Kategoriarkiv: Ymse

Open sending med Rolf-Erik Homme

Share

Onsdag 16. november var det Rolf Erik Homme som hadde ansvaret for Open sending i Valle radio frå klokka 21.00. Han hadde fått med seg Henri Tore Viki, og rebusane var baserte på siste nummer av Setesdølen.

Det var ikkje noko stort rush med telefonar denne kvelden, det var landskamp i fotball mellom Noreg og Tsjekkia, og mange potensielle lydarar fylgde nok med på den. På vel halvannan time kom dei gjennom åtte rebusar med så varierte stikkord som juleeventyr, Gledeskompaniet, Tryllefløyta og rypejakt, for å nemne nokre. Johanna Solheim fekk ryggsekken, som er hovudpremie i radioen no.

Nokon stor flaum med helsingar er det heller ikkje i Valle radio for tida, men vi merka oss at det var helsing til Gudrun Rysstad, teknikaren vår, som fyller 50 år laurdag 19. november, men som reiser på feirereise, som dei sa.

Gratulerer med dagen, Gudrun!

Harald

Carl-Otto Schiørn i Valle radio

Share

Timen mellom 20 og 21 onsdag 16. november nytta Hallvard til ein prat med mannen som no har seld Hovdestøylen og som skal flytte frå Hovden, Carl-Otto Schiørn. Han kom i studio, hadde med seg hunden sin, noko lyttarane ikkje kunne merke, og i ein interessant samtale kom han inn på mange av dei folka han hadde samarbeidd med gjennom 35 år på Hovden.

Tuls og Carl-Otto kom til Hovden Høyfjellshotell og starta der 1. januar 1971. Det vart eit spennande liv, han var der i sju år, men då ville dei overta og det ville ikkje eigarane, dei ville bare gje 10%, og dermed slutta dei og starta for seg sjølv med å bygge opp Hovdestøylen.

I samtalen mintest han mange av dei som dei hadde arbeidd saman med opp gjennom åra. På grunnlag av ein annonse i Aftenposten hamna dei etter mange år på Grønland i Setesdal og ikkje på Kongsberg, der kona kom frå og der dei hadde planar om å byggje eit hotell nær skibakken. Men kommunen ikkje ville vere med på når det kom til stykket, no – etter 35 år – ser dei ut til å ville realisere det.

Ein innhaldsrik samtale med ein fargerik person.

Harald

Aktuell time og Kommunen informerer onsdag 16.11.2005

Share

Fyrste mann ut i kveldens sending var Tarald Trydal frå Setesdalslaget i Oslo, som no skal leggjast ned etter 60 år. Unge folk kjem ikkje på møtene, no var dei mellom 70 og 90 år. Tinga som laget har hatt, mellom anna ei fane, skal dei levere til Setesdalsmuseet.

Så gjekk Hallvard Kjelleberg til fjells og fekk Tom Kvinlog i Hovden Skisenterpå tråden for å snakke litt om førebuingane til vintersesongen på Hovden. Deretter hadde han ein prat med Jan Woitacek i Brokke Alpinanlegg om same temaet. Begge håpar at sesongen kan starte første helga i desember, og ettersom det er kaldt no, kan dei produsere snø med snøkanonar.

Som tredje innslag hadde han ein prat med Geir Osmund Wehus i Kreftforeningen region Agder om jobben. Wehus var pleie- og omsorgsjef i Valle i over åtte år før han for halvanna år sidan flytta tilbake til Øvrebø, der han vaks opp.

Til slutt fortalde Ragnar Ås om Jolemessa på Rysstad, som skal vere 19. november, og der målet er å få inn 300.000 kroner til Norsk Luthersk Misjonssamband. I år er det Gunnar Hamnøy som skal tale og Søgne Kristelege Song og Jaktlag som skal syngje, eit mannskor på 30 medlemmer.

Alle innslaga denne kvelden var på telefon.

I forhåndsannonsen av programmet her på bloggen stod det at ein skulle prøve å få med Jorunn Stiansen for fortelje om korleis det var å få ein dialektpris. Korkje ho eller NK i Valle sparebank, Torleiv Hovet, vart med i sendinga.

Fagansvarleg økonomi Wenche E. Gundersen i Valle kommune kom klokka 19 og kunne fortelje at kommunens budsjett for 2006 no var vedteke av formannskapet og difor torsdag 18. november skulle leggjast ut på dei faste plassane i kommunen til gjennomsyn. Ho gjorde også greie for rammer og tiltak som ligg inne i framlegget, som kommunestyret skal vedta før jol.

