Kategoriarkiv: Ymse

Bokaktuelt 1 2006 Ibsen-året

Share

Då det er Ibsenår i år, 100 år sidan han døydde, var det naturleg å starte sesongen med å snakke med biblioteksjef Lisbeth D. Homme om Ibsen i Valle folkebibliotek. Ho kunne fortelje at dei har Ibsens samlede verk i minst ei utgåve.

Mange av skodespela finst på CD: Et dukkehjem, Fru Inger til Østråt, John Gabriel Borkman, Peer Gynt, Rosmersholm, Terje Vigen, Hedda Gabler, De unges forbund og Samfundets støtter. Det er høyrespel frå Radioteateret.

På biblioteket kan du og finne ein film basert på skodespela hans, Vildanden frå 1963 og ein annan film, Udødelige Ibsen frå 2000.

Det er også biografiar der, Robert Fergusons Mellom evne og higen og Stein Erik Lundes Biografien om Henrik Ibsen: alt eller intet.

To essay-samlingar står og i hyllene på biblioteket. Georg Johannesen skreiv i 2003 Nytt om Ibsen og andre essays, Eldrid Lunden kom året etter med Kvifor måtte Nora gå? Nye essays og andre tekstar.

Endeleg kan vi nemne ei bok av Henry Notaker, Til bords med Ibsen.

I ein artikkel frå NTB stod det at han ikkje likte kjøttkaker, men ryper hadde han sans for. Der stod det også at det er planlagt 4000 program over heile verda i 2006 og at Kong Harald skal vere til stades under opninga av Ibsen-året laurdag 14. januar i Oslo.

Alt dette snakka vi om på dei 12 minutta samtalen med Lisbeth tok, og så fekk vi høyre eit kutt frå høyrespelet Rosmersholm til slutt.

Du kan sjølv søke etter bøker av og om Ibsen i samlinga til Valle bibliotek. Gå inn på denne sida:
http://www.valle.kommune.no/bibliotek/

Harald

Gospel Country 1 med Bjørgulv T. Berg

Share

Då eg ringde til Bjørgulv og spurde om vi skulle lage Gospel Country att, var han med på notene med ein gong. Eg spurde han om han hadde «Precious Lord, take my hand», songen som gospelmusikken sin grunnleggjar Thomas A. Dorsey hadde skrive. -Ja, minst ein versjon, svara Bjørgulv. (Her er link til ei side om Dorsey: http://www.southernmusic.net/thomasdorsey.htm )

Grunnen til at eg ville ha denne songen, var at kyrkja som Dorsey var music minister i frå 1932 til 1978, Pilgrim Baptist Church i Bronzeville i Chicago, brann ned sist fredag. Sjå info om brannen her: http://www.cbsnews.com/stories/2006/01/06/national/main1185540.shtml

Her er spelelista:
1.
Be thou my vision
spelt på gitar av ein gitarist Bjørgulv hadde treft då han var i London før jol. Vedkomande sat og spela utanfor Covent Garden, og Bjørgulv vart fascinert både av å sjå teknikken og å høyre denne irske salmetonen «Deg å få skode» (Salmeboka 479).
2.
Precious Lord – Elvis Presley
Songen finst på nesten alle Elvis sine plater med Gospelmusikk. Han syng den uvanleg kjenslevart.
http://tinyurl.com/cjzu4 Her finn du teksten.
3.
Precious Lord – Bill Gaither
Denne finst på plata Homecoming 2002 – meir info her: http://www.mojosounds.com/music/musicItemPage.php/inv_id=147400

4.
Just a closer walk with Thee
Denne var det Patsy Cline som song. Songen var henta frå ein boks med to plater.
Teksten er her i Cyberhymnal: http://www.cyberhymnal.org/htm/j/u/justaclo.htm
Patsy Cline si heimeside finn du her: http://www.patsycline.com/

5.
Walking My Lord Up Calvary Hill
Wilma Lee og Stoney Cooper song denne bluegrassprega gospelsongen. Han døydde i 1977, ho heldt fram med musikken og vart i 2001 nominert til Bluegrass Hall of Fame. (Sjå http://www.spbgma.com/level2/wilmacooper.html ) Her er teksten: http://thesullivanfly.com/lyrics/up_calvary_hill.htm

