Kategoriarkiv: Ymse

Valle Modellverkstad

Share

I dagens Setesdølen kom endeleg ein politikar i Valle kommune på banen i saka om Valle Modellverkstad. **Formannskapsmedlem Pål Dale**, Kr. F., hadde eit lesarinnlegg i Setesdølen der han oppmoda politikarar og administrasjon til å bruke feriedagar for å sjå om arbeidsplassane på Rysstadmo kan bergast i kommunen.

Pål kallar Valle Modellverkstad for ei hjørnesteinsbedrift i kommunen. Truleg ser dei det ikkje slik i Kristiansand, det er bare tale om fem arbeidsplassar. Men det er ikkje talet på arbeidsplassar åleine som avgjer om ei bedrift kan kallast hjørnesteinsbedrift. I Valle er det minimalt med arbeidsplassar av denne typen. I 31 år har dei tilsette hatt høve til å arbeide med modellbygging for støyperiet i Kristiansand utan å verte vekependlarar. Alle år har arbeidet gjeve overskot i rekneskapen.

Ein stor del av desse 31 åra stod Knut O. Nomeland for transporten til Kristiansand. Når han ikkje lenger hadde høve til å kjøre, ser det altså ut til at transporten skal velte den vesle verksemda på Rysstadmo.

Eg søkte litt på Internett for å finne ut meir om bedrifta. Då fann eg dette i ei annonse dei hadde etter folk i juli:

«Vestas Castings Kristiansand AS er et støperi i Vestaskonsernet, beliggende på Dalane mellom Kristiansand og Mosby. Støperiet har spesialisert seg på produksjon av høykvalitetsprodukter til vindmølleindustrien, og har ca. 180 ansatte. Årsproduksjonen i 2005 var på 16.000 tonn til en verdi av 300 mill. kroner.

Vestas er verdens førende produsent av vindmøller og har alltid vært en av drivkreftene i vindindustriens utvikling. Konsernet har produksjonsavdelinger i 10 land, med til sammen over 10.000 ansatte.»

Vestas er eit dansk firma som held til i Randers. Dei har ei interessant heimeside på dansk, http://www.vestas.com/dk/profil/profil_kort_DK.asp
der ein kan lese om historia til selskapet. Truleg er ikkje 5 tilsette på Rysstad så mykje i dette store konsernet, og Valle kommune må nok kjempe hardt om dei skal klare å endre situasjonen for dei tilsette og sikre arbeidsplassane i kommunen.

Valle på Wikipedia

Share

**Wikipedia** – leksikonet som vert laga på dugnad på ei rekke ulike språk, både på bokmål og nynorsk, har når dette vert skrive 68.115 artiklar i bokmålsutgåva. Det har også artiklar knytt til Valle, det er etter kvart blitt så mange at dei har laga ein eigen kategori, det vil seie ei liste, med artiklar knytt til Valle. Til no er det 13 artiklar i tillegg til artikkelen om kommunen.

Wikipedia er eit interessant prosjekt. Kven som helst kan gjere artiklane betre ved å gå inn og legge til nytt stoff eller redigere i det gamle. Kvar dag er det mange som legg inn stoff som ikkje høver, gjerne artiklar om folk som ikkje det er naturleg å ha i eit leksikon. Men det er nok det mest moderne og oppdaterte leksikonet. Med alle feil og manglar er det eit stort prosjekt å ha fått inn nærare 70.000 artiklar, nokre av dei er det kanskje førti personar som har redigert.

Sjølv har eg lagt inn noko stoff på Wikipedia og ser klart at det ikkje bare er å skrive, ein må og ha noko å skrive om. Sjølv om ein har noko å skrive om, skal det og ha ei form som er objektiv, det er ikkje alltid like lett å få til. Men det er jo hyggeleg når ein får det til.

Ta ein tur innom, du og. Kan hende er det noko du ser som du kan rette på… http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Valle

Ingebjørg Bratland

Share

**Ingebjørg Harman Bratland** er ein av utøvarane på kappleiken i år. Ho skal ha konsert i Heddistoga saman med Kim Andre Rysstad laurdag 5. august klokka 20.

Ingebjørg var ferdig med 10. klasse i vår, ho er altså 16 år. Likevel er ho ein røynd kvedar og har delteke på landskappleiken sidan ho var 11. I vokal folkemusikk klasse C har ho vunne fire førsteplassar, i år vart det andreplass etter Margit Myhr frå Gol. Ingebjørg er frå Vinje, far hennar, Inge Sondre Bratland er søskenbarn til Sondre Bratland.

