Alle innlegg av Harald Haugland

Bokaktuelt til barn og unge til jol

Share

I samtalen med biblioteksjef Lisbeth Dalquist Homme fortalde eg om korleis eg kjøper jolegåver på internett, og at det ikkje er alle bokhandlarane på
http://dogbert.abebooks.com/
som sender bøker til Noreg. Ho hadde med nokre bøker som ho tenkte kunne vere aktuellt jolegåver:

1. Barbro Lindgren/ Eva Eriksson:
a. Påls bamse
b. Påls balje
c. Påls bil

Dette er små peikebøker på 30 sider som ein kan nytte frå to års alder og så ta fram igjen når barnet lærer å lese.

2. Maria Parr: Vaffelhjarte
Dette er ein debutroman som og er frå Samlaget, altså nynorsk.

Sjå linken her:
http://barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&file=print&id=313

3. J. K. Rowlings: Harry Potter og halvblodsprinsen

Om guten eller jenta les mykje, kan Harry Potter vere aktuelt. Då siste boka kom i haust, selde dei 9 millionar på 24 timar. Det var den engelske utgåva, men Lisbeth trur at mange får denne boka til jol i år.

Det er også andre fantasy-bøker:

4. Skammaren-serien
Bøkene kostar under 200 kroner.
Om du går til forfattaren Lene Kaaberbøl på Samlaget si heimeside, finn du meir.
http://www.samlaget.no/forfattar.cfm?id=2616

5. Susanna Clarke: Jonathan Strange & herr Norrell
Denne boka er på 888 sider og kostar 399. Den er svært populær på Deichmann-biblioteket i Oslo, men Lisbeth har ikkje fått den til Valle enno.

Wikipedia har ein omtale av denne boka,
http://no.wikipedia.org/wiki/Jonathan_Strange_og_herr_Norrell

6. Heikki Gröhn: Mika blir gått ifrå
Biletbok til eit par hundre kroner frå Samlaget

http://www.samlaget.no/item.cfm?id=13915&read=lang_omtale

7. Torun Lian: Adam den tredje i fjerde
På barnebokkritikk.no er det omtale av boka. Sjå her:
http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=306

8. Rune Belsvik: Tøddel Blisterplytt
På barnebokkritikk.no er det omtale av boka. Sjå her:
http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=314

Åtte titlar og meir til på 25 minutt i Valle radio. Merk dette innlegget på bloggen og skriv det ut, så er det bare å ta turen til bokhandelen for å kjøpe den beste jolegåva, hard og innhaldsrik….

Harald

Musikk i advent 3

Share

I dette programmet nytta eg plata Fra hver en verdens krok. Julesanger med Ålesund Kammerkor, dirigent Kåre Hanken. Her finn du heimesida, men link til plata fann eg ikkje.

http://www.kor.no/kor/index.cfm?kor=261

Eg spelte desse kutta:

1. Nå julens klokker kimer
2. Englar kved i høge kor
3. Sjå i mørke vinternatt
4. Stilla natt
5. Mary had a baby, my Lord
6. Ding dong, merrily on high

Norea Mediemisjon i Valle radio

Share

Kvar veke leverer Norea Mediemisjon i Kristiansand tre program til Valle radio. Det er Over ein open Bibel, Noreamagasinet og Møteplassen. Heimesida til Norea er
her
http://www.norea.no/
Ta turen innom og sjå på denne sida.

I kveldens Over ein open Bibel var det Egil Grindland som hadde andakten. I Noreamagasinet var det ein samtale med Birgit Strøm, mor til Titten Tei, om Barne-TV før og no, det var og ein reportasje om IKO, som meiner at foreldre må få hjelp til å å gje barna kristen oppseding. I tida før jol les og Tove Houck Adventsdikt i dette programmet. Og i Møteplassen hadde Ragnhild Kristine Vartdal ein samtale med filosofen Nina Kari Monsen. Ho held fram med denne samtalen neste veke.

