Andaktsbøker

Share

Andaktsbøker er ein spesiell sjanger i boksamanheng. I den store oppryddinga i bøker kom også ein del slike for dagen. Dei har små, oppbyggelege stykke for kvar dag i året. Mange slike bøker har forfattarane brukt lang tid på å skrive.  Ein stad las eg at Johannes Daasvand brukte 30 år på å skrive andaktsboka han gav ut.

Tre andaktsbøker dukka opp i boksamlinga mi: Hvil eder litt av H. E. Wisløff, den fekk vi då vi gifta oss. Ludvig Hope si Eit ord i dag kom ut i 1962. Den mest spesiell andaktsboka i samlinga eg kom over denne gongen, var nok Oav Myrstad si bok Fra seier til seier. I den har alle andaktane ei lita historie frå misjonsarbeid rundt om i verda.

Oppbyggelege bøker er ein eigen sjanger. Eg er vel litt usikker på om det kjem ut like mange bøker i den sjangeren no som tidlegare. Men framleis er det mange som har ei stille stund med andaktsbok i løpet av dagen.

 

Predikant og forfattar

Share

I dag fekk vi ein lang artikkel på Setesdalswiki om Johannes Daasvand Vi hadde artikkel om han frå før, så eg la artikkelen inn under tittelen Kristenleder med tung oppvekst.

Artikkelen fortel at Daasvand, som var fødd i 1884, bare hadde folkeskule. Men han var ivrig og las mykje i oppveksten og lærte seg engelsk og tysk. Hans skriftlege norsk var ikkje god, men han fekk hjelp av rektor på Volda lærarskule til å få meir utdanning i norsk mot å ha møter for studentane.

Gjennom åra skreiv Johannes Daasvand mange tusen andaktar i Stavanger Aftenblad under vignetten Plogmannen, han gav ut 20 bøker og var medstiftar av bladet Evangelisten. I bøkene som eg har, var det også ei bok av Johannes Daasvand, Fast grunn. Det er korte tekstar knytt til sundagstekstane gjennom eit år.

Eit år var han lærar på Bibelskolen i Bergen. Frå 1920 til 1930 budde han på Mønnesland, det er ein nabogard til Eskeland, der eg bur. Fem gonger var han på talarferd til USA. Etter at han var blitt pensjonist, besøkte han døtrene som var misjonærar i Afrika.

Dei siste åra budde Johannes Daasvand på Strai i Kristiansand. Der døydde han i 1955. Kona Othelie, som var søster til Martin Sandve, levde til 1976.

 

 

Prioritering

Share

Når det er tysdag burdet prioriteringa vere enkel: Frå klokka 18 til 21.30 høyrer ein på Valle Radio. Siri Johannessen har sommarsendingar og har mykje interessant på programmet:

18.00 Programinformasjon
18.05 Andakt med John Olav Larsen om den kristne glede. Frå

Norea Mediemisjon
18.30 Folk og musikk
– Konserter og litt til med Inger Lise Stulien
– ValleX og Erik Arntsen frå

Bratt friluftsliv
– Konsert og ein prat med Vetle Tveiten Hoslemo
– Henrik West i festivalmodus
– Fire reisende i historiske klær og bunader pluss Randi Myrum
20.30 Postludium – nesten glemt musikk, med Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken
Men i dag måtte eg prioritere annleis. I staden for å logge på nettradio måtte eg logge av og prøve å lade batteria i senga. Eg har vore så slapp og i ulage at sjølv radioen måtte vike.
Likevel kan ein ikkje ligge heile tida, så eg kom meg opp att etter eit par timar og fekk vere med på kveldsmat saman med resten av familien her i huset. Så vart det litt småprat, ein hyggeleg samtale med Øystein, min gode kollega frå Valle vaksenopplæring, gjennomgang av quiz fra Vårt Land, Fædrelandsvennen og Aftenposten med folk som likar quiz, litt meir prating, og så kom tida for bloggen. Snart er det nok loppekassa att.

Epos over kasserte bøker

Share

Epos er eit lengre dikt i bunden form som formidlar ei forteljing. Slike dikt er kjende frå langt attende i tid i fleire gamle kulturar. I kveld kjem eit epos frå Eskeland:

I dag vart mange bøker kasserte,
lagde i posar og transporterte.
Frå hyllene mine dei nå skiftar plass,
om dei hamnar i stove eller på dass,
eg kan ingenting gjere, no er det slutt
på snuing av sider så jamt og trutt.

I posen ligg boka om Ingrid som steikte
og kokte og bakte, på TV seg leikte.
Persillekvasten vi hugsar så godt,
dandert så fint, servert så flott.
Eit leksikon om hundar også forsvant
og Willy Brandt-bok eg kasta galant.