Etter kvart har ho blitt ein røynd kvedar som har delteke på mange ulike konsertar. Då Sissel Kyrkjebø var i Dalen i sommar, var Ingebjørg ein av dei som var på scenen før Sissel. Ho har og fått seg ei eiga gruppe, Hanning Kanning, der ho er vokalist med studentar frå folkemusikkstudiet i Rauland som musikarar; Anders Blystad (gitar), Maya Woldmo (torader) og Øyvind Skarbø (trommer, perkusjon). Med denne var ho på folke:larm, mellom anna.

**Kim André Rysstad** har og gode resultat å syne til frå Landskappleiken. I år vann han vokal folkemusikk klasse B.

Det bør verte fullt i Heddistoga i timen før premieutdelinga på Setesdalskappleiken i år.

Agder folkemusikkarkiv

Share

I dag var det eit oppslag av Ole Birger Lien i Setesdølen om Agder folkemusikkarkiv. No er Sigurd Brokke dagleg leiar etter at Harald Knutsen har fått permisjon i to år for å byggje opp ei felesamling i Bø.

**Meir enn 20.000 kutt**
Sigurd fortel at arkivet no har meir enn 20.000 kutt med opptak av gamle slåttar. Dei kan vere nyttige når nye folk vil høyre og lære viser og stev eller slåttar av gamle utøvarar som ikkje lenger er blant oss. Men arkivet gjer og opptak frå festivalar og arrangement no for tida og dokumenterer desse for framtida.

**1500 stev**
I samlinga er det svært mange stev, og der er både tekst og tone interessant. Difor har Agder folkemusikkarkiv hatt eit prosjekt for å skrive opp teksten og gjere det mogleg å søke innan tekstane. Alfred Ryningen har stått for dette arbeidet, og no er samlinga auka til 1500 stev.

Arkivet bør vel også oppdatere heimesidene sine slik at dei rette tala kjem fram. No står det 10.000 kutt på heimesida og 20.000 i avisa.

Ta ein tur innom Agder folkemusikk si nettside og sjå på alt du finn der. Kanskje er det tid for å lære eit stev eller to i sommar? Her finn du nettsida: http://www.folkemusikkarkivet.net/agder/index.html

Landskappleiken 2006 Beitostølen Del 4 Hardingfele

Share

Vi har tidlegare skrive om Knut Heddis Minne. Ingen av medlemene der deltok på Landskappleiken 2006 som solistar. Men ein solist frå Setesdal fann vi likevel, på femte plass i hardingfele klasse C:

**Spel hardingfele klasse C**
1. Silje Midtbø Vevle, Osterøy spel- og dansarlag – 115
2. Alexander A Røynstrand, Hardanger spelemannslag – 114
3. Erlend Apneseth, Indre Sunnfjord spelemannslag – 112
4. Eldbjørg Hemsing, Vårflaumen spel- og dansarlag – 109
5. Tor G. Hoslemo, Setesdal spelemannslag – 108
6. Åslaug Timenes Bell, Gaular spelemannslag – 101
7. Ingrid Heieren, Indre Sunnfjord spelemannslag – 95
8. Johanne Flottorp, Sørlandets spelemannslag – 92
9. Maria Skjeldrum Toppe, Fana spelemannslag – 85
10. Gard Nergaard, Kristiansand Spel og dansarlag – 83
10. Hogne Midtbø Vevle, Osterøy spel- og dansarlag – 83
10. Johanna Å. Mjeldheim, Osterøy spel- og dansarlag – 83
13. Henriette Funner Gjerjordet, Seljord spelemannslag – 75
13. Tommy Aannestad, Bø juniorspelemannslag – 75
13. Tore Martin Solhaug, Fana spelemannslag – 75
16. Sivert Andreas Holmen, Vårflaumen spel- og dansarlag – 73
17. Brage Thunestvedt Hatløy, Osterøy spel- og dansarlag – 72

Tor frå Bykle har vore ein engasjert og ivrig elev hos Marton Laksesvela på Rysstad. I fjor fekk han fjerdeplass i same klassen. Vi oppfordrar deg til å stå på vidare, vi treng rekruttering når det gjeld hardingfelespelarar i Setesdal.

