Kategoriarkiv: Ymse

Dagens Mozart – Eine kleine Nachtmusik

Share

I kveld fekk vi høyre 1. sats av KV 525 spelt av Camerata Akademia des Mozarteum Salzburg, dirigert av Sandor Vegh.

Dette er eit av dei lettare stykka til Mozart (1756-1791) og er mykje spelt. Det var eitt av dei fyrste stykka eg fekk på plate, og eg spelte serenaden heilt til plata var utsliten.

Her er informasjon om stykket på tysk, men med høve til å velje engelsk om du les det betre:
http://www.aeiou.at/mz-klnm.htm

Plata eg nytta er Mozart: Musikalske mesterverker i serien Klassiske komponistar, som er som ei lita bok med 12 sider tekst og plata. Den vart sendt ut som masseutsending rundt nyttår, folk kunne abonnere på serien.

Harald

Bøker om skole

Share

I Bokaktuelt 17. januar var tema skjønnlitterære bøker om skole.

Vi brukte desse bøkene:

1.
Alexander Kielland: Gift
http://www.christopher.no/litteratur/giftanalyse.htm

2.
Jens Bjørneboe: Jonas

Click to access bjorneboe.pdf

3.
Hans Scherfig: Det forsømte forår
http://tinyurl.com/7cwk4

4.
Arne Svingen: Hubert som nissetufs (barnebok)
http://tinyurl.com/bbkxy

Linkane er av litt ulik type, du kan leite vidare sjølv.

Det meste av samtalen kom til å handle om bok nr. 3, som er aktuell fordi lesesirkelen Agder les dansk skal ha den. Til no er det bare eg og Lisbeth som har lese den, men truleg vert den boka tema på dete første møtet, som det ser ut til må verte i februar ein gong.

Boka er eit grundig oppgjer med “Den sorte skole” latinskolen, slik han var i København omlag 1920, då forfattaren opplevde den. Boka kom ut i 1940. For oss som har opplevd bare litt av dette, er det ganske rystande å høyre om livet til 200 gutar som blir terroriserte av lærarane sine. Utgangspunktet for handlinga er at dei møtest til 25 års-jubileum og tek til å minnast korleis det var.

Ein av elevane er ansvarleg for mordet på latinlærar Blomme, men mordet vert aldri oppdaga. I boka får vi høyre korleis det gjekk til og etter kvart får vi vite kven av gutane det var og kvifor han gjorde det.

Harald

Norea-programma – veke 3

Share

Over ein Open Bibel
Andakt ved Aud Karin Kjølvik
Ho snakka om dei merka hendene med utgangspunkt i merke på eiga hand, merke på hendene til mannen som berga ein gut ut frå eit brennande hus og Jesu naglemerkte hender.

Noreamagasinet
Første sak var Religion kan skape fred, om Oslosenteret. Her var det intervju med Kjell Magne Bondevik. Meir om dette her:
http://norea.no/page.php?mtid=1&elid=1006

Om Djupedal og friskular
Espen Halvorsen hadde snakka med rektorar på fire friskular om faren for å misse statsstøtte.

Maria Solheim i Bolivia
Ho fekk eit sterkt møte med fattigdom då ho besøkte skopussarar i slummen. Bjørn K. Sørheim hadde snakka med henne. Sjå
http://tinyurl.com/awltf
http://tinyurl.com/8v67n

Kristen TV-kanal i Tyrkia
Prosjektleiaren tør ikkje la seg intervjue, det er bare 150.000 kristne i Tyrkia og sjølv om det er religionsfridom, er det ikkje lett for dei. Per Ove Stige hadde intervjua Terry Ascott i Sat-7
http://norea.no/page.php?mtid=1&elid=615
http://norea.no/page.php?elid=594&mtid=1

I programmet kunne du høyre denne musikken:
Trond Erics: Kjærligheten seirer
Marte og Ole Kristian Sameien: Ver ikkje redd
Wynonna: You were loved
Kor-90: Guds lam

Møteplassen
Ragnhild Kristine Vartdal i samtale med biskop Olav Skjevesland om gudstenestefornying på basis av boka Tro og tradisjon i en ny tid som han skreiv i 2003.