6.
Take my strings, precious Lord
Då Bjørgulv kom i radioen, låg plata Min steel med Helge Johannesen frå Kristiansand der. Vi vart samde om å avslutte med den, tenkte at med den tittelen fekk vi melodien på steelgitar. Men det gjorde vi ikkje, dette var ein annan komposisjon. Konklusjonen vår var at vi bør kvalitetssikre betre når vi planlegg eit program. 🙂

Harald

Noreaprogram veke 2

Share

Over ein open Bibel
ved pottemakarmeister Rita Åsen.

http://www.norea.no/page.php?mtid=44&elid=963
kan du høyre fleire andaktar av henne.

På KABB sine heimesider er det eit intervju med henne:
http://www.kabb.no/kn-Rita_Aasen_til_KABB-stevne.htm

Der fortel ho at ho har gitt ut sju bøker (diktsamlingar)

1 Du er dyrebar og høyt elsket 2005
2 Han bærer deg 2004 (forteljingar)
3 Min nåde er nok 2002
4 Og hør røsten 1994
5 Deres styrke 1994
6 Gleden i Herren 1994
7 Se lyset 1993
b. Se lyset [lydopptak] 2000

Noreamagasinet
Programleiar Ragnhild Kristine Vartdal stod for desse innslaga:
1. Norea er 50 år og arrangerer predikantkurs for 200 jubileumsmøter.
Ved Håvard Bjørnevik og Jan Gaute Sirevåg

2. Misjon på Madagaskar
Jostein Sæth i samtale med misjonærekteparet Johanne og Bjørn Leinebø. Les meir om dei i eit reisebrev Johanne skreiv til Misjonstidende i 2001:
http://notes.lan-x.no/nms/nms.nsf/URLPrint/DOMO-4XZSGW?OpenDocument

3. Lydarbrev frå radiomisjon
Synnøve Kvervavik Vatne les. Du finn fleire brev her: http://www.norea.no/list.php?mtid=42

4. Kommentaren ved Sølvi Olimb

Møteplassen

Her samtalte Ragnhild Kristine Vartdal med Else Jorunn Wergeland og Rolf Øygarden i Gospelsambandet om prosjekt Hannah. Heimesida til Gospelsambandet er her:
http://www.gospelsambandet.net/index.php?id=2

Prosjekt Hannah finn du her:
http://www.norea.no/page.php?elid=9&mtid=35

Harald

Tysdag 10. januar

Share

Program

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Pottemakermeister Rita Åsen held andakt. Tema: Prøvelser
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Gospel Country med Bjørgulv T. Berg
20:00 Bokaktuelt. Ibsenåret 2006. Biblioteksjef Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart: 1. sats frå Requiem K626. BBC symfoniorkester og kor. Solist Kate Royal.
20:30 Postludium. Bach møter Buxtehude.
21:00 Kyrkjebakken

Forviklingar

Share

Måndag kveld 2. januar 2006 var eg tilbake i Valle etter ei stille jole- og nyårshelg med familien i Mandal. Då ringte Ørnulf og lurte på om eg kunne ha sendinga fredag kveld, han var sett opp, men hadde tenkt seg til Oslo for å hjelpe dottera Gunhild med noko, eg lurer på om han sa flytting, men det er eg ikkje sikker på.

I Valle radio hjelper vi kvarandre om vi kan, så eg sa ja, det kunne eg, sjølv om eg til vanleg reiser heim til Mandal fredagane og difor ikkje er så hissig på å vere med på fredagssendingar.

Vi har eit system for å fordele ansvarlege for sendingane som er basert på at sjefen vår, Hallvard, set opp ei liste. Dersom vi skal byte, må vi avtale det direkte.

No hadde ikkje Hallvard sett opp liste, men han skreiv etter sendinga på lisle jolaftan at neste sending skulle vere for heile dalen fredag 6. januar. Det var jo rett, men om du høyrer på lokalradioen når eg skriv dette, vil du nok fort skjøne at det er Evje Radio som er ansvarleg for sendinga. Det stod på ein plan som var laga i haust og som skulle gjelde for heile vinteren.

