Merkelapp-arkiv: kommunen informerer

Overskot i rekneskapen

Share

Det er alltid gildt med overskot i rekneskapen, og då økonomisjef Wenche Erland Gundersen i Valle kommune var gjest i programmet **Kommunen informerer** onsdagskvelden, kunne ho fortelje om eit overskot på 2,5 millionar kroner i rekneskapen for 2007.

Før ho kom så langt, rosa ho revisor som hadde prioritert Valle i år. Det fører til at ein kan leggje fram rekneskapen i komande kommunestyremøte, altså i april, som vert sendt på radioen onsdag 30. april. Til vanleg har dette vore handsama i junimøtet, så at det kjem to månader tidlegare enn vanleg var ho svært nøgd med. Resultatet har vore oppe i utval og i formannskapet, så det er bare å setje seg ved radioen onsdagskvelden og høyre Wenche der, om ein då ikkje vil stikke innom i salen og få det med seg direkte.

Sjølv om det kjem i radioen onsdagskvelden, nemnde Wenche at dei totale driftsinntektene til kommunen var på 141 millionar. Av dette kjem 56 millionar frå kraftselskapa, altså 40 prosent. Totale driftsutgifter var 138 millionar, av dette er 61% løn. Finansinntekter og utgifter går i balanse. Overskotet vil politikarane (i alle fall i formannskapet) bruke til å delfinansiere bru og veg frå fylkesvegen til Brokke skianlegg. Dette er forskottering som ein vil få inn att ved utbyggingsavtalar etter kvart som folk byggjer der. Planen er i følge det som kom fram i eit program i radioen tidlegare at ein til neste år skal ha ferdig dette.

Wenche fortalde og om nokre store prosjekt ein har hatt i 2007:

Åsan 2 bustadfelt – byggeklare tomter
Vannledning Hovet/Nomeland
Ljosløypa på Furustøyl
Varmepumpe på kommunehuset og ventilasjon
Fiberkabler og aksessnett – held fram i 2008
Brannbil

Ho og Ørnulf Hasla hadde ein triveleg og interessant samtale om desse prosjekta.

Takk til Wenche som let meg få låne eit fyldig manuskript som grunnlag for innlegga på bloggen.

Tysk musikk i Valle Radio

Share

Det er ikkje mange som spelar tysk musikk i Valle Radio, men Wenche Erland Gundersen har gjerne med seg tysk musikk når ho er innom for å informere frå Valle kommune. Slik var det og onsdag, då hadde ho **Helene Fischer – mitten im paradies** og **Nik P – einen stern der deinen namen trägt**

Om Helene Fischer finn du meir på tysk wikipedia, sjå http://de.wikipedia.org/wiki/Helene_Fischer
eller den norske artikkelen her
http://no.wikipedia.org/wiki/Helene_Fischer

Om Nik P. finn du og meir på tysk wikipedia: http://de.wikipedia.org/wiki/Nik_P.

Mellom desse platene fekk Wenche plass til fleire saker:

**Skanning av inngåande fakturaer**
Dette vert innført i Valle kommune samstundes som ein oppgraderer økonomisystemet. No skal alle fakturaer sendast til Valle kommune, postboks 4, 4747 Valle. Ein skal ikkje ha rekninger direkte til skulane eller andre etater, alt skal vegen om denne felles adressa for å bli skanna.

Wenche presiserte at ein på grunn av skanninga må stille krav til faktura: Helst svart skrift på kvit bakgrunn – org.nr, bankkonto, fakturanr. Og det er viktig å få med kven som har bestilt varen, ein skal oppgi ressursnummer. Forfall 30 dg. Om ein får handskrivne fakturaer, må dei skrivast inn manuelt, så det likar ein ikkje så godt.

Dei som skal attestere og tilvise vil ikkje får noko papir på pulten, men det poppar opp ei melding på mail at det ligger noko til tilvising på pc-en som dei må inn å klikke seg gjennom. Dei har ikkje fått opplæring eller informasjon ennå, ein set i gang i siste halvdel av mai.