Løvekvinnen og Romerbrevet,
den siste av Øyvind Andersen skrevet.
Om Skagerak-katedralen hadde eg to,
Sabotasje i Nordsjøen har og funne ro.
Molières Den gjerrige samt Liv og lyst
og Ville svaner dro til en annen kyst.

To binds verket som kom frå Det Beste
om Mennesket; bøker eg aldri leste.
Fakkel-boka om Kierkegård forsvunne har
saman med ei bok om St. Josefs bar
og Bibelsk billedordbok, lita og nett,
saman med En hekto kandis eg ikkje har sett.

Produksjon i regn

Share

I det overstrøymande regnveret i dag valde eg å skrive litt på Wikipedia og Setesdalswiki. Vi har hatt ein stor ryddeaksjon i bokhylla og det gav grunnlag for mange artiklar. Dei fleste kom på Wikipedia, men det vart jo litt på Setesdalswiki også.

I mange av artiklane som alt er på Wikipedia, mangla det kanskje ei bok eller noko utfyllande opplysningar. Var det ein prest som var forfattar, kunne eg også finne noko i den presteboka som eg fekk for ein tjuekroning i bruktbutikken i Lyngdal i vinter, eller kva tid det no var. Den kom ut i 1974 og eg har funne mange fakta i den.

Mellom anna skreiv eg om Leif M. Michaelsen. Han var læraren min på Norsk Lærerakademi og skreiv om 1. Mosebok i Bibelverket. Og så skreiv eg om George Johnsen på Setesdalswiki. Han var prest i Kristiansand og skreiv mange oppbyggelege bøker.

Av og til lurer eg på om eg også skulle skrive litt om bøkene på wikipedia, men det har eg droppa. På Setesdalswiki gjer eg som eg vil, så der kjem det kanskje noko meir av og til.

Når eg så har skrive om bøkene, hamnar dei i ein plastpose. Den vil nok bli levert inn på ein gjenbruksbutikk. Så må eg bare unngå å kjøpe dei tilbake fordi eg er innom og ser noko interessant.

 

 

Program på YouTube

Share

I dag klokka 17 vart det lagt ut eit progam frå Valle Radio på YouTube. Det skjer jo ikkje så ofte, så vidt eg veit.

Siri Johannessen hadde ein prat med Inge Magnus Vasvik. No har han teke dette programmet og lagt til bilder og film med dei sangane som vart brukte i programmet.  Eg klypte frå presentasjonen han gjer i samband med programmet.

VASVIK MEDIA

24k abonnenter
ABONNER
Program om VASVIK MEDIA (1968-2020). Viser 280 bilder med tekst + 4 sanger på video. Siri Johannessen var interessert i et møte med mannen bak VASVIK MEDIA, og vi kom inn på hvordan det hele startet med at jeg gjorde opptak av farfar, Mathias Vasvik, fra 1968 av da han talte på møter rundt forbi. Videre om utviklingen fra kassett til CD og overgang til video-opptak og DVD-produksjon. Jeg forteller om hvordan jeg i 2009 fikk proffe videokamera og startet å filme for P7 Kristen Riksradio. Har nå levert ukentlige TV-program til de i 11 år og har også redigert deres program God Søndag i ca 5 år nå. Det sendes på Kanal10Norge og på Frikanalen (RiksTV). https://valleradio.com/ https://www.facebook.com/Valle-Radio-… VASVIK MEDIA YouTube: https://www.youtube.com/vasvikmedia Facebook:https://www.facebook.com/vasvikmedia Nettside: https://vasvikmedia.no

VIS MINDRE

 

Sauer i fjellet

Share

I kveld var det igjen sending i Valle radio. Siri Johannessen hadde laga eit variert program for ei sommarsending. Ho lurer nok litt på om det er mange som høyrer på i denne tida, men truleg er det nokre som får det med seg anten på FM eller på nettradio.

Eit tema i kveld var sauer i fjellet. Då snakka ho med Kåre Blålid frå Lillesand. Han er leiar i Aust-Agder Sau og Geit. I styret har han med seg Linn Kristin Flaten, Sven Reiersen, Trygve Steine og Jorunn Synnøve Uppstad.

Kåre Blålid har sauene sine i området nord for Bjrnevasshytta, Der har dei det godt om ein tenkjer på ville dyr som kunne jakte på dei. Men laushundar i fjellet er ei plage. I år har han funne 5 sauer som er sprengt så dei døyr. Det betyr det doble i morlause lam, og dei kan ofte vere vanskelege å få inn om hausten. Sauene hadde GPS og kunne difor sporast. I går var han på heia for å sjå etter dyr utan GPS som også kunne vere borte, og han fann eitt I sendinga vart vi minna på at det er bandtvang frå 1. april til 20. august, – uansett. I Valle er det endåtil streng båndtvang, som han kalla det.

