Alle innlegg av Harald Haugland

Lisle joleptan

Share

**Jaktar på folk som jobbar i jola**

Sigurd Haugsgjerd skreiv dette på side 14 i Setesdølen fredag 15. desember:
Valle Radio satsar også i år på storsending vesle jolaftan, med utereportar og live-innslag frå innspurten i jolehandelen i Valle sentrum frå klokka 17 til 18. Seinare på kvelden blir det variert og allsidig program frå studio der vertane Ørnulf Hasla og Bjørgulv T. Berg vil ha kontakt med folk som må arbeide i jolehelga.

-Tips oss om nokre av dei som held hjula i sving anten dei no er i Nordsjøen, på kraftstasjonane eller for den saks skuld på alders- og sjukeheimen, seier Ørnulf Hasla. Poenget er at dei har ei viss tilknytning til radioen sitt nedslagsfelt, altså Valle og Bykle eller deler av Bygland.

**Jol på hyttene**
Sendinga vesle joleaftan byr også på innslag frå utereportar som tar pulsen på hyttefolket si joleførebuing. For det er faktisk slik at mange feirar jol på hyttene sine. Også desse er ein stadig meir integrert del av både bygdebiletet og radioen sitt lyargrunnlag.

**Tenk deg om!**
Men for å få fart på telefonane til alle dei valldølar eller hylstringar som er på jobb eller vakt ein eller annan stad i inn- eller utland, så kan du hjelpe radiovertane med alt no å ringe Ørnulf Hasla på tlf 971 53214 eller Bjørgulv T. Berg på tlf 958 37610.

Valldøar finst det då over heile verda, så det er berre å tenkje seg litt om. Då kan du overraske nokon kvar om du får dei på lufta like etter at det store gratislotteriet og folkevrimmelen i Valle sentrum på vesle joleaftan.

Setesdal Roots Band

Share

Programleiar for Open sending i går kveld, Rolf Erik Homme, er medlem i gruppa Setesdal Roots Band. I går gjekk dei til topps på Sørlandstoppen med meir enn dobbelt så mange poeng som neste på lista. Den humoristisk låten Stiv og støl er frå den nye plata deira. I dag var det eit stort oppslag i Fædreøamdsvennen. Oppslaget er diverre ikkje lagt ut på nett enno, men hos NRK finn du informasjon med bilete. Sjå http://tinyurl.com/ye4juk

I tillegg til Rolf Erik er Ivar Olav Hovet og Terje Emblemsvåg frå Valle med i gruppa. Dei er modellsnekkarar på Valle modellverkstad. Eg er ikkje sikker på om det er flytta til Kristiansand enno.

Elles i bandet finn vi folk frå Bygland: Mona Ida Håvorstad Frøysnes, mannen hennar, Vidar Frøysnes og Karna Frøysnes, som har gått på musikklinja på Valle vidaregåande skule. I tillegg til å spele er det fleire i bandet som syng, noko som gjer at bandet varierer uttrykket mykje. Mona Ida og Vidar fekk Målprisen i fjor for bruken av nynorsk i songane sine.

Rolf Erik sine songar har vore populære her på Valle radio, så vi må vel skaffe oss plata snarast råd.

Heimesida til Mona Ida er interessant, der finn du meir stoff
http://www.monaida.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=18

Open sending onsdag 13. desember

Share

Ansvarleg for sendinga var Rolf Erik Homme. Med seg i studio hadde han Kjell Olav Uppstad. Telefonvakter var Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen.

Tema for rebusane i kveld var jol, og telefonen var livleg med mange helsingar. Grunnen til det var nok at Ingebjørg Ellinor Rysstad hadde bursdag og fekk helsingar frå vener.