Så sjølv om eg i tysdagssendinga mi sa at eg hadde planar om å kome att i fredagssendinga 6. januar, så vart det ikkje slik. Etter kvart vart dette avklara med Hallvard, som har teke seg ein Spania-tur på nyåret og ikkje er tilbake før 9. januar. Jørund Georg retta opp informasjonen på heimesidene til Valle radio. Det var likevel ikkje nok, for Bjørgulv T. Berg og Sissa Ringstad kom til radioen fredagskvelden klokka 19:30 og skulle ha Tankar frå Bibelen, men dei kom til stengt dør.

Framleis er det ikkje lagt ut nokon sendeplan for våren, så du må nok bare smørje deg med tolmod til Hallvard kjem heim att og får sett opp lista vår. Eg vil halde fram med tysdagssendingar, men det vil ikkje verte så mange onsdagssendingar i vår. Bykle Radio skal ha sendepause også i vår, og då kjem Valle radio til å ha sendingar nokre fredagar.

Helsing Harald

Noreaprogramma veke 1-06

Share

1. Over ein open Bibel
Denne veka var det prosjektleiar i Norea Mediemisjon, Asbjørn Kvalbein, som hadde andakten. Kvalbein har vore forlagssjef i Lunde forlag, som du finn her:
http://www.lunde-forlag.no/

Etterpå song Rune Larsen «Jeg har vandret med Jesus». Vi fadet etter første vers. Her kan du lese eit intervju med han i Normisjons blad Agenda 3,16
http://www.normisjon.no/agenda316/index.php?kat_id=73&art_id=348

2. Noreamagasinet
a. Gospelsambandet
Ragnhild Kristine Vartdal presenterte Gospelsambandet, som er ei sanggruppe som gir 100 kroner for kvar selde plate til Norea sitt prosjekt Hanna. Meir her:
http://www.gospelsambandet.net/index.php?id=2

Etter innslaget høyrde vi «Share» med denne gruppa.

b. Fjellhaugstudentane har besøkt Kina
Per Ove Stige

Etter innslaget høyrde vi Hilde Sveio: «Frå nord til sør»

c. Tro og tradisjon i en ny tid
Ragnhild Kristine Vartdal i samtale md biskop Olav Skjævesland om tilpassing til gudstenesta for ulike grupper.

Etter innslaget song Espen Samuelsen «In you alone»

d. Kommentaren
var ved Martin Birkedal Til slutt song Frequency «Love to survive»

3. Møteplassen

I dette programmet samtalte Jostein Sæth med Hartvig Kloster, som er leiar i Open Air Campaigners Norway.

Sjå http://tinyurl.com/duu8z for meir informasjon

Harald

Musikk til nyttår gjennom 400 år

Share

Niklos K. Besteland har laga dette programmet til Postludium i kveld klokka 20.30:

1. Christopher Tye (1498-1573):
Laudate Nomen Domini. Motett framført av Motettkoret i Stavanger Domkyrkje, dirigent domorganist Lars Mæland
LYNOR LP 505
2:21

Om Tye kan du finne informasjon på engelsk her:
http://www.guildmusic.com/composer/tyec.htm

Då kora i Stavanger domkyrkje våren 2003 reiste på tur til USA, var dette verket framleis på repertoarlista.
http://www.domkirken-musikk.no/english2.htm

2. Dietrich Buxtehude (1637-1707):
«Von Gott will ich nicht lassen» BuxWV 220 og 221
Organist Piet Kee på orgelet i Roskilde Domkyrkje
CHANDOS CD CHAN 0539
4:36

Her er link til plata
http://tinyurl.com/9l76o
og her er info om Piet Kee på engelsk
http://tinyurl.com/a4kr6

3. Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791):
Andante nr. 1 i Ess dur, K. 67
Frå samlinga «Salzburger Domssonaten».
Arrangert og spelt av organist Joachim Dorfmüller på orgelet i St. Lambertiskyrkja i Münster

2:49

Alle Mozart sine kyrkjesonatar er spelt inn på Naxos. Her finn du omtale på engelsk:
http://tinyurl.com/bj9xs
Dei er svært korte, for biskopen i Salzburg ville ikkje at ei messe skulle vare meir enn 45 minutt. Dette er den fyrste han skreiv, det var i 1772.