Når det gjeld sauer drepne i trafikk, så skje det sjeldan, men om det skjer, så er det viktig at sjåføren melder frå. Det står navn og adresse på klaven til sauen, så det burde ikkje vere vanskeleg å gje melding. Det er inga straff, men det høyrer med til dyrevelferd at eigaren får ta hand om dyret når uhellet er ute.

Svarpå quiz

Share

I går mista vi internett, det var borte i over sju timar, så eg fekk ikkje skrive noko på bloggen i går kveld. Fredag kveld la eg ut nokre spørsmål basert på siste nummer av Setesdølen. Her er svara:

  1. Kven er leiar i Evje Handels- og Serviceforening? Else Haugland
  2. Kven stiller ut kunst på Eikerapen gjestegard? Anne Elisabeth Nitteberg og Gerlinde Streit
  3. Kva år vart Grete Skomedal fødd? 1946
  4. Kva gjer Margit Løyland? Ho arbeider i Riksarkivet
  5. Kor gamal blir Magne Normann Kjetså? 70 år
  6. Kva er Nico Widerberg kjent for? Maleri og grafikk
  7. Kva heiter kommunelegen i Bygland? Åsulv Horverak
  8. Kor vart regnbogeflagg rive ned? I Valle
  9. Kva sel Vegard Hansson? Steinar
  10. Kven driv Setesdal Bunadsenter? Solveig Landelius

Det verkar som om det blir innever i morgon. Då kan du finne noko å lese på Setesdalswiki, for eksempel artikkelen om Sara Oust.

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Sara_Oust

Den er interessant og fortel noko om bakgrunnen for samfunnet vi har i dag.

Meir quiz

Share

Kvar kveld kosar vi oss med quiz her i stova. Spørsmåla finn vi i Fædrelandsvennen og Vårt Land, og så kjem Helge med spørsmål han finn i Aftenposten. Til saman dekkar vi ganske mange område.

I kveld tenkte eg å lage ein quiz basert på Setesdølen sitt siste nummer.

  1. Kven er leiar i Evje Handels- og Serviceforening?
  2. Kven stiller ut kunst på Eikerapen gjestegard
  3. Kva år vart Grete Skomedal fødd?
  4. Kva gjer Margit Løyland?
  5. Kor gamal blir Magne Normann Kjetså?
  6. Kva er Nico Widerberg kjent for?
  7. Kva heiter kommunelegen i Bygland?
  8. Kor vart regnbogeflagg rive ned?
  9. Kva sel Vegard Hansson?
  10. Kven driv Setesdal Bunadsenter?

Prøv denne quizen i morgon på folk du er saman med. Om dei klarar den, vil du vite at dei har granska Setesdølen i dag.

Postludium

Share

I går var det sending i Valle Radio. Om du ikkje fekk med deg Postludium, kan du truleg finne musikken på Spotify og høyre den i ei kveldsstund før du legg deg eller i ei morgonstund før folk har stått opp. Difor legg eg ut spelelista til ein halvtime med fin musikk her på bloggen i kveld. Tema for programmet var Pastorale, hyrdemusikk, og Siri Johannessen presenterte desse verka:

  • Giaches de Wert (1535-1596), libretto ved Torquato Tasso (1544–1595): Non sospirar, Pastor (IGW 39), fremført av Kühn Chamber Soloists under ledelse av Pavel Kühn. Fra albumet Torquato Tasso in the music of his comtemporaries (1996).
  • Padre Narciso da Milano (1672-17??): Første sats fra Musica per organo: «Pastorale», spilt av Letizia Romiti på orgelet i Jomfru Marias opptagelse i himmelens kirke i Grondona, Allesandria i Italia. Fra albumet Organo di Grondona (2009).
  • Johann Sebastian Bach (1685-1750): Fjerde sats, «Gigue», fra Pastorale i F-dur (BWV 590), spilt av E. Power Biggs. Fra albumet Bach: Works for organ (1961).
  • César Franck (1822–1890): Fjerde sats, «Pastorale» (op. 19), fra Six pièces pour grand orgue, spilt av Bjørn Boysen på Kuhn-orgelet i Uranienborg kirke. Fra albumet César Franck: Organ Works (2017).
  • Josef Rheinberger (1839-1901): Andre sats, «Pastorale», fra 6 pieces (op. 150), spilt av Magne H. Draagen på orgelet i Bragernes kirke og Elise Båtnes på en fiolin av A. Stradivarius fra 1689. Fra albumet Soli Deo Gloria (2010).
  • Max Reger (1873-1916): «Pastorale i F-dur», andre sats fra Zwölf Stücke für Orgel (op. 59), spilt av Irénée Peyrot, kantor ved Marktkirken i Halle-Saale på kirkens Schuke-orgel. Fra albumet Max Reger: Works for Organ, vol 4 (2020).