Desse 90 minutta frå 1800 til 1930 var krydra med variert musikk. Wenche hadde som vanleg med seg tysk musikk, noko vi ikkje høyrer så ofte i Valle radio.

Harald

Ei musikkhistorisk vandring

Share

I 1703 fekk Johann Sebastian Bach stilling som organist i Arnstadt. Han var bare 18 år, men alt då var han ein habil organist. Då han hadde vore der i to år, fekk han permisjon i 4 veker for å reise til Lübeck og høyre den store orgelvirtuosen Dietrich Buxtehude spele. Han var ein gamal mann, 68 år, men hadde ei konsertrekke seint på hausten som det gjekk gjetord om.

Truleg fekk Bach høyre det stykket vi sender fyrst i kveld, Buxtehudes Preludium i E-dur, BuxWV 141 då han var i Lübeck denne hausten.

Å gå frå Arnstadt til Lübeck tek si tid, det er 40 mil, så det er ikkje unaturleg at Bach tykte han fekk for kort tid i Hansabyen. Han blei der i 4 månader i staden for 4 veker.

Bach hadde ein eigen evne til å suge opp andre sine komposisjonar. I Postludium tysdag 15. november 2005 høyrde vi Bach: Preludium og Fuge i Ess-dur, BWV 552, spelt på orgelet i Martinikerk i Groningen av organisten Andreas Liebig, som var i Valle i haust og spelte i eit orgel- og folketone-program saman med Halvor Håkanes i Valle kyrkje. Særleg fugen har mykje likt med Buxtehudes verk. Temaet her liknar på melodien til salma Gud når du til regnskap kaller, på engelsk heiter melodien St. Anne etter komponisten Walter Croft, som var organist i St. Anne-kyrkja.

Liebig fortel på coveret til plata si at verket er det siste av dei frie verka til Bach, han publiserte det sjølv i 1739 som ein del av «Dritter Teil der Klavierübung.»

Element til kommentarane til dette programmet henta eg for ein stor del frå ein artikkel av Ove Kr. Sundberg i Aftenposten 2. oktober 2005. Link til denne finn du her:
http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article1125859.ece

Eit av måla med turen var truleg for Bach å finne ut om han skulle prøve å få stillingen etter Buxtehude, men det gav han seg på. For å få den måtte han gifte seg med dottera til Buxtehude, som truleg var dobbelt så gamal som Bach og neppe gjorde noko godt inntrykk på 18-åringen.

Vel heime måtte han tåle sterk kritikk av sin arbeidsgjevar, men i Lübeck fekk han rike impulsar til si seinare gjerning.

Harald

Bienes hemmelige liv

Share

Denne boka var tema for bokaktuelt 15. november. Boka, som slo ut Da Vinci-koden på dei amerikanske bestseljarlistene, er skriven av Sue Monk Kidd og er hennar første roman. Før dette hadde ho skrive tre fagbøker.

Eg har høyrt på boka medan eg køyrde mellom Valle og Mandal, to helger måtte eg bruke på dei sju cd-platene, til saman vel åtte timar. Det var interessant, eg lærte om både bier og folk. I grunnen er det ein roman om ei 14 år gamal kvit jente, Lilly, som rømer frå ferskenfarmen i Sør-Carolina saman med den svarte hushjelpa faren har leigd for å stelle for dei etter at mor til Lilly døydde i ei skyteulukke då dottera bare var 4 år.

Dei to flyktningane kjem til honningprodusenten August og dei to søstrene hennar, og der får dei bu. Honningen dei lagar heiter Svart Madonna-honning, oppkalla etter ein gallionsfigur av ei svart kvinne med knytta neve (Black Power) som dei brukar på honningkrukkene sine, men som og er sentrum i gudstenester dei har i heimen. Vi fylgjer kvinnene i eit lite halvår med stor verdi for liva deira.

Lisbeth fortalde at ho hadde to eksemplar av boka og lydbok på biblioteket. Både bøkene og lydboka har vore mykje på utlån, folk i Valle vil lese det som er populær lesnad andre stader. Ho har også mange andre bøker med tematikken kvit/svart frå USA og Sør-Afrika, men ho har ikkje andre skjønnlitterære bøker der bier er sterkt med i handlinga.

Sue Monk Kidd har eiga heimeside, og der finn du Reader’s Guide, aktuelle spørsmål ein kan grunne på når ein har lese boka.

Adressen til heimesida er
http://www.suemonkkidd.com/

Adressen til Reader’s Guide er
http://www.suemonkkidd.com/SecretLifeOfBees/default.asp
Nede til høgre på den sida finn du ein link til Reader’s Guide.