Eg kunne nok ønskt at dei hadde lagt ut meir info om desse programma på heimesidene i Kristiansand, så slapp eg å skrive det her, men kunne bare lage ein link. Kanskje ein gong i framtida…

Harald

Jolesongar er kjernekunnskap. Kåseriet

Share

I går, måndag, hadde eg gleda av å vere på Mandal Alders- og Sykehjem då dei hadde joletilstelning på Aktivitetsstua der. Reidun jobbar der, og ho hadde bede meg lese Ajax og spele til jolesongar. Når det gjeld Ajax, har denne Stavanger-forfattaren skrive mange fine soger om Johanna og Broremann. Lillebror undrar seg på mange ting, og storesøster prøver å svare.

Det som likevel gjorde mest inntrykk på meg, var sangen. No spelar eg ikkje så mykje piano lenger, men jolesongane ligg på eit vis i fingrane, ikkje minst var eg ofte ute og spelte på joletrefestar då vi budde på Stokmarknes i Vesterålen. Så opplevde eg at forsamlinga på vel 30 personar høgt oppe i åra, etter kvart kunne syngje ut og nesten overta styringa frå pianoet. Jolesongane var til glede, og eg sat og spelte og tenkte på at her kom joletrefestane frå ungdomen fram i minnet til dei som var til stades.

Då var det jo heilt naturleg å ramme inn kåseriet denne kvelden med eit par jolesongar. Sissel Kyrkjebø song Mitt hjerte alltid vanker og Whence is that goodly fragnance flowing frå plata Julekonserten, der ho er saman med Ole Edvard Anthonsen og Wayne Marshall, Polygram 1996.

Ein annan grunn til glede denne kvelden var at arbeidet med å fornye det tekniske utstyret i radioen går framover. I lang tid har eg ønskt at apparatet som koplar Valle radio saman med Bykle skulle få ein betre plass, slik at ein lettare kan fylgje med på kva som skjer når ein trykkjer på knappane. No har det skjedd, og denne kvelden var den fyrste det lukkast meg å kople opp utan at Hallvard måtte kome og hjelpe meg.

Hurra!

Program i veke 50 – 2005

Share

Tysdag 13. desember

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Egil Grindland
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Musikk i advent 3
20:00 Bokaktuelt. Jolegåver til barn og unge. Biblioteksjef Lisbeth D. Homme
20:30 Postludium. Orgelmusikk til jol.

Onsdag 14. desember

Ansvarleg: Theis Salvesen
Teknikar: Ørnulf Hasla

18:00 Aktuell time. Theis med gjest Anna Stella Karlsdottir
19:00 Kommunen informerer. Varaordfører Olaf Henrik Homme
19:30 Tankar frå Bibelen. Håvard Viki
20:00 Næringsliv i Valle. Olav K. Hovet
20:30 Min musikk. Tarald Myrum
21:00 Open sending med Theis med gjest Jorunn Helle

Open sending onsdag 7. desember

Share

Her hadde eg laga rebusar frå Setesdølen tysdag 6. desember. Karin Bøe var gjest, ho hadde gjeve vevstoga Valle Vev fri denne kvelden. Men vi snakka litt om Setesdal Regionråds gåve til Kirsten Bråten Berg i høve tildelinga av St. Olav. Teppet, som var mastergradsoppgåva til Karin, hadde fått fin eksponering i avisa, og sjølv hadde ho høyrt reportasjen i Valle radio dagen etter tildelinga.

Deretter var det tid for oppgåvene, og dei som kom inn i studio, fekk julesongar som ekstraoppgåve. Det førte til triveleg prat når eg spela jolesongar frå ei SKRUK-plate, men snakka over begynnelsen, slik at oppgåva ikkje skulle vere alt for lett.

På halvannan time løyste vi 9 rebusar, og Ellen Lien vann sekken, medan Pål Dale fekk rosa.

Aktuell time og Kommunen informerer onsdag 7. desember 2005

Share

1. Valle sparebank opnar kontor i Kristiansand
Torleif Hovet og Tor Arild Rysstad kom i studio for å fortelje om at Valle sparebank i januar opnar kontor i Markens gate 2. Banken har 1000 kundar som bur i Kristiansand og vonar at dei vil ha nytte av kontoret. Samstundes ser dei at det gjennom Terra-samarbeidet er mogleg å få fleire kundar i personmarknaden.

