaet.

Bokaktuelt pleier eg og Lisbeth lage tysdagane. Men i går kveld fekk eg ein telefon frå dotter mi, Margunn, som er IT-bibliotekar i Kristiansand. Ho hadde vore på ein bibliotek-konferanse i Bergen. Der hadde dei diskutert bibliotek i framtida. Eit av emna var podcast, det vil seie at lydfiler vert lagde ut på nettet og kan lastast ned gratis. Ho meinte at programma eg og Lisbeth lagar, burde vere lette å podcaste, ettersom dei alt er tekne opp før sendingane. I dag er det bare tre bibliotek i landet som har ei slik teneste. Kanskje Valle folkebibliotek kan verte det fjerde? Her kan du lese meir om utvikling i bibliotekområdet:
http://bibliotek.wikia.com/wiki/BibliotekReform
Dei har lagt det opp innanfor wikipedia-modellen, slik at folk kan delta i å leggje inn stoff. Men fordi det er nytt, er det enno bare systemansvarleg som kan leggje inn stoff, så du må sende mail til han for at det du meiner skal kome til vurdering.

Eg skal ha ansvaret for onsdagssendinga også. Mange tema kan vere aktuelle denne kvelden. Eg får kome tilbake til dei etter kvart som dei dukkar opp.

Heile dalen fredag 1. desember 2006

Share

Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Torhild Sandnes

18:00 Aktuell time ved Bjørgulv
19:00 Samtale med Signe Sollien Haugå
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Theis Salvesen i samtale med Annbjørg Uppstad og Sigrun Askland om Cuba-tur
20:30 Olav Rike les frå gamle hefter og bøker
21:00 Open sending ved Jorunn Lund Harstad

I Setesdølen i dag hadde Sigurd Haugsgjerd skrive dette om programmet i kveld:

**Valle Radio for heile dalen**

Valle radio har sending for heile dalen i kveld, med Bjørgulv T. Berg som programansvarleg. Han er i gang frå kl. 18 med aktuell time, der han har ein prat med kyrkjeverja i Bykle om det tilstundande kyrkjejublileet på Hovden neste år. Då er Fjellgardane kyrkje 50 år. Også Torleiv Bjørgum, kommuneansvarleg for Aksjon Håp 10. desember blir intervjua om innsamlingsaksjonen neste helg.

Den nytilsette daglege leiaren for Setesdal regionråd, Signe Sollien Haugå kjem i studio for å samtale litt om utfordringane i det interkommunale samarbeidet, no som altså Iveland er ute av regionrådet. Klokka 19.30 kjem Torleif B. Harstad med Tankar frå Bibelen, men alt halvtimen etter kjem kveldens Rammstein. Theis Salvesen, som har reist til Gutekalas i Kongsberg, har gjort klart opptak med m. a. Annbjørg Uppstad og Sigrun Askland frå Valle skule. Dei skal til Cuba og hjelpe Jan Olsen med å tøme containarane som snart er komne fram dit.

Kl. 20.30 hentar Olav Rike igjen smakebitar frå litteratur med tilknytning til dei indre bygder. Denne gongen les han ei forteljing frå dei indre bygder og dikt frå onkel Tårål si dagbok. Frå kl. 21 er det open sending ved Jorunn Lund Harstad. Då kan alt skje, men folk i heile dalen er i alle fall svært velkomne til å ringe inn helsingar frå kl. 20 på 379 37 577.

Brain drain

Share

Dette omgrepet fortel om situasjonen som mange land i verda opplever: Høgt utdanna arbeidskraft flytter frå utviklingsland til industrialiserte land.

Utdanningsforbundet oppmodar nasjonalt og internasjonalt til å anerkjenne at lærarpersonell med høg kvalitet bare kan rekrutterast om utdanning, status, arbeidsvillkår og velferd vert betra og sikra.

På konferansen som Utdanningsforbundet Aust-Agder har hatt i eit par dagar, har dette temaet vore oppe. Ein har synt til
*Bologna-prosessen
*Lisboa-prosessen
*København-prosessen
som alle har stor innverknad på norsk utdanningspolitikk. Sjølv om alle land har rett til å forme sin eigen utdanningspolitikk, er det mange internasjonale avgjerder som påverker norsk utvikling. Vi ser det mellom anna i dei store endringane som norsk skule har gått gjennom dei siste åra. Karaktersystem og omlegging av studiar på høgskole og universitet er ein del av biletet.