**Skatt**
Wenche minna om at det er viktig å gå gjennom sjølvmeldinga, sjølv om ein no ikkje treng å levere inn om ein ikkje har korrigeringar. Oppgjeret kjem like før St. Hans, men sjølvstendig næringsdrivande må vente til hausten.

**Prosjekt**
Sentrale prosjekt i kommunen no er å få klart det som skal til for å bygge om på Valle skule. Ein reknar med å kome i gang rundt årsskiftet. Andre etasje er ferdig og brukarane er godt nøgd. Neste etappe er første etasje.

Eit anna prosjekt er gang- og sykkelveg til Honnevje. Den skal vere ferdig til badesesongen startar. Då Ørnulf lurte på om det kunne gå, dei er ikkje komne i gang ennå, meinte ho at dei nok skulle klare det, for førebuingane var gjort.

**Formidlingslån**
Den siste saka ho hadde på blokka si, var formidlingslån. Det er lån som kommunen låner inn frå Husbanken og så låner vidare ut til folk som vil etablere seg i eigen bolig for fyrste gong eller til vanskeligstilte som har behov for lån til bolig Det heiter startlån og kan brukast som eit andreprioritetslån til kjøp av bustad eller bygging av bustad. Det fylgjer Husbanken sine reglar, men vert handsama i kommunen. Valle kommune har ledige midlar innan denne type lån.

KOSTRA

Share

I **Kommunen informerer** onsdag 23. april hadde økonomisjef Valle kommune eit interessant og rikhaldig innlegg der ho og kom inn på nokre av KOSTRA-tala for Valle. Dette er eit system ein nyttar for å samanlikne kommunar sin bruk av ressursar mellom anna. Ho kunne då fortelje:

**Folketalet** har gått opp litt, frå 1320 til 1326, vi har plass til fleire og ledig kapasitet i skole og barnehage.

**Lånegjelda** vår er svært høg, den er på kr 55 tusen pr. innbyggjar, mens gjennomsnittet i Aust-Agder ligg på det halve.

**Barnehage** kostar kr 84 635 pr. innbyggjar 1-5 år – godt over samanlikningsgrupper

**Skule** kostar kr 106 387 pr. innbyggjar 6-15 år – over Aust-Agder, under gruppe 16

**Administrasjon og styring** kostar kr 11 167 pr. innbyggjar – langt over Aust-Agder, men under gr. 16

Det kostar kr 674 tusen å drive ein **sjukeheimsplass ** i Valle

KOSTRA data er tilgjengeleg for alle på internett – ssb.no – ureviderte tal foreløpig.

Gruppe 16 er gruppa av rike kommunar.

Ta turen innom http://ssb.no/ og sjå sjølv. Du må gå på KOSTRA under Andre innganger og når du vel Til tallene, kjem det opp høve til å velje kommune.

Kommunen informer 2. april 2008

Share

Denne kvelden skulle Unn-Merethe Nordby vore med i Kommunen informerer. Men noko hadde kome på for henne i dag, så Ingvar Nes kom i staden. Men han hadde med seg fleire saker som var relatert til avdelinga:

**Transport**
Det har vore vanskeleg med transport til dagsenteret 118b, som er eit samarbeidsprosjekt mellom Psykisk Helse og Habilitering. På dagsenteret 118b har dei nyleg innreidd loftsetasjen, slik at det skal verte betre plass for brukarane, og det syner seg at det er så stor etterspurnad etter eit slikt tilbod at ein har lyst etter miljøarbeidar i halv stilling.

Men det har og vore vanskar med transport generelt i kommunen etter at Gunnar E. Helle gav opp drosjekøyringa. Med bare eitt løyve i kommunen har det vore vanskeleg å rekke over alle. Men no er det kome ein bil til hos løyvehavaren som er att, og han har fått ein sjåfør ekstra, så no er det von om at situasjonen skal betre seg.

