Kategoriarkiv: Ymse

Tysdag 13. juni 2006

Share

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret med kåseriet «Den store klassefesten»
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Gunnveig Kaarvann fortel frå tur til Aserbadjan
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium med Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Songen frå Sion

Share

I morgon, laurdag 10. juni klokka 18.00 skal Kviteseid kyrkjekor framføre kantaten Songen frå Sion av Olav Mosdøl og Sigvald Tveid i Kviteseid gamle kyrkje i samband med opninga av Bygdetunet for sommarsesongen. Eg hadde program om dette tysdagskvelden.

Sundag 11. juni vert kantaten framført i Misjonshuset i Kristiansand. Det var eit intervju med Sigval Tveit om kantaten i Fædrelandsvennen i dag på side 28. Den er ikkje lagt ut på fvn.no til nå, men om den blir lagt ut, skal eg prøve å legge linken ut her. Det stod ein annan artikkel om Sigvald Tveit på fvn.no, og den linken får du trøyste deg med inntil vidare…:-)
http://www.fedrelandsvennen.no/kulturpuls/article308676.ece

Og her er ein annan artikkel om han frå Ballade:
http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005031412142835381551

Her er link til informasjon om Olav Mosdøl:
http://www.tm.fylkesbibl.no/telemarksportalen/mosdol_olav.htm
..og til heimesida hans
http://www.mosdol.no/

Bygdeutvikling på mange måtar 1

Share

Onsdag 7. juni 2006 hadde eg tema Bygdeutvikling i Valle radio. Frå klokka 20.00 sende eg eit intervju med Dag Jørund Lønning. Her er ei infoside om han: http://www.tmforskbo.no/medarbeidere/Detalj.asp?id=31

Her er første del av intervjuet:

HH: Bygdeutvikling er eit tema som har volda mange bekymringar og mange tankar. Folk flytter frå bygdene og ein veit ikkje kva ein skal gjere for å halde folk att. På Telemarksforskning driv de med studiar av dette meir profesjonelt, og då lurte eg på kva de driv med der. Du er fagleg leiar på dette med bygdeutvikling, Dag Jørund Lønning, har du vore det lenge?

DJL: Eg har vore ved Telemarksforskning sidan 2000, så det tek til å bli nokre år. Vi har bygd opp denne avdelinga rundt bygdeutvikling på denne tida, og det er eit svært spanande tema som eg nok føler at vi har eit nyvinnande fokus på. Vi har rett og slett flytta fokus frå det som har vore eit tungt diskusjontema, at bygdene har fokusert på manglar, på fråflytting, den negative vinklinga: på manglar. Vi snakkar no om kva bygdene har av ressursar, og vi er langt meir opptekne av tilflytting enn av fråflytting. Dette er eit perspektiv som etter kvart er i ferd med å vekse seg fram og det vert teke inn i ein del kommunar og regionar som synest dette er spennande. Ein kommune her i Telemark har lukkast godt med dette, noko som viser at ein kan nå langt i dag, sjølv om ein har alle desse såkalla infrastrukurelle faktorane mot seg, då tenkjer eg på Fyresdal, som er den minste kommunen i Telemark. Fyresdal er den kommunen som lengst frå eit større senter. Likevel har dei no ein veldig vekst både i næringsliv og i folketal gjennom at dei har tenkt som eg nett har nemnd: Vi fokuserar på kva vi faktisk har i staden for det som eg kallar «det evindelege gnålet» om kva bygdene manglar. Vi har ikkje nok diskotek, vegane er dårlege, osv., osv. Om vi heng oss opp i den måten å presentere staden vår på, så driv vi aktiv vaksinering av den komande generasjonen. Dei vil ikkje flytte til ein slik stad.

Vi lever i ei spesiell tid, der det med interesse, lyst og personleg ønskje og vilje står veldig sterkt. Det seier seg sjølv at då må ein bruke positive verkemiddel. Ein kan ikkje halde fram med maset om avstandar, fråflytting og elende, nedlegging og slikt. Det verkar ikkje.