Det er også norske linkar du kan klikke deg inn på, til dømes Bokklubben:
http://www.bokklubben.no/SamboWeb/side.do?dokId=505645&rom=NB

Her finn du og intervju med henne. Sjå og NRKhttp://nrk.no/nyheter/kultur/forfattere/4780577.html
som har fleire linkar.

Har du lese boka? Send ein kommentar til Valle radio sin blogg.

Harald

Slik gjekk det

Share

Tysdagssendinga 15. november vart ikkje som planlagt. Geir skulle kople opp, men fekk ikkje kontakt med Bykle sjølv om han prøvde mange gonger. Til slutt gav han opp og spurde om eg kunne få det til. Men det var jo ikkje lettare for meg, så eg vart nøydd til å ringe etter hjelp. Då var klokka 18 og sendinga skulle begynne.

Det er godt å ha Hallvard i nærleiken. Han kom frå Motellet og sette i gang med same prosedyren som me hadde prøvd på i 20 minutt, men sjølv om han fekk kontakt, fall den ut att etter kort tid. Det gjekk nesten ein halv time før vi var på lufta, og kva som løyste problemet, er vi ikkje sikre på. Eg har mange gonger tenkt at det i vår tid burde vere lettare å kople opp, at nokon kunne programmere heile prosedyren på datamaskinen, slik at vi bare kunne trykke på ein knapp, og så gjorde data resten. Men så langt er vi ikkje komne enno.

Ettersom vi vart så seine, snudde eg litt på programmet. Først kom programma vi får frå Norea mediemisjon, som til vanleg går til halv åtte. Programmet eg hadde planlagt etterpå gjekk ut, og då kom vi i rute att til klokka åtte.

Vi arbeider no med å få musikken på datamaskin, og då sendinga var slutt, kom Hallvard bort og synte meg noko av det vi kan gjere når systemet kjem i gang. Men vi tykte nok at det gjekk noko seint å leite etter musikk på datamaskinen med det nye systemet, så det må dei nok forandre på.

Kåseriet heldt eg klokka 19:45. Eg tok utgangspunkt i at Kyrkjemøtet 2005, som går på Lillehammer denne veka, har tema Misjon og brukte litt frå stoffet eg fann på nettet frå møtet. Her er linken
http://www.kirken.no/nyheter/nyhetDet.cfm?pNyhetId=1155&pNyhetKat=Tema

Harald

Programmet i veke 46 – 2005

Share

Tysdag 15. november

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Geir Uppstad

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen.
19:30 Når ein kjær er gått bort
20:00 Bokaktuelt: Bienes hemmelige liv
20:30 Postludium. Buxtehude og Bach – eit 300- års minne
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 16. november

Ansvarleg: Hallvard Kjelleberg
Teknikar: Gudrun Rysstad

18:00 Aktuelt
19:00 Kommunen informerer.
Fagansvarleg økonomi Wenche E. Gundersen
19:30 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg
20:00 Hovdens mes kjende reiselivsmann takkar
for seg. Carl-Otto Schiørn reiser frå
Hovden?? Ein times tid med denne farge-
rike personen gleder me oss til.
21:00 Opi sending med Rolf Erik Homme og gjest.

Kunngjeringar og helsingar osb. 379 37577
Fax 379 37575 E-post: vallera@online.no
—————————-
I aktuelltimen skal me preke med Tarald Trydal, som
var seiste formann i Setesdalslaget i Oslo.

Me lyt høyre med NK Torleiv Hovet om kva dei har
funne på i banken denne seiste helga?

Me lyt og høyre med Geir Wehus som no er tilsett
i Kreftforeininga i Kr sand, korleis han har det i sin
nye jobb, og kva som er hjartesaka til Kreftforeininga
i 2006..

Jolemesse på Rysstad. Me slår av ein prat med
messegeneral Ragnar Aas.

Tom Kvinlog på Hovden Skisenter og Jan på Brokke Alpint
lyt me og få seiste oppdatering.

Kanskje, kanskje får me ein liten prat med
Jorunn Stiansen (IdolJorunn) om det å vinne målpris for sin dialekt.??

Negativ folketalsutvikling, men positive tendensar

Share

Kommunen informerer
http://www.valle.kommune.no/

Rådmann Vidar Homme fortalde om den negative trenden i folketalsutviklinga. Det er eit problem for offentlege tenester i bygda. Men det er også negativt for næringslivet i kommunen. I mange år har situasjonen vore at vi har hatt mellom 1400 og 1500 i 40 år. Men no er det nede på på 1370. Det offentlege har innskrenka, Agder Energi og Valle vidaregåande skule er stikkord, men også kommunen har innskrenka.