Utdanningsforbundet meiner at kunnskap om internasjonale tilhøve trengst for å kunne bygge gode nasjonale offentlege utdanningssystem i ei globalisert verd. Det er difor ei plikt for alle som arbeider i utdanningssystemet å skaffe seg kunnskap om globale tilhøve som har innverknad på utdanning. Dermed kan ein setje kritisk søkelys på både innhald og form. Slik kunnskap er relevant for å forstå tilhøva i eige land og for å utvikle solidaritet med lærarar og utdanningspersonell i andre deler av verda.

Global rett til utdanning krev godt kvalifiserte lærarar, ikkje bare i Norge, men i alle land.

Som du skjøner, det gjev perspektiv å vere på kurs. Kanskje gjev det nye program i Valle radio også.

Postludium

Share

Tysdagskvelden skulle eigentleg Niklos hatt Postludium. Men bilen min streika, så eg kunne ikkje kjøre han heim etter sendinga. Difor måtte eg ha programmet sjølv.

Ofte legg vi opp programma i pakt med kyrkjeåret. Sist sundag var det siste sundag i kyrkjeåret, nytt kyrkjeår startar 1. sundag i advent, som i år er 3. desember. Siste sundag i kyrkjeåret har etter tradisjonen her i landet vore kalla Domssøndagen. I USA feirar dei Thanksgiving denne helga, det var sikkert fleire enn eg som såg bilete av president Bush med ei kalkun. Thanksgiving er for å seie takk for avling og haust, og er ein tradisjon med røter tilbake til Pilgrim’s Fathers på 1600-talet. Sjå http;//no.wikipedia.org/wiki/Thanksgiving for meir informasjon.

Eg valde å ha eit program i denne tradisjonen. Det vart eit reint barokkprogram. Ideen henta eg frå
http://www.organsandorganistsonline.com/, der dei hadde lagt ut nokre mp3-filer med aktuell musikk i samband med Thanksgiving.

Dermed vart det

David M. Lines, Organist:
Now Thank We All Our God
Johann Sebastian Bach (1685-1750) arr. Fox/Hebble
III/45 1909 rebuilt Bennett Organ
formerly of First Presbyterian Church, Salt Lake City, UT

Wayne Grauel, Organist
Concerto in B minor
>> Allegro
>> Adagio
>> Allegro
Johann Gottfried Walther (1684-1748)
II/P/36 Cantor Digital Organ
Grauel Residence, USA

Roger Fisher, Organist
Sinfonia from Cantata No. 29, BWV 29
Johann Sebastian Bach (1685-1750)

og til slutt

Aarnoud de Groen, Organist
Wir glauben all’, BWV 740
Johann Sebastian Bach (1685-1750)

Det var eit program med mykje god musikk.

Lærar og media

Share

På kurset til Utdanningsforbundet utfordra Per Jarle Hellevik oss på tilhøvet til media. Det fekk meg til å tenkje tilbake på perioden då eg var lærar ved Valle skule og gjerne ville ha kollegar med i programmet Pedagogisk forum. Den utfordringa var det ikkje mange som tok.

Hellevik meinte at ein sjeldan fann Utdanningsforbundet i studio når diskusjonen gjekk om pedagogikk og veival i høve til skule og framtid. Han refererte til debatten i går kveld, der diskusjonen om eliteskule i matematikk og teorifag gjekk høgt, men kor ein sjeldan stiller spørsmål om eliteskular for idrett. Slike debattar går utan at Utdanningsforbundet er til stades, sa Hellevik.

Han meinte at det er viktig at lærarar vågar å stikke seg fram og seie noko om faget sitt når media spør, men ikkje bare då. Å ta initiativet gjennom lesarinnlegg eller kronikkar, er og ein måte å vere med og setje dagsorden.