Premiane gjekk til
Nina Helle – Radio
Ellen Lien – Fotbad
Else Gyro Rysstad – Termos med kopp
Berit Homme – Jolepynt
Gyro Trydal – Ryggsekk
Jorunn Andersen – Krus

Postludium tysdag 5. desember 2006

Share

Denne kvelden hadde Niklos K. Besteland sett saman eit program til advent:

Samuel Scheidt (1587-1654) Nun komm der Heiden Heiland (Folkefrelsar til oss kom), koralmotett for 8 stemmig dobbeltkor. Ulrich Stötzel dirigerte Siegen Singgemeinde. Plata var LP Laudate 91552

Gottfried August Homilius (1714-1785) Machet die Tore weit. Motett ved Stuttgart kammerkor dirigert av Frieder Bernius på Carus CD 83210

Johann Sebastian Bach (1685-1750) Preludium og Allabreve i G-dur spelt av Jan Kleinbussink på orgelet i Deventer. Plata heiter Tussen Bach und Mendelssohn.

Charles Alexis Chauvet (1837 -1872): Premier Dimanche de l’Avent nr 1 i d-moll frå samlinga 9 offertoires, spelt av Jawurd Amade på orgelet i St. Ouen klosterkyrkje i Rouen.
Plata var Chamade CD 5647

Ludvig Nilsen (1906-2001) Fuge over Veni redemptor gentium frå Opus 52 spelt av Harald Rise på orgelet i Helligåndskirken i København Victoria CD 19061

Så kjem han att med eit nytt program om 14 dagar.

Kommunen informerer

Share

Onsdag 6. dewsember var driftssjef Ingvar Nes på plass i studio for å vere med i programmet Kommunen informerer. Tidlegare hadde Bjarne Voldseth vore og fortalt om Syngjandi sin jolekonsert, og teknikar Gudrun Rysstad syng og i koret, så då hadde vi tre stemmer, og eg føreslo at dei kunne jo ta ein trall, men dei meinte at folk fekk heller kome på konserten den 17. desember i Bykle klokka 17 eller Valle kyrkje klokka 1930.

Ingvar hadde med seg eit rykande ferskt nummer av Bygdenytt og minna om fleire ting:

1. Om du skal søkje bustønad, kan du vende deg til Velkomstsenteret.
2. DVD med Kardemommeby kan vere ei fin jolegåve. Kan kjøpast hos Hasla i Valle sentrum eller Valborg Nomeland på Rysstad.
3. Ungdommens kulturmønstring for Btykle og Valle vert onsdag 7. mars 2007 i Bykle samfunnshus.
4. Møykjerommet er ope frå 2. joledag til laurdag 30. desember, alle dagar frå 16-22.
5. Bamsfest på biblioteket torsdag 21. desember kl. 17.00 Ljosbilete Snekker Andersen og jolenissen.

Elles kunne han fortelje om nokre av tiltaka som er aktiviserte i budsjettet for 2007. Dei kjem vi nok tilbake til seinare.

Syklar til Cuba

Share

Onsdagskvelden fekk vi kontakt med **Annbjørg Uppstad**, som saman med **Sigrunn Askland** er på Cuba for å hjelpe **Jan Olsen** med å tøme containarane med syklar som mellom anna Valle skule har samla inn til prosjektet Syklar til Cuba.

Ho kunne fortelje at dei hadde kome til Cuba laurdagskvelden 2. desember og hadde hatt eit par rolege dagar medan dei venta på at containarane skulle kome. Dei budde like på stranda, så det var lett å springe ut på ein liten pir og hoppe i havet. Men det hadde vore problem med å få ferskvatn til å dusje i, sjølv om det etter kvart løyste seg. Onsdag heldt dei på med utpakking, og frå torsdag skulle dei rundt på skular og dele ut syklar og anna til dei som ikke har så mykje som vi i rike Noreg.

Annbjørg kunne fortelje at det var mange nordmenn som var med Jan der nede og at han fekk god hjelp. Mange frå Bygland og Evje, men og frå Arendal var det medhjelparar. Ho tykte det var interessant å sjå prosjektet på nært hald, og sende helsing heim til familie og kjende i Valle. Ho både filma og prøvde å gjere opptak som vi kan bruke i radioen når ho kjem heim att. Returen skulle gå denne helga, så ho rekna med å vere heime att til tysdag 12. desember.

