Kategoriarkiv: Ymse

Om Axel Krogh i Fædrelandsvennen i dag

Share

Over nesten heile side 8 i Fædrelandsvennen del 2 i dag skriv avisa om Olav Holen og arbeidet for å ta vare på huset etter diktaren Axel Krogh. I faktaruta «I korte trekk» heiter det:

Forfatteren Axel Kroghs (1892 – 1980) dikterstue på Langeid i Bygland har i mange år stått til nedfalls. Bygningene den er satt sammen av er 350 år gamle. Ildsjeler med interesse for den særmerkte forfatterens dikterstue og bøker prøver å redde bygningen og ta vare på Kroghs historie.

Artikkelen er ikkje lagt ut på nettet enno, men gå inn på http://fvn.no/ og søk, kanskje blir han lagt ut seinare. Du kan jo og slå opp i avisa, det er bilete ¨både Olav Holen og diktaren der.

Ikkje alle kveldar er like lette å lage radio

Share

Onsdag kveld er **Bjørgulv T. Berg** sett opp som programleiar og Rolf Erik Homme sett opp som ansvarleg for Open sending. Men ikkje alle kveldar er like lette å lage radio, og denne kvelden er ein av dei.

For det fyrste: Rolf Erik reiste til Peru på tre vekers ferie i dag. Men han hadde fått Jorunn Lund Harstad til å ta over, så siste delen av kvelden går nok greitt.

For det andre: Denne kvelden er det generalprøve på Kardemommeby. Bjørgulv har ei rolle i skodespelet som skal gå i Storstoga fredag kveld, laurdag kveld og avsluttast sundagskvelden. (Alle kveldar klokka 18 etter det eg veit.) Når du har ei rolle i eit slikt spel kan du ikkje seie at du ikkje kan kome på generalprøven. Men kva med radioen?

Eg meiner prinisppielt at vi må prøve å halde sendeplanen så sant det er råd. Det er på ein måte ei kontrakt med lydarane. Spørsmålet om å ikkje starte før til open sending klokka 21 er difor ei naudløysing som bør sitje langt inne. Kan ikkje ein annan programleiar overta?

Men sjølv hadde **eg** tenkt å reise til kysten onsdag ettermiddag, for eg hadde eit oppdrag der torsdag. **Ørnulf Hasla** er reist til Syden og er borte i to veker, **Theis Salvesen** måtte gå inn i Kardemommeby på kort varsel då ein annan av skodespelarane, Ingvar Nes, fekk dødsfall i familien og måtte hoppe av heile prosjektet.

Slik stoda er no har vi i haust fire programleiarar som pleier å kunne ta seg av fyrste delen av kvelden. Til vanleg pleier det å vere nok, kvar av oss får ansvaret for ei sending om lag ein gong i månaden, og vi synest det er greitt nok.

Den som etter oppsettet over var minst bortreist/ oppteken denne kvelden, var eg. Konklusjonen vart difor at eg får ansvaret for fyrste delen av kvelden, og så kan eg reise nedover når natta fell på. Det vert altså sending – denne kvelden og. Vonar du har høve til å høyre på.

Bøkene til Axel Krogh

Share

Eg gjorde eit søk i SAMBOK, adressa er
http://www.nb.no/baser/sambok/ på Axel Krogh. Då fann eg desse 15 titlane knytte til Axel Krogh (Dei eldste nederst):

Krogh, Axel – Det spiller i haugen 1939
Krogh, Axel – Sannsoga um Gildeteigen og pengarne hans 1936
Krogh, Axel – Den røde strid 1933
Krogh, Axel – Høst over Tordstun 1932
Krogh, Axel – Åsgrim Undbjørges arv 1931
Krogh, Axel – Skibet 1930
Krogh, Axel – Kjærlighetens krønike 1929
Krogh, Axel – Turid Dorge 1928
Krogh, Axel – Vagle 1927
Krogh, Axel – Jomfruens hjerte 1926
Krogh, Axel – Foged Carolius 1925
Krogh, Axel – Utenfor grinden 1924
Krogh, Axel – Muld og stjerner 1923
Krogh, Axel – Stålisen 1922
Krogh, Axel – Avdrift 1921

Boka av Eide nedanfor var ei bok Axel Krogh tilrettela for utgjeving. Dag Johan Beek har skrive ei lita oppgåve, ho er på 18 sider, om diktaren på HiA i 2000.

Eide, Arthur – Blandt byttekonefolket 1937
Beek, Dag Johan – Tema og tendenser hos Axel Krogh – den glemte sørlandsdikter 2000

Eit søk på nettet etter han gjev nokre titlar som er til sals i ulike antikvariat. Eg spurde Olav M. Holen i programmet onsdagskvelden 1. november om han ville kalle Axel Krogh for sørlandsdiktar, slik Beek gjorde. Det ville han ikkje, han er setesdalsdiktar, sa Holen.