Landskappleiken 2006 Beitostølen Del 3 Munnharpe

Share

Setesdal har dei siste åra hatt gode resultat i denne klassen. I år finn vi denne lista:

**Munnharpe senior**
1. Tom Willy Rustad, Ringebu Spelmannslag – 126
2. Jon Elling Buen Garnås, Spelemannslaget Bøheringen – 115
3. Hallgrim Berg, Ål spel- og dansarlag – 113
4. Arnt Magne Haugen, Ringebu Spelmannslag – 112
4. Sigurd Brokke, Setesdal spelemannslag – 112
6. Rolf Karlberg, Øystre Slidre spel- og dansarlag – 111
7. Thov G. Wetterhus, Numedal spel- og dansarlag – 107
8. Øystein Monsen, LfS – 106
9. Atle Tjønnås, Spelemannslaget Bøheringen – 94
10. Bjørn Sverre Kristensen, Hedemark folkemuskklag – 91

**Sigurd Brokke** er den setesdølen som har vore mest aktiv munnharpespelar på landskappleikane dei siste åra. Her er ei liste over resultat han har fått:

2002 Vågå – 2. plass
2003 Gjøvik – 1. plass
2004 Eidfjord – 1. plass
2005 Røros – 2. plass
2006 Beitostølen – 4. plass

Vinnaren i 2005 og 2006, Tom Willy Rustad, har vore lærar på folkemusikklina i Valle, men er no busett i Sør-Fron. Her er lenke til gruppa Kvarts, som har informasjon om han: http://www.kvarts.no/?go=omoss

Landskappleiken 2006 Beitostølen Del 2 Vokal

Share

Her er lista med resultata frå vokal folkemusikk:

**Vokal folkemusikk klasse B – 28 deltakarar**
1. Kim André Rysstad, Setesdal spelemannslag – 117
2. Åshild Vetrhus, LfS – 116
3. Stian Roland, Øystre Slidre spel- og dansarlag – 114
4. Kari Malmanger, Kvinnherad folkemusikklag – 113
5. Ingvild Lie, Øystre Slidre spel- og dansarlag – 109
6. Ingrid Storlimo, Søndre Trondhjems spellmannslag – 105
7. Sigrid Kjetilsdotter Jore, Setesdal spelemannslag – 102
8. Eirik Lohne Rongved, Osterøy spel- og dansarlag – 100
8. Elin Bråstøyl, Vinje dansarring – 100
10. Ragnar Nordgreen, Vinje spilemannslag – 99
11. Lajla Renate Buer Storli, Hardanger spelemannslag – 93
12. Ellen Therese Thuland, Indre Sunnfjord spelemannslag – 90
12. Karin Toeneiet, Numedal spel- og dansarlag – 90
12. Randi Øverbø, Seljord spelemannslag – 90
15. Kari Nellia Groven, Dansarringen i Telelaget – 89
16. Liv Helga Brokke, Setesdal spelemannslag – 88
17. Knut Erik Jordstøyl Vinje spilemannslag – 87
18. Åsne Marie Bergset, Numedal spel- og dansarlag – 86
19. Ola Fjeldet, Gausdal spelmannslag – 85
19. Sarah Nagell, LfS – 85
21. Asbjørg Ormberg, Jostedal spel- og dansarlaglag – 84
22. Eva Marie Skjeldrum Toppe, Fana spelemannslag – 83
23. Mari Jøndal Bjertnæs, Vågå spel- og dansarlag – 80
24. Espen Skjærbakken, Grenselaust – 76
25. Sapfo Maria Stavrides, LfS – 75
26. Charlotte Johnsen, Nordhordland spel- og dansarlag – 74
26. Kari Cecilie Lund, Glåmos spellmannslag – 74
28. Tarjei Lund Øvrelid, LfS – 68

**Vokal folkemusikk klasse C – 7 deltakarar**
1. Margit Myhr, Gol spel- og dansarlag – 113
2. Ingebjørg H Bratland, Vinje dansarring – 112
3. Knut Kjetilsson Jore, Setesdal spelemannslag – 97
4. Stine Jota, Trysil Knut dans- og spelmannslag – 88
5. Ingrid Bjørkelo Østmoen, LfS – 87
6. Mari Elise Lerdal, LfS – 80
7. Margunn Nesbakken Oma, Vallset folkedanslag – 78

I vokal var det fire deltakarar frå Setesdal, tre i klasse B og ein i klasse C. Kim Andre Rysstad vann i år. I fjor var han nr. 3. Då var Åshild Vetrhus nr. 1, i år fekk ho andreplassen. (Åshild Vetrhus er vokalist i folkemusikkgruppa ::tindra, som hadde plateslepp for si fyrste plate her i Valle i vår med konsert i Spelestoga.)