Her er heimesida til prosjektet:
http://home.no.net/jaol2/startside.htm

Sissel Åkre om kulturhus og Kardemommeby

Share

**Sissel Åkre hadde eit lesarinnlegg i Setesdølen om kulturhus nyleg. Det hadde ho skrive på bakgrunn av erfaringane frå å vere deltakar i Kardemommeby-framsyninga som Valle kulturskule sette opp i haust. Eg fekk lov å leggje det ut på bloggen:**

KARDEMOMME, eit livgjevande krydder.

Etter 27 år i Valle kan eg, med hand på hjarta, seie at å få vere med på oppsettinga av
”Kardemomme By”, er det største eg har oppleva her.

Det var ei oppleving som romma alle kjensler: Angst, gruing, trøttleik, kaos, panikk, glede, samhald, kjærleik, lykke. Mest lykke. Over for ein gongs skuld å få oppleve valldølar og hylstringer, barn, unge, vaksne og eldre i eit konfliktlaust, konstruktivt, uvanleg, men inspirerande samvær og samarbeid. Som vara i eit halvt, kreativt år. Og det var sjølvsagt storarta å bli møtt med ovasjonar frå meir enn 600 menneske.

Eg voner det er skapt forståing for at kvalitet KOSTAR. Blod, svette og tårer….

**Mest** av intiativtakar og instruktør: Utan leiing av første klasse, ingen suksess

**Mykje** av alle som stod rundt oss som var med, dei fleste skulle hentast og bringast, som medspelarar i replikk-innøving, hjelp til å finna kostymar osb, men det må ha vore ei lykke å stille opp for ungar og ungdomar, til og frå slik livgjevande aktivitet som det er å skapa ei teaterforestilling.

Gjorde vi ein litt dårlegare jobb i perioden? Vart det lese lite leksar? Eg trur likevel vi alle går framtida i møte med meir energi og livsglede enn vi hadde før: Vi var mange i Valle kommune som fekk til noko SAMAN. Til glede for oss sjølve **og så mange andre**.

”Er ei slik gledeshending verd 11 millionar? 25 millionar?**

Å leggje til rette for å skape slike GLEDESHENDINGAR må kosta kva det kosta må! Kanskje nærare 25 enn 11 millionar, faktisk. Eit anna syn på kulturpolitikk er reaksjonært og uansvarleg!

Tilbake til ein del av kjenslene eg sit att med etter besøket i Kardemomme By: Kaos, panikk, gruing. Vi jobba faktisk i det totale kaos. Vi mangla garderobeplass, sminkerom, kulisseplass, ljos, lyd, opphaldsstad mellom sceneskitfta. Det vart improvisert over ein låg sko, glade amatørar trødde til på alle arenaer. Den gleda er ei skjør glede!

**Riksteateret**
Som alle veit er det mange år sidan vi har hatt vitjing av til dømes RIKSTEATERET. Mang ei stor kulturhending har gått oss hus forbi i mange år no.

Etter å ha levd eit liv bak scena i Valle kommune forstår eg sjølvsagt kvifor. PROFESJONELLE UTØVARAR KREV KVALITET. OG KVALITET KOSTAR. Kanskje nærare 25 enn 11 millionar.

I St.meld. nr. 48 ”Kulturpolitikk fram mot 2014” står det mellom anna: ”…markedet er ikkje tilstrekkeleg for å sikre kvalitet, nyskapning og mangfald innan kulturlivet, difor må det offentlige inn med tiltak slik at kunsten og kulturen får muligheten til å spille sin viktige samfunnsoppgave”.

Der står også: ..”Det er heller ingen tvil om at det samla kulturtilbodet veks og vert meir variert. På dei fleste områda kan ein òg registrera ein auke i kulturbruken. Mykje tydar dessutan på at både tilbodet av og etterspurnaden etter kultur og kultutrrelaterte goder av ulike grunnar vil halda fram og veksa. Dette må sjåast i samanhang med ein jamn vekst i den moderne tenesteytande sektoren generelt, at utdanningsnivået aukar, at det vert meir fritid og større fleksibilitet i arbeidslivet og ikkje så skarpt skilje mellom arbeid og fritid. …. Kulturbruken aukar naturleg nok med betre tilgjenge….. Avstanden er lengst til konsertlokale og teater. Tilgjenget har endra seg dei siste åra, og i store deler av landet er det eit tydeleg ynskje om at tilgjenget må verta betre….”