HH: Fyresdal har klart dette?

DJL: Ja, der går det så det kostar etter, ikkje minst når det gjeld folketalet, det har jo flytta mange hollandske familiar dit. Tidlegare har mange nordmenn flytta frå Fyresdal, slike stader blir gjerne definert som «avkrokar» ellere med andre negative ord. Desse hollenderane kjem hit og opplever at dei har kome til paradis. Dei fokuserar på det staden har, det som fleire og fleire menneske i dag ser at dei manglar. Mange folk opplever at dei treng å ha rom rundt seg. Eg har jobba mykje med ungdom og bygdeutvikling, og det er i seg sjølv svært spanande.

Det har vore ein tradisjon for forskingsinstitusjonar å reise rundt og spørje kvifor ungdom vil flytte **frå** bygdene. Det kan jo vere interessant i seg sjølv, men det er like interessant å snu dette på hovudet, så vi har spurt byungdom om dei kan tenkje seg å flytte **til** bygda. Det viser seg at det er omtrent eit tilsvarande tal byungdom som kan tenke seg å flytte til bygda som talet på bygdeungdom som kan tenkje seg å flytte til byen. Bak begge resultata ligg det som eg var inne på om personlege ønskjer og interessar. Dei bygdeungdommane som ønskjer seg til byen, har ofte interessar som bygda ikkje kan tilby. Ofte er det knytt til ein urban livsstil med kaféar og liknande. Byungdomane som ønskjer seg motsett veg har det på same måten, dei har interesser som dei ikkje får oppfylt i byen. Deira interesse er meir knytt til rom, til natur, dyr og friluftsliv, og dei ønskjer seg til bygda. Vi ser flytting i begge retningar i dag, og det er viktig at bygdene er klar over at dette faktisk eksisterer, det er folk som er interessert i det ein har å tilby. Då er vår bodskap at du må bli best på det du har av ressursar. Du må ikkje bli best på det du manglar. Det er ein viktig bodskap, trur eg.

Strategien går då rett og slett ut på å samle folk lokalt, rundt bordet, og så få dei til å stille spørsmåla: Kva har vi her? Kva kan vi her? **Reindyrk det!**

Aktuell time 7. juni 2006

Share

Timen starta med **Leif Kvinlog**, rektor på Valle skule, som fortalde om resultata ved eksamen i fjor, der Valle skule kom på 14. plass på landsbasis og 1. plass i Aust-Agder. Her er oppslaget i Fædrelandsvennen: http://www.fvn.no/nyheter/setesdal/article370383.ece

Han kunne og fortelje at Sigrunn Askland no tek grunnfag i spansk for at skulen skal kunne tilby det når dei får den nye læreplanen frå hausten av. Då får dei og eit nytt fag som heiter Mat og helse i staden for Heimkunnskap. Frøydis Unneland og Anita Bakke skal ei veke på kurs til Lesvos med HiA for å lære om det nye faget og om mat ved Middelhavet og at skulle vidare til barneskulen sin grillkveld på Flateland camping denne kvelden.

**Dag Jørund Lønning** var neste mann ut. Han fortalde om arbeidet med bygdeutvikling i Telemark med vekt på Telemarkskua. Meir om dette finn du på heimesidene til Dyrskun, http://www.dyrskun.no/

Onsdag og torsdag er det ein konferanse om bygdeutvikling på Sirdal Høyfjellshotell. Her heldt **Arne Tronsen** i Setesdal Regionråd eit innlegg i dag om temaet sett frå næringsavdelinga i offentleg sektor si side. Valle radio gjorde eit opptak av dette før han reiste til Sirdal, og vi fekk manuskriptet, som ligg her på bloggen.

Til slutt i kveld hadde eg ein prat med **Ørnulf Hasla**, som også skulle på konferansen og halde foredrag om Hasla Sølvsmie og arbeidet dei har gjort for å få ein ny profil. Ørnulf er også leiar i Valle sentrumsforening, som hadde møte tysdag kveld og la planar for sommaren. Han fortalde litt om desse, mellom anna at sentrum vil verte stengt for trafikk på laurdagane i sommar, i staden vil ein lage langbord og gatetun i denne perioden.