Om programmet
http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=1008

Om boka:
http://tinyurl.com/cxkoj

Om biskopen
http://tinyurl.com/b3hpj
http://www.kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=6865

Musikken
Rune Larsen: Salige visshet
Bjørn Eidsvåg: På leit
Bjørn Aslaksen: Takk, kjære far
Tore Ljøkjel: Å kom, Immanuel

Kåseriet 17. januar – Så kom snøen

Share

Til innleiing på kåseriet hadde eg funne Stein Ove Bergs vise “Ikke gråt om det er vinter og det snør”. Med den kunne ein verte inspirert til nokre tankar om den (for det meste) milde fine vinteren me har hatt til no. Samstundes ligg vona om vår i den songen. Men denne dagen hadde snøen funne vegen til Valle og Bykle. Det merka vi og i radioen.

Då klokka var litt over 18:30, kom det ein telefon til Valle radio frå Terje Breivoll, som hadde kome over Bjørnevatn og var på veg ned til Oveinang. Han kunne fortelje at det lå store snødriver ved Sundet og at det var bare så vidt han ikkje sette seg fast, så han vona at vi kunne få fatt i brøytarane og fortelje dette.

Eg gjekk på lufta og fortalde dette under ein sang i Programmet Noreamagasinet. Deretter ringde eg Helge Homme, som skulle formidle informasjonen til dei som brøyter, det var folk frå Telemark etter det eg skjøna.

Eg er imponert over korleis Anne Lise Harstad møter den nye tid, like før jol kjøpte ho PC og no surfar ho på nettet og les bloggen til Valle radio.

No er jola over og jolebassane har vore på vitjing, det var fredagskvelden 13. januar, då Ole Morten Egeland i Bykle fortalde at han hadde hatt besøk av heile 65 jolebassar, dei hadde budd seg med 60 pakker, men måtte altså på reservelageret for å kome i mål.

Det er godt med vanleg kvardag etter høgtid, å kome i vanleg gjenge er ein god ting.

Så spelte eg Søppelmannens etterjulsvise av Stein Ove Berg til slutt.

Jens Stoltenberg har skrive minneord om Stein Ove Berg her:
http://tinyurl.com/8dh7u

Harald

Tysdag 17. januar 2006

Share

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein Open Bibel. Aud Karin Kjølvik
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Country Gospel med Bjørgulv T. Berg
20:00 Bokaktuelt. Tema: Skjønnlitteratur om skole
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer orgelmusikk frå tysk renessanse og barokk.
21:00 Kyrkjebakken.

Rebusar 13 januar 2006

Share

Henta frå Setesdølen 13. januar 2006

1. Løyst av Ingebjørg Vegestog Homme, Valle
Folkemusikkarkiv
Menneske + nr. 4 + lite dyr + nekting (bm) -e + lager

2. Løyst av Tor Hallvard Omlid, Sirdal
Skeisegalla
Spiseredskap + kikke + ikkje rett + gje lov

3. Løyst av Siw Omlid, Sirdal
Bilulykke
Kjøretøy + vokal + hell

4. Løyst av Anne Rakel Brokke, Rysstad
Visegruppa Faun
Sang + teamet + Foreldrerådets arbeidsutval + Norge

5. Løyst av Eirik Amund Lien, Lillesand
Narnia
Natrium + Radius + tal + nr. 1

6. Løyst av Halvor Haugen, Åraksbø
Stavsagene
Stokk + snakka + arvestoff + nr. 5

7. Løyst av Kaia Kristine Sandnes, Lillesand
Kommunelegen
Dansk dyr + millimeter, + triveleg + artikkel (bm)

8. Løyst av Turid Brottveit, Valle pt. Kr.sand
Plastposefabrikken
Nr. 16 + tømmer + bag + tone + duken

9. Løyst av Håvard Sandnes, Lillesand
Fønix
Vind + ni

10. Ingebjørg Berdalen, Bykle
Flekkerøy Sangkamerater
Male + fugl + vise + fotoapparat + oppfører seg

11. Løyst av Tor Hallvard Omlid, Sirdal
Klippen Bykle
Bruke saks + Nota Bene + ypsilon + ta på seg

12. Løyst av Tor Hallvard Omlid, Sirdal
Drosjeløyve
Nr. 4 + skryt + øy ved Moss + ri

13. Løyst av Anne Rakel Brokke, Rysstad
Silkemåling
Stoff + meter + kryping

13 rebusar på fredag 13. januar. Denne kvelden var det barnebarna til Ingebjørg Ellinor som prega sendinga. Dei sat i Sirdal og fylgde med på Internett eller (dei frå Lillesand) på hytte i Everdalen. Alle stader hadde dei fleire mobiltelefonar, så dei kunne ringe frå ulike nummer. Dei stakk og av med dei fleste premiane. Utanom desse var det Halvor Haugen, Åraksbø og Ingebjørg Berdalen, Bykle, som fekk premiar denne kvelden.