Sigrid Kjetilsdotter Jore og broren Knut fekk og fine plasseringar. I år var Sigrid nr. 7 i klasse B, i fjor var ho nummer 2 i klasse C. Knut fekk tredjeplassen i klasse C i år, det er grunn til å sende gratulasjonar til Kjetil Carolis Jore med familie for innsatsen.

Endeleg må vi nemne Liv Helga Brokke, som fekk ein 16. plass i klasse B. I 2002 i Vågå delte ho 5.-plassen med Kari Malmanger, som i år fekk ein 4. plass i denne klassen. Liv Helga har og gode plasseringar på Setesdalskappleiken tidlegare.

Landskappleiken 2006 Beitostølen Del 1 Lagspel

Share

Setesdølen melder at det var sterk innsats frå setesdølane på Landskappleiken. Etter det eg kan sjå frå biletet i avisa, var det folk frå Øvre Setesdal som representerte dalen. Det vil seie at dei har tilknytning til Bykle og Valle. Men ikkje alle er fødde og oppvaksne i Øvre Setesdal. Det gjeld i særleg grad **Spelemannslaget Knut Heddis Minne**, som delte førsteplassen i Lagspel hardingfele senior med Gamlebanken spelemannslag frå Indre Sunnfjord. Her er lista:

**Lagspel hardingfele senior**
1 Gamlebanken Spelemannslag, Indre Sunnfjord spelemannslag – 129
1 Knut Heddis Minne, Setesdal spelemannslag – 129
3 Haugesund spelemannslag – 122
4 Vårflaumen spel- og dansarlag – 110
5 Hallingdal låtelag – 109
5 Kristiansand spel- og dansarlag – 109
5 Numedal spelmannslag – 109
8 Seljord spelemannslag – 108
9 Spelemannslaget Bøheringen – 103

**Knut Heddis Minne**
Medlemene i laget er Monika Antun, Marton Laksesvela, Harald B. Knutsen, Knut Breivegen, Herbjørn Liahagen og Daniel Sandén-Warg. Alle er arbeidsinnvandrarar til Valle, bortsett frå Knut som er innfødd setesdøl. Øvingane har dei i stoga etter den legendariske spelemannen Knut J. Heddi (1857-1938) på Rysstad, soleis fall også namnet til laget på plass, heiter det i omtale av **CD-en LEA DEG**:
http://www2.nfd.no/manadens_mai03.htm

Her er resultata deira på landskappleikar:
2001 Rauland – Vinnar
2002 Vågå – Ikkje med
2003 Gjøvik – Ikkje med
2004 Eidfjord – Vinnar Bilete frå Eidfjord http://tinyurl.com/rzk4k
2005 Røros – Vinnar
2006 Beitostølen – Vinnar

Det betyr mykje for Valle å ha ei slik gruppe i bygda. Herbjørn Liahagen bur ikkje lenger i Valle etter at folkemusikklina på Valle vidaregåande skule er lagt ned og Harald Knutsen har permisjon frå stillinga som leiar for Agder Folkemusikkarkiv på Rysstad. Om gruppa klarer å halde saman, vil tida vise. Dei har betydd mykje for all folkemusikken, men særleg hardingfelespel, i Setesdal dei siste åra, og det vil vere eit stort tap for bygda om gruppa ikkje klarar å halde saman.

Frå Valle radio vil vi gratulere så mykje.

Kappleik og festivalar 2006

Share

**Setesdølen** melder at Kim André Rysstad gjekk til topps på Landskappleiken 2006 i Vokal klasse B. Vi gratulerer og syner til resultatlistene frå Landskappleiken:
http://tinyurl.com/mbxcs

Vi vil kome attende til nokre av resultata som gjeld Setesdal her på bloggen.

Siste helga i juli er det internasjonal munnharpefestival i Amsterdam. Fleire frå Setesdal har planar om å reise på festivalen.
http://www.muziekgebouw.nl/mondharpfestivaluk/  har meir stoff.

Her er heimesida til Norsk munnharpefestival, som skal vere på Rysstad 22.-23. september.
http://www.munnharpe.no/nmf_festivalar.html

Påminning

Share

Beth Kollé frå Seattle kjem med gruppa HARPA til Valle 21. juli. Dei er 8 personar som spelar keltiske harper, mellom anna. Eg skreiv om dei for ei tid tilbake. Sjå
http://valleradio.blogs.no/2006/06/19/to_konsertar_i_sommar~893482

No har eg fått tilsendt ei plate ho har gjeve ut. Den tyder på at det vert ein fin konsert i Valle kyrkje denne kvelden.

I sommar er det ikkje så mange konsertar i Valle, så du som er glad i levande musikk, bør prøve å få den med deg.