Fædrelandsvennen skreiv om dette alt i sommar, sjå
http://www.fedrelandsvennen.no/naringsliv/article287180.ece

2. Setesdal Regionråd har hatt møte tysdag 6. desember
Sjølv om det såg ut til å vere mange møte denne dagen ut frå annonsen i avisa, skuldast det prinsippet om gjennomgåande representasjon, fortalde Arne Tronsen. -Det er dei same folka som har ulike hattar på seg. Regionrådet har stått for praktisk tilrettelegging, og dei hadde også møte der dei mellom anna vedtok å auke bompengesatsane. Om to år er det slutt på bomstasjonen på Vassend, grensa mellom Bygland og Evje. Deretter vert det innkreving i begge retningar på grensa mellom Valle og Bygland.

Truleg vil Iveland gå ut av samarbeidet i 2007. Det var også to interessante foredrag av folk som ser på regionalt samarbeid med andre briller; Paal Helge Haugen tala om “Kva skal vi med Setesdal i ein globalisert verden?” og Tarjei Haugen tala om “Natur og kultur som grunnlag for utvikling av tettstader.”

3. Ungdomsprosjektet i VAFA
Torjus Uppstad og Toralf Andersen orienterte om rapporten som er lagd fram om Ungdomsprosjektet 2005. VAFA vil gå vidare og prøve å få til eit tilsvarande prosjekt til sommaren. VAFA har i stor grad hatt innsatsen retta mot vatna på heia, men det er viktig å ikkje gløyme Otra. Dei som fiskar med ruser på Rysstad får stor og fin fisk, men sportsfiske er svært vanskeleg på grunn av alt krypsivet.

Aktuelle saker på kultursektoren.
Hege Sandhaug fortalde at i Valle kommune er det rektor Leif Kvinlog som er kontaktperson for Den kulturelle skulesekken. Ein arbeider for å få produsert lokale program som kan nyttast i denne samanhengen.

Ho fortalde og at hennar stilling er delt med 50% når det gjeld kulturarrangement og 50& til å vere prosjektleiar i driftsetaten og at mykje av tida til dette no har vore nytta til kursing.

Når det gjeld kultur, har det særleg vore program for born som Valle kommune har arbeidd med å skaffe til bygda, mellom anna fordi scenen i Storstoga ikkje er så godt eigna for større framsyningar. Men programma for born har vore populære, og også i 2006 vil det verte slike program.

Postludium 6. desember – Musikk til advent

Share

Dette programmet hadde Niklos K. Besteland ansvaret for, og han nytta desse platene i eit temaprogram over melodien Folkefrelsar til oss kom . Nun komm der Heiden Heiland – Veni redeptor gentium – ei salme av Ambrosius frå Milano ca 397, omsett til tysk av Luther og til norsk av Bernt Støylen.

1. Anne Karin Kåsa: Folkefrelsar til oss kom. Spor 15 på denne plata
http://www.mic.musiconline.no/shop/displayAlbum.asp?id=26900

Teksten og litt om advent kan ein lese mellom anna her:
http://www.nesteklikk.no/20021129/31118.html

2. Johannes Eccard (1553-1611) Nun komm der Heiden Heiland
Ackermann-koret frå Rosenheim, dirigent Fritz Kernich
CHRISTOPHORUS LP SCHOLX 73852

3. Dietrich Buxtehude (1637-1707): Nun komm der Heiden Heiland BuxWV 211
Domorganist Michael Pohl på orgelet i Berlin Domkyrkje.
Motette Ursina cd 11991 Dei har ei dårleg heimeside som bare syner bilete av plata når du søkjer med nummeret. http://www.motette-verlag.de/

Meir om
Buxtehude finn du her: http://jan.ucc.nau.edu/~tas3/buxtehude.html
Orgelet i Berlindomen: http://www.sauerorgelbau.de/berlinerdom.htm
Michael Pohl: Fødd i 1940. Utdanna i Berlin og Potsdam. Domorganist i Berlin frå 1993