For meg var det likevel eit høgdepunkt å få høyre at Anne Lise Harstad hadde vore inne på bloggen og lyst oppgåvene på steva nesten før sendinga starta. Ho hadde fått seg PC før jol, og surfar no som best ho kan. Inn i studio kom også Turid Brottveit, som var i Kristiansand i høve ein 40-årsdag, men som fylgde med på nettradio.

Takk til alle som gjorde kvelden triveleg i Valle radio.

Harald

Aviser og musikk

Share

Etter at Bjørgulv T. Berg hadde hatt “Tankar frå Bibelen” saman med Sissa Ringstad, var det tid for Aviser og musikk.

Det var første gong vi hadde dette programmet, ideen var at vi skulle snakke om fredagsavisene og spele litt musikk innimellom. Eg hadde også opna for at dei som hadde funne svar på steva om stader å reise til i mørketida, kunne gjere det i denne timen. Dermed fekk vi svar på dei fire første gjennom telefonar frå lydarar. Sjå eige innlegg.

Vi snakka saman om mange emne. Bjørgulv hadde funne eit oppslag i Nationen om folk som gjerne ville gå i heia, men ikkje bere ryggsekk, og at det kunne verte ei nisje å utvikle vidare. Det gav høve til å snakke om utviklinga innan hytteliv; det er ikkje så mange som vil ha det primitivt på hytta lenger.

Vi snakka og om presten Gelius som skulle vere dommar i ein missekonkurranse, men som etter samtale med biskop Kvarme hadde funne ut at det truleg ikkje var så lurt. Eg undra meg på om vi skulle få han til Valle om Theis skulle finne på å reise, men Bjørgulv meinte at det neppe var eit tema å diskutere på lufta.

Det vart ein triveleg time, truleg kan vi kome att med eit slikt programopplegg. No var også Ingbjørg Ellinor Rysstad og Solveig Rysstad komne for å ta telefonen. På lista stod det at det var Tobbi som skulle ha ansvar for dette, men ho hadde bytt med dei. Likevel hadde ho vore innom og laga vaffelrøre, så no var det godlukt i salongen.

Harald

Kommunen informerer ved Ingvar Nes

Share

1. Oppdatering av lokal telefonkatalog
Det er tid for å lage ein ny katalog, den forrige kom i 2003. Dette var hovudoppslag i Bygdenytt nr. 1-06, som er ute no. Retteskjema må sendast inn innan 28. februar. Det er også plass for å krysse av på skjemaet om ein ikkje vil stå i den lokale katalogen. Men det er dumt om ein ikkje står der, for det er ein ressurs for folk som skal finne kvarandre når dei kan gå på nettet eller bruke den lokale katalogen med stor skrift framfor Agder-katalogen.

2. Skatteoppkrevar tilsett
Valle har i ein periode hatt felles skatteoppkrevar med Bykle. No vert denne funksjonen flytta tilbake til Valle att. Kommunen har tilsett John Melhus er tilsett i stillinga.

3. Byggeprosjekt Hylestad skule
Dette er no i gang. Parkeringsplassen nord for skulen er flytta og arbeidet går for fullt inne i personalavdelinga. Planlegginga av tilsvarande arbeid på Valle skule går for fullt.

4. Sjuketransport
Dei som skal transporterast ut av kommunen, må ringe Agder Taxi, 380 02015, men for transport innan kommunen kan ein ringe eit lokalt nummer 90 90 51 26 /
379 36 129.
Sjå
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_nyheter_detalj1.asp?Id_Nyheter=339

5. Torsdag 19. januar: Gubben og katten
Dette stykket vert synt i Storstoga torsdag 19. januar av Askeladden friteater. 40 kroner kostar det. Her er liste over aktuelle bøker i samband med stykket:
http://www.gammafon.no/xp/pub/vannrett1/gubben

6. Faun og Syngjandi
Til innleiing av denne halvtimen tok vi opp tråden frå siste innslag i nyhetstimen, om gruppa Faun som skulle til Valle motell og ha konsert. Dei har hatt mange konsertar saman med lokale kor, mellom anna i Birkenes. Ingvar fortalde at det er Liv Bratlie Løyland som er leiar i Syngjandi no og rette vedkomande å ta opp spørsmålet med. Men han etterlyste fleire menn som kunne ha lyst til å syngje i koret, dei manglar mannsstemmer no.