4. Niels W. Gade (1817-1890):
Festpreludium over «Lover den Herre»
Organist Johannes Geffert på orgelet i klosterkyrkja Maria Laach

MOTETTE-URSINA CD 12441
4:26

Her finn du informasjon om klosteret på tysk
http://de.wikipedia.org/wiki/Maria_Laach

og her er organisten
http://www.pianisten.de/geffert/home.htm

5. Lars Mæland (1918-1993):
«Halleluja, Herrens navn være lovet!» Motett framført av Motettkoret i Stavanger Domkyrkje, dirigent domorganist Lars Mæland
LYNOR LP 505
1:44

Niklos likar å lage slike lengdesnitt-program. Nyt det klokka 20:30 tysdag 3. januar.

Harald

Frelseren er født – Polske julesanger på norsk

Share

Før jol var eg i Lyngdal. Søster mi er organist der, og dei har ein tradisjon om å samlast til Jolefred i kyrkja klokka 22 på Lille jolaftan. Slik var det i år også, og nærare hundre personar kom saman til ein times jolesong, Lyngdal kyrkjekor song (der fekk eg vere med). Døtrene til ordføraren var også med, sjølv kunne han sitje i fred i kyrkja å høyre på, men kona spela piano til nokre av stykka.

Etter samlinga i kyrkja var eg med dei heim, mor på 88 feira jol der i år, og vi prata til langt på natt. Då eg skulle gå, kom dei med ei plate med polske jolesongar på norsk som koret hadde nytta tidlegare år. Eg lytta og vart gripen av gleda og songen og songgleda i desse jolesongane.

Det er grunnen til at eg sender dei i Valle Radio i kveld, ei glede skal ein jo dele med andre. Her er titlane på songane og liste med artistar. Adressen til plata er her,
http://tinyurl.com/7nvnf

Det er Arne Dagsvik som har arrangert songane og Eivind Skeie som har gjendikta dei på norsk. Noteheftet til songane kan ein kjøpe på Cantando Musikkforlag i Stavanger, og plata er laga av Lynor, som vel også sel henne.

Under kvar sang står lengden på sangen. Til saman tek programmet nesten ein time.

KOM TIL STALLEN
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: ANN HELEN MOEN, HÅVARD STENSVOLD, NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

4:23

RØSTER FRA HIMLEN BRYTER NATTENS FERD
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: HÅVARD STENSVOLD, NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

3:34

GJETERGUTTER LØPER
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

2:21

JOMFRU MARIA LØFTER OPP DEN LILLE
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: ANN HELEN MOEN, NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

4:11

VÆR VELKOMMEN GULE STJERNE
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Z Noskowski
Tekst av Ukjent
Utøvere: HÅVARD STENSVOLD, NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

3:58

BETLEHEM HVILER
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

3:12

LILJEBLOMST
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: ANN HELEN MOEN, NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

4:13

SEIERSDAG
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

1:37

SOV, LILLE JESUS
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: ANN HELEN MOEN, NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

5:11

DET ER MØRKE I STALLEN
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

3:26

ENGLERØSTEN TALTE SLIK
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

2:31

FRA DEN FJERNE HIMMEL
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: ANN HELEN MOEN, NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

3:33

LA OSS ALLE GÅ TIL STALLEN
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

1:53

VESLE BARN, VESLE BARN, DU SOM DRØMMER
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: ANN HELEN MOEN, HÅVARD STENSVOLD, NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

4:32

VISMENN HASTER GJENNOM NATTEN
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

3:33

ALT SOM HAR STEMME
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: ANN HELEN MOEN, NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

2:04

GLANSEN FRA DET HØYE
Hovedartist: VOX ARCTICA
Musikk av Ukjent
Tekst av Ukjent
Utøvere: ANN HELEN MOEN, HÅVARD STENSVOLD, NORDNORSK KAMMERORKESTER, VOX ARTICA