På biblioteket i Valle har dei desse bøkene av Axel Krogh:
Sannsoga um Gildeteigen og pengane hans 1936 1 eks.
Høst over Tordstun 1932 0 eks.
Åsgrim Undbjørges arv 1931 1 eks.
Kjærlighetens krønike 1929 1 eks.
Turid Dorge 1928 2 eks.
Jomfruens hjerte 1926 1 eks.

Ta gjerne turen innom og lån bøkene. Du vil verte kjent med ein forfattar med spesielle kvalitetar.

Axel Krogh

Share

I programmet Samtale og musikk onsdagskvelden klokka 20.00 hadde eg fått med meg Olav M. Holen til å fortelje om forfattaren Axel Krogh. Det har vore nokre artiklar i Setesdølen om huset han budde i like sør for Langeid, for eigaren, Sigurd Helle, vil selje det til ein kjøpar som vil flytje det til Hovden. Sjå http://www.setesdolen.no/Gamle%20sider%202006/17102006.html

Olav fortalde at det var huset som førte til at han vart interessert i Axel Krogh. Han hadde Sigurd Berg til å restaurere ei bu i Støyledalen for 15 år sidan, og då sa Sigurd at du må sjå på huset til Axel Krogh, då vil du få sjå interessante bygningsdetaljar.

-Så eg stoppa der ein kveld og gjekk bortom. Døra var ikkje låst, så eg gjekk til og med inn, og det slo meg at det var ein spesiell dåm i dei gamle stokkane, nokre av dei er visst heilt på grensa til at dei skulle vore freda. Axel Krogh kjøpte eit par gamle hus og sette saman til dette huset, og her budde han heilt til Sigurd Langeid kjøpte det av han i 1973, fortalde Olav Holen.

Dette møtet med bustaden førte til at han vart interessert i å finne ut meir om forfattaren, og han har fått mykje stoff frå Tarjei Haugen i Valle og Einar Håland i Stavanger. Tarjei hadde teke med nokre tekstar av Axel Krogh i boka Setesdal og setesdølar. Poesi og prosa gjennom 1000 år (1993). Det er utdrag frå romanen Turid Dorge, Oslo 1928.

Tarjei skriv dette i margen: Axel Krogh (1892-1979) kom som gutunge til Setesdal fordi far hans, kunstmålaren Henrik Asor Hansen, arbeidde her i lengre periodar. Etter skilsmissa vart mora buande på Langeid saman med Axel og bror hans. I vaksen alder kjøpte han seg både skog og litt jord og sette seg opp hus, Dorgheim, som enno står der. Somme tider brukte han og etternamnet Fjalkekrone etter det skogstykket han hadde kjøpt. Budde storparten av livet på Langeid. Skreiv 15 bøker – romanar og noveller. I tillegg nokre artiklar og noveller i aviser og blad.

Einar Håland i Stavanger kjende Axel frå då han budde i Spania dei siste åra av livet. Han hadde fleire kassar med stoff som han overlet til Olav, mellom anna mange brev. Olav ser ikkje bort frå at det kan verte ei bok om denne særmerkte forfattaren med tida.

Mellom samtaleøktene spelte vi tradisjonsmusikk, og Olav hadde mykje interessant å fortelje. Axel Krogh var nok spesiell på mange måtar. Han melde seg inn i NS sommaren 1940 og skreiv nokre sterke artiklar i bladet deira. Men om hausten reiste han til Oslo og møtte leiarar i partiet, og etter kvart gjekk det opp for han kva han var med på, så han melde seg ut. I 1946 vart han stilt for retten skulda for landssvik, men han vart heilt frikjend, fekk ikkje bot eingong.

Axel Krogh var sterkt imot kristendommen, så sterkt at han ikkje kunne tenkje seg at han skulle gravleggjast på ein kyrkjegard. Han søkte difor om å verte gravlagt på det skogstykket han hadde kjøpt i Bygland, Fjalkekrone. På den tida måtte ein søkje Kongen om slikt, og han fekk etter kvart innvilga ønsket sitt. Men han døydde i Spania, der han budde dei siste åra av livet sitt. Truleg var det kostnadene med å føre han heim til Setesdal som gjorde at bror hans, som var fruktgrossist i Spania, valde å late han gravleggjast der nede, fortalde Olav M. Holen.

Eg vil kome tilbake med eit nytt innlegg på bloggen der eg skal ta med titlane på bøkene hans.

Premiar 1. november 2006

Share

I Open sending hadde eg planlagt å ha om fjell i Valle, og så ville eg ha med meg fjellklatraren Einar Tveit. Men han køyrer sement, og «det einaste eg veit er at eg ikkje veit kva tid eg er ferdig om kvelden,» sa han til meg då vi snakka saman. Eg vart difor sitjande aleine i studio med rebusane mine.