**Kommunen informerer**

Her var det **Ingvar Nes** som var med. Vi snakka om

* Ferievikarsituasjonen
* Valle skule, karakterer og ombygging
* Hylestad skule, avslutning med syngespelet SkoterKnut
* Kulturskulen si avslutning måndag 12. juni kl. 18.00
* Kulturmidlar til lag og foreningar, til saman 200.000

**Tankar frå Bibelen**
Her kom Sissa Ringstad og hadde programmet denne kvelden.

Rett, plikt og lyst.

Share

Konferansen Gråberg eller Gull II
Sirdal 7/6 2006 **Av Arne Tronsen**

Det offentlege til teneste for utviklingsaktørane!
Det er menneske med idear som er gull verd!

Rett,plikt og lyst!
Som næringsmedarbeidar:
gjestfri – for nye tankar og vis vørdnad for det mennesket som tør take kontakt med deg
engasjert – dersom du i møte med «grunderen» ikkje syner engasjement i løpet av 2-3 minutt, kan du take livet av ein ide og hindre nyskaping i bygda di!

Rett,plikt og lyst!
Ver klår over at du som næringsmedarbeidar har ulike roller!
-Rettleiar?
-Rådgjevar?
-Forvaltar av kommunalt mynde?
-Gjev du tilskott?

Rett,plikt og lyst!
Roller- framhald:
Er organisasjonen liten, har du sannsynlegvis mange roller!
Kva «kan» kombinerast:
Rettleiar og tilskottsgjevar!
Rådgjeving bør du ikkje kombinere med ovannemnde roller!
Grunngjeving:
Du får for mykje makt over det mennesket du gjev råd!
Ønske om suksess på andres vegne kan gjere deg ugild.
Du tek for sterkt eigarskap til andres idear!

Rett,plikt og lyst!
Kva så med rådgjeving?
De fleste som arbeider med næringsutvikling arbeider i små
organisasjonar.
Kvifor ikkje bytte kompetanse og kapasitet?
Kvifor ikkje nytte eksterne kompetansemiljø?
Eva-senteret i Kristiansand?
Kompetansedeling fører og til kompetanseheving!

Rett,plikt og lyst !
Kva så med rådgjeving? (framhald)
God rådgjeving i ein tidleg fase er ei god investering, men viljen til å betale for dette er låg.
Difor:
Ei avgrensa rådgjeving i ein tidleg fase med god offentleg finansiering!

Rett,plikt og lyst!
Den einskilde næringsmedarbeidaren har plikt til å vite om alle andre offentlege aktørar og kvar for virkemiddel som finst: Det viktige er ikkje å sleppe handa til «grunderen» før ei ny hand tek over!
.

Kva med nabokommunen?
Vi må ikkje vere redd for at nabokommunen lukkast i næringsutviklingsarbeidet sitt!
Dersom eg ser at ideen har mykje betre sjanse for å lukkast i ein annan kommune, lyt eg som rettleiar vere tydeleg på dette!

Rett,plikt og lyst!
Engasjement- ikkje eigarskap
Gjestfri for nye tankar!
Kompetansedeling fører til kompetanseheving!
Rolleavklåring.
Dersom du unner andre suksess og er tydeleg på det, risikerer du at andre unner deg og suksess!

Rett,plikt og lyst!
I Setesdal er hylstringen kjent for å vere full av tiltakslyst:

» I Hylestad, der er alle slik,
dei drustar seg , som var dei rike!
Stor» og velverde kjem dei inn,
-um dei eig kje pengar til garva skinn!