3:35

Helsing Harald

Buxtehude og Mozart

Share

Kåseriet 3. januar 2005

Godt nytt år til alle som høyrer på Valle radio. Til innleiing i dag knyter vi saman med eit tema som vi var opptekne av før jol: At Bach for 250 år sidan gjekk til Lübeck for å høyre Dietrich Buxtehude spele og framføre sin musikk. Eg veit ikkje om han høyrde denne kantaten i Mariakyrkja i Lübeck jola 1705, men det skulle ikkje forundre meg. Den er bygd over den gamle jolesongen In dulci jubilo, Jeg synger jolekvad slik Dietrich Buxtehude laga den i kantate nr. 52. Kantaten har fire vers, du finn dei på bloggen til Valle radio, www.valleradio.com, der du også finn det femte verset, som Buxtehude ikkje brukte. To sporanstemmer og bass, saman med 2 violinar og bass til akkompagnement. Her er info på engelsk om plata: http://tinyurl.com/aqkya

BuxWV 52 In dulci jubilo, nun singet und seid froh!cantate pour SSB avec 2 violons et basse continue

1 In dulci jubilo, nun singet und seid frohair, en fa majeur, pour SSB avec 2 violons et basse continue

2 O Jesu parvule nach dir ist mit so wehair, en fa majeur, pour SSB avec 2 violons et basse continue[2è verset, comme # 1]

3 O patris caritas, o nati lenitasair, en fa majeur, pour SSB avec 2 violons et basse continue[3è verset, comme # 1]

4 Ubi sunt gaudia?air, en fa majeur, pour SSB avec 2 violons et basse continue[4è verset]

Peter von Dresden 1440
In dulci jubilo,
Nun singet und seid froh!
Alle unsre Wonne
Liegt in praesepio
Sie leuchtet wie die Sonne
Matris in gremio
|: Alpha es et O. :/

O Jesu parvule,
Nach Dir ist mir so weh.
Tröst mir mein Gemüte,
O puer optime,
Durch all Deine Güte,
O princeps gloriae.
|: Trahe me post te. :/

O Patris charitas!
O Nati lenitas!
Wir wären all verloren,
Per nostra crimina,
So hat er uns erworben
Coelorum gaudia.
|: Quanta gratia! :/

Ubi sunt gaudia?
Nirgend mehr denn da,
Wo die Engel singen
Nova cantica,
Und die Harfen klingen
In regis curia.
|: Eia, wär’n wir da! 🙂

Mater et filia
Ist Jungfrau Maria.
Wir waren gar verdorben
Per nostra crimina,
Nun hat sie uns erworben
Coelorum gaudia.
|: Quanta gracia! :/

Det er ein litt spesiell jolesong, det vekslar mellom latin og tysk, vi har ikkje mange jolesongar som gjer det. Men Kirsten Bråten Berg syng ein folketone med omkved Kyrie eleis

Det er Mozart-år i år, Wolfgang Amadeus Mozart vart fødd 27. januar 1756 i Salzburg i Østerrike, altså for 250 år sidan. Han starta å spele piano då han var 3 år gamal, døydde bare 35 år gamal av giktfeber og vart gravlagd i Wien i ei fattig-grav. Men desse tretti åra endra musikken i verda, opus-lista er 626 verk og i Salzburg vil dei framføre det meste av det han har skrive i år.

I mine program i Valle radio vil eg prøve å ha eit verk av Mozart på programmet i dei fleste av tysdagssendingane, ikkje alltid eit stort verk, men likevel noko av alt det han har skrive. Her fylgjer Adagio frå Obokvartett, K. 370 spelt av Josef Kiss, som er førsteoboist i Budapest Symfoniorkester, fødd i 1961 og med i orkesteret frå 1982. Her er engelsk info om han: http://tinyurl.com/7jtft og om Kodaly-kvartetten, som han spelar i lag med http://tinyurl.com/7nhrp

Mozart var 25 år då han skreiv denne strykekvartetten i Munchen i 1781. Han heldt samstundes på med operaen Idomeno, som han skulle skrive til karnevalet i Munchen det året. Og han var godt nøgd. Eg vonar du og vert det. Her kjem han med ønske om Godt nyår til alle lydarar.

Harald