**Demens**
Det er oppretta eit demensteam som skal lage rutinar for utgreiing av demenssjukdomar. Teamet er breitt samansett med lege, fysioterapeut, vernepleiar og sjukepleiar. Dei skal gje kommunen sine innbyggjarar informasjon om demens og syte for at det kjem tilbod til personar som er ramma av demens og pårørande. Dei skal og finne gode metodar for utgreiing av demenstilstander og arbeide med å opprette tilbod om dagsenter for brukargruppa. Dagsenter er eit godt middel i mange situasjonar, kunne Ingvar Nes fortelje.

**Kommunikasjon**
I samband med planen for kompetanseheving skal avdelinga ha kurs på Sølvgarden 16. april. Tema er Kommunikasjon med eldre menneske. Føredragshaldaren Ken Heap kjem frå Oslo, han har skrive boka Gruppemetode for sosial- og helsearbeidere, som har kome i mange opplag. Men han har og skrive Samtalen i eldreomsorgenKommunikasjon . Minner. Kriser. Sorg Kommuneforlaget 1994 Den boka kan kanskje vere eit grunnlag for kurset. I eit anna innlegg på bloggen skal eg hente litt stoff frå den boka.

**Ny leiar i Open omsorg**
Monique Jore sluttar i stillinga som avdelingssjukepleiar i open omsorg etter mange år. Ho skal jobbe som sjukepleiar ved sjukeheimen frå 15. mai. Ny i stillinga er Ingebjørg Haugen, som har lang erfaring som sjukepleiar i open omsorg. Ho tek til 1. mai.

**Fem dagars skuleveke**
Ingvar kunne fortelje at administrasjonen innstiller til politikarane å vedta fem dagars skuleveke også i småskulen frå neste år. Grunnen er at Stortinget har vedteke å auke timetalet i norsk, engelsk og matematikk på barnetrinnet. Det vil endre situasjonen for mange som no har lagt opp til å ha fri frå jobb onsdagane for å vere heime med borna. No vil dei vere på skule alle dagar i veka.

Onsdagskveld med Ørnulf

Share

Denne onsdagen var det Ørnulf Hasla som hadde ansvar for fyrste delen. Den aktuelle timen var eit intervju han hadde laga med **Olav K. Hovet**, som hadde fått Hæren sin gullplakett for 22 år som områdesjef i Heimevernet. I tillegg hadde han fått eit par andre utmerkingar då han gjekk av, så samtalen gjekk lett om mange sider ved det å ha eit lokalforsvar i grisgrendte strok av landet. I tillegg kom dei inn på andre sider som Olav har engasjert seg i.

Deretter var det **Elise Marie Kringen** som var i elden. Ho hadde med seg **Kristin Brokke**, som er talsperson for FAU ved Hylestad skule, der Elise Marie er rektor. Dei skulle ha bygdekveld i morgon, torsdag. Alt frå klokka 15 kan folk kome på Hylestad soknehus og kjøpe middag, deretter er det åresal utover dagen. Så vert det underhaldning frå klokka 18, elevane har lært å danse gangar, det skal dei syne fram saman med mange andre programinnslag. Denne gongen har dei fokusert på fortida og leita fram tema frå gamle dagar.

Siste innslag i den aktuelle timen var ein prat med **Gunnar A. Rysstad**, som hadde reist til Dubai på ferie. Då klokka var nesten sju om kvelden her, var ho blitt nesten ti der nede. Dei sat ute på ein fortausrestaurant, det var 20 varmegrader, og i dag hadde det vore 29 grader i sjøen. Bensinen var noko billigare der nede, bare 2,50, så bilane var store, sa innehavaren av Statoil Rysstad, som og fortalde at avstandane var så store at dei helst måtte ta taxi, det var ikkje lett å spasere rundt. Gunnar var og imponert av all byggeaktiviteten, dei heldt på å bygge verdas høgaste hus der, den skulle vere 7-800 meter høg. Og det var ikkje det einaste dei bygde, det var byggkraner kor ein snudde seg.