4. J.S. Bach (1685-1750) Nun komm der Heiden Heiland. Orgelkoral BWV 599
Pieter Leebeek på orgelet i Hylestad kyrkje
SOS Records cd 9711-02 Sjå plata her: http://www.orgelmakerijsteendam.nl/engels/cd04.htm

Meir om
Bach: http://www.jsbach.org/
Skriv ei helsing til Pieter Leebeek, som reiste frå Valle til Østre Halsen i Larvik, men som no er
Kantor, Nanset
Pieter Leebeek Tlf. 33 13 16 60 (arbeid)
pieter.leebeek@larvik.kommune.no

5. Johannes Brahms (1833-1897) O Heiland reiss die Himmel auf, Op 74 nr. 2
Wuppertaler Kurrende, dirigent Heinz-Rudolph Meyer
Koret si heimeside er her:
http://www.wuppertaler-kurrende.com/cms/front_content.php

Meir om Brahms finn du her
http://www.johannesbrahms.org/

Her finn du teksten til O Heiland
http://ingeb.org/spiritua/oheiland.html

Wikipedia har ei side med link til notene og musikken.
http://www.cpdl.org/wiki/index.php/O_Heiland,_reiss_die_Himmel_auf_(Johannes_Brahms)

6. Eilert M. Hægeland (1951-2004) Sonata con Chorale over “Folkefrelsar til oss kom”. Spor 16 på denne plata
http://www.mic.musiconline.no/shop/displayAlbum.asp?id=26900

Anders Olav Hægeland har laga ei side med informasjon om Eilert
http://www.haegeland.no/

Orgelet i Flekkefjord kyrkje er bygd av Marcussen & Søn, men dei har ikkje noko heimeside.

Takk til Niklos for eit fint program.

Harald

Kjønnskvoteringsproblemet

Share

I kåseriet tysdag 6. desember tok eg opp eit tema frå sendinga fredag 2. desember.

I Setesdølen (sjå bloggen 4. desember) den dagen (2.12) stod det at det skulle vere kvinnekveld i Valle radio, Theis skulle ha med seg 4 kvinner i sendinga: Magnhild Bjørnarå som gjest i nyhetstimen, Marianne Fedde Lilland med nytt frå Hovden i den same nyhetstimen, Eva Olavsdotter i eit program om Rammstein og Birgit Attestog som gjest i Open sending. Eg lurte på om ikkje Theis fekk same problemet som styra i næringslivet, som heller ikkje klarer å leve opp til målsettinga om kvinner i styrene. Sjølv om det vart kalla kvinnekveld, var det 8 menn med i sendinga, og bare 4 kvinner.

Arbeiderpartiet hadde verdas tøffaste kjønnskvotering då dei vedtok 50 prosent kvinnerepresentasjon, men dei måtte langt ned på statssekretærnivået før dei kunne seie at regjeringa klarte å nå målsettinga etter valet.

Sjølv om intensjonen er god, er det ikkje alltid ein maktar å realisere den.

Før og etter kåseriet spelte eg frå plata Jol med Syngjandi, som har 12 kvinner og 8 menn på coveret, og såleis representerer radikal kjønnskvotering.

Harald

Musikk i advent 2

Share

Dette programmet klokka 19:30 tysdag 6. desember hadde internasjonal jolemusikk som tema og eg spelte desse innslaga:

1. Adams: O holy night. Pavarotti
På svensk: O helga natt
2. Mendelssohn: Hark! The herald angels sing. Bach Choir
På norsk: Høyr kor englar kved i kor
3. Adeste fideles. Pavarotti & London Voices
På norsk: Kom alle kristne
4. Away in a manger. Catharina Rogers & Bach Choir
På norsk: En krybbe var vuggen
5. Joy to the world. Joan Sutherland & Ambrosian Singers
På norsk: Gled deg du jord

Her finn du plata som musikken var henta frå (men med anna cover enn det vi har i radioen):
http://www.arkivmusic.com/classical/album.jsp?album_id=112

Harald