Nyhetstimen fredag 13. januar 2006

Share

Ansvarleg: Harald Haugland

1.
Tom Arild Homme i studio: Om innfrysingsprosjektet

Prosjektet med å stoppe Brokke kraft i fire dagar i 15 minusgrader er lagt på is 🙂 Grunnen er at grunneigarar i Bygland har krevd at det skal leggjast ut ei lense ved Ose for å samle opp krypsiv som ein reknar med vil kome med isen når vatnet blir sett på att. Ei slik lense må produserast spesielt, og det rekk ein ikkje på den tida som er att no. Prosjektleiar Tom Arild Homme sa at det slik sett ikkje gjer noko om temperaturen held seg høg, for dei kjem ikkje til å gjennomføre innfrysingsprosjektet i vinter.

At dette kjem opp noko seint syner at Krypsivfondet for Otra hadde trengt eit organ der alle kommunane var med, no representerer ordførar Steinar Kyrvestad i Valle kommunane oppstrøms Byglandsfjord, medan ordføraren i Vennesla representerer dei nederste kommunane. For å kome på banen i denne saka hadde planutvalet i Bygland møte i romjola, det er jo ikkje heilt vanleg.

2.
Torhild Sandnes i studio: Bygdefolkets studieforbund har nye kurs, påmelding 21. januar

Dei har tre helgekurs:
Fluebinding på Setesdalsmuseet
silkemåling og acrylmåling på Soknehuset

Dei har også kurs over fleire kveldar:
Matlagingskurs på Valle skule
Datakurs på Valle vidaregåande skule
Kurs for bønder som skal lage driftsplan

Alle husstander i Valle har fått brosjyre med informasjon.

3.
Harald B. Knutsen i telefon 952 33 1 33: Katalogen og 800 stev på nettet. Arkivaren dreg til Telemark.

Katalogen ligg på nettet, og du kan søke i den på type stoff og utøvar eller ord. Snart kjem det også stev der, til no har ein skrive inn 800 stev der ein kan søkje på ord og finne stev som høver i ulike situasjonar.

http://www.folkemusikkarkivet.net/aindex.html
Utlysing av ledig stilling ligg også der.

Harald B. Knutsen skal vere prosjektleiar i 2 år for å leie prosjektet “Bø i Felemark” som legg vekt på å presentere hardingfelebyggjarkulturen i Bø.

4.
Rune Udal på telefon 934 21734: Visegruppa Faun på Valle motell laurdag 14. januar

Rune Udal fortalde om planane for konserten. Han hadde sendt på epost eit kutt frå den eine plata dei har spelt inn, men vi klarte ikkje å få det på lufta. Dei brukar tekstar av André Bjerke som dei har sett melodi til.

Her er link til omtale av plata i Dagbladet:
http://www.dagbladet.no/kultur/2001/10/30/291424.html

Her er meir om Faun
http://www.kulturogspetakkel.no/pressematfoto/faun/pressemat.html

Litt statistikk

Share

Eg har sett på statistikken for bloggen så langt. Her er resultata:

Nov 2005 Des Pr. 14. jan
Viste
sider 6714 432 219
Besøk 166 248 167

Sidevisingar
Når eg seier i sendinga og andre stader at det er over sju tusen sidevisningar, så stemmer jo det, teljaren syner 7365 pr i dag. Problemet er bare at det var over 6700 i november, den månaden det var færrast besøk. Statistikken syner at 9. november var det 1325 sidevisingar på elleve besøk, 21. november var det 1934 på fem besøk, det betyr at kvar gjest hadde nesten 400 sidevisningar. Eg trur nok teljaren har gått varm dei dagane.

Besøk
Difor er det nok meir realistisk å vurdere besøkstala, eventuelt å kutte ut november på visingstatistikken. Då syner det seg at 166 besøk i november auka til 248 i desember. Dei 14 fyrste dagane i det nye året har vi hatt like mange besøk som i heile november månad. Det skulle då vere mogleg å auke besøkstalet i januar i høve til desember. Kom innom bloggen ofte, så kan det skje.

Konkurranse på bloggen
Ein måte å auke besøkstalet kan vere å ha ein konkurranse på bloggen. Då eg la ut 10 stev der folk skulle finne ut kva reisemål eg hadde tenkt på i steva, auka sidevisningstalet, sjølv om besøkstalet ikke auka.

SV er sidevisning, B er besøk
Dato SV B
14.01. 18 14
13.01. 35 14
12.01. 15 13
11.01. 07 07

Send ein mail til meg med idear til bloggen eller program i Valle radio. Adressa er harhaugl@online.no

Harald