I Kommunen informerer frå klokka 19:00 var det **Rune Ingebretsen** som var gjest. Han er nytilsett for å arbeide med næringsutvikling i Valle. Han er frå Lyngdal, men har feriert i Valle i 25 år og har skaffa seg hytte i Everdalen. Han meinte at turistrelatert aktivitet kunne ha mykje for seg i kommunen. Han kunne og fortelje at det no vert levert ut nye posar til matavfall, posar laga av mais. Dei er vanntette, men vert oppløyste på søppelplassen. Han minna og om nokre søknadsfristar i februar og mars og oppfordra folk til å fylgje med på nettsidene til Valle kommune. http://www.valle.kommune.no/Modules/Default.aspx

Kommunen informerer vår 2008

Share
Dato “Kommunen informerer”  Valle radio 
09.01 Bygg eigedom og anlegg
16.01 Kulturdrift
23.01 Valle skule
30.01 Kommunestyremøte
06.02 Utvikling
13.02 Velkomstsenter
20.02 Sosial og arbeid
27.02 Kommunestyremøte
05.03 Rådmann
12.03 Hylestad barnehage
19.03 Valle barnehage
26.03 Kommunestyremøte
02.04 Pleie og omsorg
09.04 Driftssjef
16.04 Utvikling
23.04 Økonomi
30.04 Kommunestyremøte
07.05 Helse
14.05 Velkomstsenter
21.05 Bygg, eigedom og anlegg
28.05 Valle skule
04.06 Kulturdrift
11.06 Rådmann
18.06 Utvikling

Inntektene til Valle kommune

Share

Når Wenche Gundersen kjem i Valle Radio er det som regel for å fortelje om økonomien i Valle kommune. I kveld snakka ho om Statsbudsjettet. Etter det får ikkje Valle auka overføring komande år, men må klare seg med same rammetilskot som i dette året, 18 millionar. Her er dei ulike inntektspostane til kommunen:

26 mill – Skatt på inntekter og formue
56 mill – Frå kraftselskapa (inkludert 13 mill Naturressursskatt)
18 mill – Rammetilskot

Budsjettet for 2008 er sett opp med utgangspunkt i tala for 2007. Det er mange gode tiltak som slåst om dei frie pengane, det som ikkje alt er bunde opp til drift av kommunen. Mellom anna må ein finansiere breiband til alle. Den utbygginga som ein gjer i samarbeid med Bykle Breiband når det gjeld kabling i kommunen er delvis finansiert i år, men noko må takast til neste år. Det same gjeld gang- og sykkelvegen frå Øyne til Honnevje.

Eg reknar med at nye politikarar har mange tiltak dei vil ha inn på budsjettet, så Wenche har ein vanskeleg jobb med å finne pengar til alle gode tiltak. Budsjettframlegget for neste år er ikkje ferdig enno. Om du vil fylgje med, kan du gå til kommunen sine heimesider: http://www.valle.kommune.no/

**Musikken til Wenche**
Wenche likar å ha med seg musikk frå Tyskland når ho kjem i studio. I kveld hadde ho med seg musikk av Richard Clayderman og Stefan Mross, sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Richard_Clayderman
http://no.wikipedia.org/wiki/Stefan_Mross

Sistnemnde artist si plate var Immer wieder Deutshland, sjå
http://www.abella.de/detailanz/produktanzeige.rt?prid=491506
Den første var ein melodi med flygel og orkester. Melodisk og vakker musikk, Wenche set sitt eige merke på programmet med den musikken.

Kulturveke i 2007

Share

Frå 5. oktober, det er midt i haustferien, vert det kulturveke. Første programmet er ein opningskonsert som Folkeakademiet arrangerer i Storstoga klokka 20 med Kirsten Bråten Berg, Arild Andersen og Paolo Vinaccio. Om du vil vite meir om desse musikarane, kan du sjå på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Paolo_Vinaccia
http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Andersen
http://no.wikipedia.org/wiki/Kirsten_Br%C3%A5ten_Berg

Alle er musikarar som har fått Gammleng-prisen, sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Gammleng-prisen

På sett og vis kunne det vore nok med konsert med ein av desse toppane i norsk musikkliv. Å få alle til å stille opp i Storstoga same kvelden, er ei bragd. Leif Kvinlog fortalde om programmet for Kulturveka i Kommunen informerer onsdagskvelden 19. september, det er bare vel to veker til det heile startar.