I pausen diskuterte eg litt med Malmfrid, som jo har vore med i programmet Pedagogisk forum. Då sa eg at når ein får nei om ein spør om nokon om å vere med i program, så spør ein ikkje så mange gonger før ein sluttar. Kanskje hadde det vore betre om rektor sette opp liste og påla lærarane sine å vere med, slik rådmann Vidar gjorde då vi fekk programmet Kommunen informerer. Dei som var ukjende med radio var ganske nervøse dei fyrste gongene, men etter kvart vann dei erfaring og slutta å grue seg så mykje. I dag er det ein triveleg post som både deltakarar og lydarar kan gle seg over.

Kanskje vi skulle prøve å få liv i Pedagogisk forum att.

Fredag for heile dalen

Share

På lista vår står Theis oppført til å ha sending for heile dalen i morgon 1. desember. Det syner seg at han har andre oppgåver i morgon, så det vert **Bjørgulv T. Berg** som får ansvaret for fyrste del av kvelden, medan **Jorunn Lund Harstad** vil stå for den opne sendinga. Det skulle bli ei fin innleiing til jolemånaden å lytte på Valle radio denne kvelden.

På kurs

Share

I dag og i morgon har eg privilegiet til å vere på kurs. Det er Utdanningsforbundet som inviterer til storkurs, der tillitsvalde på ulike plan får vere med.

Av og til er det godt å lyfte augo og sjå seg litt rundt og få eit litt anna perspektiv på det ein gjer til dagleg. Starten av dagen gjekk til eit foredrag av Per Ramberg, utdanningsdosent ved NTNU sitt program for lærarutdanning. Han såg på lærarutdanning i et internasjonalt og nasjonalt perspektiv. Deretter var det gruppearbeid rundt dilemma i profesjonsutøvinga før lunsj. Etter lunsj skal Per Jarle Hellevik ta opp temaet Den tillitsvalde og media, før forsamlinga skal sjå på saker frå Landsmøtet til Utdanningsforbundet.

I morgon vert det aktuelle saker og vurdering av rundane med lokale forhandlingar vi hadde i haust. Før vi sluttar fredag vert det seksjonsøkter for representantar frå barnehage, grunnskole og vidaregåande skole.

Slik arbeider Utdanningsforbundet for å gjere tillitsvalde dyktige til å ta vare på oppgåvene dei har i kommunane.

Underet i Breive

Share

Det er tid for julebord att, og i går kveld hadde Utdanningsforbundet i Valle og Bykle samling på Bykle gjestegard. At dei har nydeleg lutefisk, kan eg stadfeste, eg kom ikkje til ribba og pinnekjøtet.

Vi hadde fått **Bjarne Tveiten** til å fortelje om prosessen bak boka med same tittel som dette innlegget. Det vart ein interessant halvtime der han fortalde om dei mange trådane som har ført til praktverket. Han synte oss trådar frå eit fag i lokalkunnskap på Hovden vidaregåande skule si linje for servicenæringa der han hadde medverka med lokalt stoff. Dette hadde ført til eit omfattande stoff om aktuelle hendingar i Bykle, noko som Bjørnar Mørenskog hadde fanga opp og sendt ein tråd til teiknaren Egil Torin Næsheim, som hadde tent på ideen og enda opp med eit kartmåleri som i dag heng på Bykle Fjellstoge. Då Bjarne fekk sjå det, losna ein skrivetrong som etter kvart hadde blitt til eit manuskript. Med gode kommentarar frå interesserte medspelarar hadde det heile så utvikla seg slik at teiknaren hadde gjennomillustrert boka om Underet i Breive.

Eg er imponert over norsklæraren som kastar seg ut på djupet med ei novelle som kan illustrere pilegrimstradisjonane i Øvre Setesdal. Ein ting er å oppmuntre elevar til å skrive, noko anna er å ta pennen fatt sjølv. Men Bjarne tok utfordringa, og måten det er gjort på, får oss til å ønske fleire bøker frå hans hand. Teikningane på kartmaleriet skulle gje grunnlag for 20 bøker, minst.

Det må vere flott å få starte pensjonisttilværet med å fullføre ei slik oppgåve. Boka er trykt i 1000 eksemplar, og ei veke etter lanseringa er truleg 700 selde, så mange av lærarane nytta høvet og sikra seg sitt eksemplar denne kvelden.