Likevel kunne rådmannen fortelje om positive tendensar, ikkje minst utbygginga på Furestøyl.
http://www2.brokke.com/
Her må kommunen ta vare på initiativet, det skaper optimisme i heile kommunen.

Han nemnde at han hadde vore i ungdomsskolen, og der var det ganske mange av elevane, særleg gutane, som hadde planar om å bu i Valle når dei vart vaksne. –Men vi har kanskje ein jobb å gjere for å halde på jentene, sa han.

Neste år vert det ført fram straum til hytter på Bjørnevatn. Det vil nok vere mange som nyttar seg av dette, og trenden går mot større hytter.

Men truleg vert det ikkje større hytter i Stavdalen og områda som lokale folk nyttar til hytteområde. Han fortalde også om restriksjonar på storleik og andre tilhøve i kommuneplanen.

Det vert no lagt fiber for å få breiband i heile kommunen frå Byklegrensa og sørover, med forgreining til Furestøyl og Bjørnevatn. Om fem år vil truleg breiband vere aktuelt for å sjå TV. Det kostar ein million pr. kilometer og er ein viktig del av infrastrukturen. Difor må det offentlege spele ein rolle innan dette.

I Telemark har det vore eit prosjekt for å få fristilt småbruk til sals, og i Valle har ein også tenkt på dette. Når eit bruk har vore for sal, har det vore stor interesse, slutta Vidar Homme, som vona at det kunne verte noko liknande i Valle.

Eg fann ein kronikk om det siste emnet i Bergens Tidende. Her er linken til den
http://www.bt.no/meninger/kronikk/article18326.ece

Har du synspunkt på folketalsutviklinga og kva kommunen bør gjere? Skriv på bloggen til Valle radio.

Harald

Fråhaldssak og sjukekøyring

Share

Dette var personar som var med og saker som var omtalte i nyhetstimen i Valle radio onsdag 9. november 2005:

Sissa Ringstad, kyrkjesjefen i Valle, skal med Kirkens Nødhjelp på studietur til Sudan. Det er 14 tilsette i kyrkja som skal vere med på turen. Kirkens Nødhjelp er Den norske kyrkja sitt bistandsarbeid.

Gro Haatveit Hovet har ei hjartesak som ho brenn for: Fråhaldssaka. Theis hevda at det var mange fråhaldsfolk i kommunen, men Gro hadde nesten ikkje møtt nokon, så ho trudde ikkje det ville vere grunnlag for å etablere ein losje eller fråhaldsorganisasjon. Ho meinte at folk måtte vere medvitne og tydelege i dette spørsmålet, men ho var ikkje mot sal av øl i butikkar. Der såg ho næringsinteressene som viktige.

Gunnar E. Helle, drosjesjåfør på Rysstad, fortalde om konsekvensane av at det frå nyår ikkje er avtale mellom drosjane i Bykle og Valle på den eine sida og Helse Sør. Folk vil då måtte betale for drosjekøyring og så søkje Trygdekontoret om refusjon etterpå.

Tallak Hoslemo, rådmann i Bykle, vart ringt opp. Han stoppa bilen på Granheim og fortalde at Bykle kommune har omorganisering på planen frå nyår 2006. Theis spurde også om oppslaget i avisa der grunneigarar på Breive har gått ut og vil nekta løypekøyring på sine eigedomar på Hovden. Han fortalde at kommunen har mange tiltak dei kan setje inn likevel. Dersom dei vedtek løype i kommuneplanen , vil grunneigarane vanskeleg kunne nekte løypekøyring.

Harald

Onsdagssending veke 45

Share

Ansvarleg: Theis Salvesen
Teknikar: Geir Uppstad

18:00 Nyhetstimen. Gjest: Gro Haatveit Hovet
19:00 Kommunen informerer. Rådmann Vidar Homme
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Setesdalsforlagets Ånund K. Homme
http://home.online.no/%7es.forlag/
20:30 Min musikk. Marianne Honningdal
21:00 Open sending. Gjest: Hege Sandhaug

Denne sendinga varte frå klokka 18.10, dei hadde litt problem med å få forbindelse med sendaren i Bykle, til klokka 22.45. Eg hadde høve til å få med meg det meste av sendinga. Noko av det avspeglar seg i andre innlegg på bloggen. Skriv litt dersom du høyrde på sendinga, du og.

Harald