» Han er ein drøymar- det fær so væra,
Men eingong finn han vel sitt å gjera.
Og set han mål, vinn han visstnok fram
Og stend ikkje etter til spott og skam»
(Jon Bjørgulsson Rysstad)

Onsdag 7. juni 2006

Share

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Inga Flateland
Telefon: Anna Rysstad

18:00 Nytt og aktuelt
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen
20:00 Bygdeutvikling i Telemark – og Valle. Intervju med Dag Jørund Lønning, som er forskningsleiar i Telemarksforskning.
20:35 Kan fisk fungere i bygdeutvikling? Leiar i VAFA Toralv Andersen og fiskeribiolog Tom Arild Homme kommenterer Lønning sine tankar.
21:15 Opi sending. Harald Haugland og Karin Bøe

Justeringar i programmet 6. juni 2006

Share

I programmet stod det at det skulle vere Bokaktuelt, men på veg oppover i dag møtte eg Lisbeth på veg nedover. Eg fann etter kvart ut at ho var på kurs i dag, dermed vart det ikkje noko intervju om bøker på Valle folkebibliotek i dag.

Intervjuet med Olav Mosdøl var på 21 minutt, men eg la på musikk frå plata med kantaten Songen frå Sion både før og midt i opptaket. Til slutt spelte eg fleire kutt frå plata, og dermed gjekk sendinga heilt til reklamen før Postludium. Eg hadde tenkt å laste ned musikk av Mozart frå nettet, men ved ein feil kom eg ikkje på Internett i kveld før etter sendinga.

Harald

Postludium 6. juni 2006 – Toccata

Share

På Svenska Flaggans Dag skulle vel helst Niklos ha vore i radioen og spelt svensk kormusikk og orgelmusikk. Men det fall på meg å ha ansvaret for postludium denne kvelden, og eg valde å ha eit program om toccata. Her er spelelista

1. Bach (1685-1750): Toccata i C-dur, BWV 564
Felix Hell på Kuhn-orgelet i St. Justinus, Frankfurt a.M. – Höchst, Tyskland

2. Reger (1875-1916) Toccata d-moll, op. 59, nr. 5
Andrew Lucas på Willis-Mander-orgelet i St. Pauls Cathedral, London

3. Boëllmann (1862-1897) Toccata i c-moll (frå Suite Gothique)
Ludger Mai på Seifert-orgelet i St. Mathias-kyrkja i Berlin

4. Gigout (1844-1925) Toccata i h-moll, (frå Dix Pièces)
Ludger Mai på Seifert-orgelet i St. Mathias-kyrkja i Berlin

5. Hovland (1924- ) Toccata «Nu la oss takke Gud»
Christopher Herrick på Harrison og Harrison-orgelet i Westminster Abbey, London

6. Takle (1942- ) Blues-toccata
Christopher Herrick på Létorneau-orgelet i Francis Winspear Centres konserthall i Edmonton, Canada.

7. Margaret Volle (1980 – ) Improvisert toccata i gamal stil med fugert melodi.
Margaret Volle på Ryde og Berg-orgelet i Lillestrøm kirke

Toccata er eit virtuost stykke musikk, som oftast spela på tangent-instrument der målet er å teste ut kva orgelet og organisten kan få til saman. http://en.wikipedia.org/wiki/Toccata Frå denne sida kan ein og gå til andre språk.

Olav Mosdøl i Valle radio

Share

**Denne notisen stod i Setesdølen fredag 2. juni 2006:**

I 1995 laga Olav Mosdøl og Sigval Tveit eit verk til tusenårsjubileet for kristninga av Noreg. «Songen frå Sion» der ein kantate for solistar, kor og instrumentalensemble. Det var tinga av Kviteseid sokneråd og vart framført der og nokre andre stader, mellom anna i Valle kyrkje.

No kjem verket på CD med Anne Karin Kåsa og Nils Harald Sødal som solistar og koret De’kor frå Vennesla. I samband med det har Harald Haugland 3. pinsedag ein prat med Olav Mosdøl i Valle radio. Og helga etter pinse vert det ny framføring av kantaten i Kviteseid gamle kyrkje på laurdag (i samband med opning av Bygdetunet for sommarsesongen) og i Misjonshuset i Kristiansand sundag føremiddag.