Til å ta telefonen hadde Jorunn Lund Harstad fått med seg Gudrun Nomeland, og dei tok hand om innringarane på beste måte. Her er fjella som det vart laga rebusar til, med innringarar og premiar:

Nomelandsfjødd – Gyro Trydal – klokke
Løefjødd – Johanna Solheim – Valle Radio-sekk
Svarvarnuten – Bjørg Svaland – Gåve frå Gyro S. Homme
Andenapen – Anne Lise Harstad
Homsfjødd – Anne Liv Mork
Einang – Torjus Homme – Hagereidskap

Kruset vårt vart trekt mellom alle som ringde inn, og det gjekk til Toril Lunden.

Takk til alle som var med i den opne sendinga denne kvelden.

Nyhetstimen 1. november 2006

Share

Denne kvelden fekk vi problem med å kome på lufta. Torleif Soltun Haugen vart helst litt varm i toppen før vi endeleg kom på lufta klokka 18:15. Då hadde han endåtil hatt kontakt med Jørund Georg Jore som var i Kristiansand for å finne ut kva som var problemet.

Fyrste temaet var at gaupa er komen tilbake til Valle. På telefon fortalde Bjørgulv N. Berg at han hadde mist ein vér på Uppstad sist veke. Folk som har peiling på dette hadde slege fast at det var gaupa, mellom anna ut frå bitemerker.

Anna Arneberg, som steller med jord og skog i kommunen, fortalde at dette var fyrste gong ho høyrde om slikt i den tida ho hadde vore i kommunen. I går hadde ho vore innanfor Everdalen for å leite etter to reinsdyrbukkar som var rapportert med horna innfiltrert i kvarandre. Det var ikkje råd å finne dei, så om dei hadde kome laus eller døydd, var ikkje godt å seie.

Deretter var det ein telefon til Torstein Sødal, som er på turne med Inger Lise Rypdal i samband med Aksjon Håp, som skal vere 10. desember. I morgon skal dei vere på Evje, der skal dei syngje saman med eit ungdomskor på Evje. I kveld er dei i Filadelfia, Vennesla. Konserten klokka 19.00 i Evje kyrkje er gratis og Sødal vona at folk frå Øvre Setesdal tok turen ned.

Neste innslag var ein samtale med Trond Støle om ungdomsarbeidet i Valle kommune. Det vil eg kome tilbake til i eit seinare innlegg på bloggen.

Til slutt fekk eg ein prat med Frode Buen om reiselivet i Setesdal. Den vil eg og kome tilbake til på bloggen i eit seinare innlegg.

Gratulerer med dagen

Share

I dag er det eitt år sidan eg oppretta bloggen. På denne tida har det blitt 350 artiklar om laust og fast rundt Valle radio.

63 artiklar fell i gruppa **program**, det vil seie det er oversyn over program som skal vere i radioen. Det er jo nyttig når vi har live streaming over Internett, for då kan folk sjå oversyn over programmet utan å ha Setesdølen.

Dei andre taggane er meir tilfeldige. Eg skulle nok gått gjennom stoffet og sett på taggar, for det er vanskeleg å finne fram i stoffet når det ikkje er tagga, det ser eg jo.

Nesten ein artikkel kvar dag heile året. Dersom du går gjennom stoffet, vil du verte overraska over kor mange tema vi har vore innom i løpet av dette året. Likevel fangar bloggen neppe opp halvparten av alt vi har hatt oppe. Mange sendingar har eg ikkje høyrt, nokre gonger har eg høyrt sendingane utan å skrive om stoffet.

Likevel er det altså blitt nærare 300 artiklar om emne som Valle radio har dekka i løpet av dette året. Setesdølen som avis kan ein ta vare på, kanskje til og med binde inn når årgangen er over. Valle radio kan ein ikkje fange på same måten, dermed er det fort at ein ikkje hugsar det som har vore oppe, sjølv om det bare er gått nokre månader. Bloggen fangar opp litt av det som rører seg i bygda vår og tek vare på det for ettertida.

Det er grunn til å gratulere meg sjølv med dagen i dag.:D

Program 31. oktober og 1. november 2006

Share

Tysdag 31. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Til oppmuntring
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Musikk til Bots- og bededagen og Helgemesse.
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 1. november
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefon: Jorunn Lund Harstad

18:00 Nyhetstimen
19:00 Kommunen informerer ved økonomiavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Samtale og musikk
21:00 Open sending

Program 31. oktober og 1. november 2006

Share

Tysdag 31. oktober
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Til oppmuntring
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland: Musikk til Bots- og bededagen og Helgemesse.
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 1. november
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefon: Jorunn Lund Harstad

18:00 Nyhetstimen
19:00 Kommunen informerer ved økonomiavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Samtale og musikk
21:00 Open sending