Seinare same kvelden vert det så Sauedans på Valle Motell. Då er det Mac Meadows som skal spele. Meir om dette bandet finn du her:
http://www.macmeadows.com/info.php

Denne fredagskvelden er det og sending i Valle Radio. Det er for heile dalen, og det er Bjørgulv T. Berg som skal vere programleiar og ansvarleg for kvelden. Rolf Erik Homme skal ha Open sending.

Det vert altså tre tilbod denne fredagskvelden før sjølve sauesjået. Som vanleg skal Bygdekvinnelaget ha basar i Menighetshuset sauesjådagen. Det har dei hatt sidan 1949, det har vore den faste inntektskjelda til laget, som i år fyller 60 år. Det skal dei etter det eg forstår markere med medlemsfest tysdag 25. september.

Dette var ein fyrste smakebit av programmet for kulturveka 2007. Meir kjem etter kvart.

Motorferdsle i utmark – feil i vedtak

Share

Onsdagskvelden var driftssjef Ingvar Nes i Valle Radio i programposten **Kommunen informerer**. Her kunne han fortelje at formannskapet hadde vedteke ein høyringsuttale om motorferdsle i utmark. Den var samrøystes, men den var på to sider, så det ville føre for langt å lese opp alt som stod i den høyringssuttalen. I staden lova han å leggje den ut på kommunen sine heimesider, og no ligg den der, sjå http://www.valle.kommune.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=814&Category.ID=1145

**Nytt regelverk for motorferdsle i utmark – høyringsuttale**
Eg kopierer ikkje heile uttalen her, du kan klikke på lenka over. Men eit lite avsnitt tek eg med, for det kan etter mi meining ikkje vere rett. Det gjeld punkt 2.2. Lokale brukarinteresser, siste avsnitt. Der står det:
Valle kommune forfektar sjølvsagt **ikkje** at også slik køyring må underleggast omhyggeleg vurdering før løyve, men slik vurdering kan med fordel gjerast, som understreka tidlegare i uttala, i samanheng med løypeplanar og som del av ein heilskapeleg planmessig arealforvaltning.

Det må vere feil, etter mi meining og bør rettast opp i neste kommunestyremøte. Det er kome eit ikkje for mykje i første linja. Eg har utheva det og meiner det må bort. Ut frå innhaldet i resten av uttalen, kan det ikkje vere meininga at dette skal stå her. Valle kommune meiner (forfektar) at slik køyring (av grunneigarane) skal underleggjast omhyggeleg vurdering før løyve……

Om formannskapet sov etter valet, veit eg ikkje, men eg vonar at dei vaknar til neste kommunestyremøte. Etter det eg høyrer, skal nytt kommunestyre konstituerere seg i septembermøtet, som vel som vanleg er siste onsdag i månaden.

Stev og musikk og litt til

Share

I Kommunen informerer snakka Øyvind og Leonhard om **Stev for dagen** etter at ein hadde presentert dagens stev frå samlinga til Kirsten Bråten Berg og Astrid Rysstad. Stevkulturen er levande og Kirsten si tolking er flott og slåande. Akvarellane av Kari Rolfsen er av høg kvalitet og Øyvind beundrar det som ho lagar og dei kan ein kjøpe.

Utstillinga av Torvald Moseid sine kunstverk på Setesdalsmuseet er ei strålande samling ikkje bare av broderia hans, men av treskjering og porselensarbeid. Teppet er 62 meter langt, og museet måtte ta ned dei andre utstillingane for å få plass til det. Det vert samanlikna med Bayeux-teppet, som er over 900 år gamalt. http://no.wikipedia.org/wiki/Bayeux-teppet

I Rjukan laga han og ni glasmåleri, sju på den eine sida, to på den andre. Dette var Leonhard i Rjukan og fotograferte, og så laga dei plakatar som dei har på museet for å ha med på utstillinga. http://www.setesdalsmuseet.no/

Leonhard samlar og inn stoff til jubileumsbok om Fjellgardane kyrkje og ville gjerne ha bilete frå folk som måtte ha noko.