I Samandraget i Stortingsmeldinga står det: ”..Det er viktig å leggja til rette for mangfaldet innanfor kulturlivet. Eit bredt spektrum av skapande, utøvande, dokumenterande og formidlande innsatsar frå alle delar av kulturfeltet er ei verdfull motvekt mot den einsrettande krafta ulike komersielle krefter i samfunnet kan representra.

Eit aktivt og engasjerande kulturliv er viktig både på individ- og samfunnsnivå. Ein dynamisk og pulserande kultursektor som kommuniserar godt med breie brukargrupper er eit uunnverleg aktivum for landet. Kultursektoren er kjelde til kreativ inspirasjon, kunnskap og opplevingar for alle aldersgrupper – både for folk flest og for avgrensa grupper med særskilte interesser og behov…”

Vi anerkjenner alle at idretten har gode kår her i kommunen. Vel unt, det.

Men nok er ikkje nok.

Eg voner lokale politikarar, kulturpersonligheter og fylkespolitikarar forstår, og anerkjenner alvoret i konsekvensane for Valle kommune i **KULTURHUSSAKA**.

Eg vonar det finst MODIGE, KREATIVE, RAUSE kultur- og politisk skolerte menneske som kan vera med og driva denne saka framover OG I MÅL! FOR DET HASTAR NO.

Kardemommelova er ikkje god nok for Valle, når den seier: ”…og for øvrig kan man gjøre som man vil…”

Men: ”Man skal ikke plage andre, man skal være snill og grei….” Til beste for barn, unge, vaksne og eldre i Valle kommune! DET kostar!

Sissel Åkre

Takk for respons

Share

Etter kvelden i går har eg fått ganske mykje positiv respons, ikkje minst på Open sending, der Hanni Podt var gjest og tema var Nederland. Sjølvsagt var elevane i klassen positive, nokre av dei hadde høyrt heile kvelden, til og frå, slik ein gjerne gjer, men ikkje minst på klassekameraten sin. Ho hadde fortald ting dei ikkje visste, mellom anna at ein kunne ete tulipanløk. Dei kommenterte og at ho hadde vore på campingtur i Noreg med ein baby på 9 månader.

Eg har og fått kommentarar i høve til gjestene eg hadde med i nyhetstimen. Folk som kjenner Baba syntest nok at han var noko nervøs til å begynne med, men etter kvart gløymde han å vere nervøs og prata meir slik dei kjende han frå møte i idrottshallen. Engasjementet hans hadde dei respekt for.

Å gje plass også for nye innbyggjarar i Valle er ei av oppgåvene til Valle radio. Då dette året starta, var innvandrarbefolkninga i Valle totalt på 63 personar, det vil seie nesten 5 prosent av alle dei 1348 som budde her i kommunen. Av desse var 30 frå vestlege land og 33 frå ikkje-vestlege land. Sjå tabell hos Statistisk Sentralbyrå:
http://www.ssb.no/emner/02/01/10/innvbef/tab-2006-05-11-10.html

Eg fekk og kommentar på musikken. Den var annleis enn han brukar å vere, og det var sant. Det var mange songar frå joleplata til Syngjandi, men også den andre musikken vart omtala som god å lytte til og ei fin avveksling frå hardare musikk, som vedkomande sa. Eg sender det tilbake til Hanni, som hadde funne musikk til Open sending. Ettersom det ikkje var helsingar denne kvelden, fungerte det fint å nytte hennar musikkval, som både eg og Gudrun i teknikken sette pris på.

Når eg har hatt sending, treng eg ei stund for å tenkje gjennom det som har skjedd i løpet av kvelden. Ikkje alltid hugsar eg alt. Kommentarar frå lydarar, anten eg møter folk på gata eller elles, er kjærkomne innspel, og det trur eg dei fleste av oss som lagar program er samde i.

Difor er eg takksam for respons. Eg vonar de som høyrde på, hadde ein triveleg kveld med Valle radio, anten de fekk med dykk alt eller de bare var innom ei kort stund.