Merkelapp-arkiv: kommunen informerer

Kommunen informerer Anna Arneberg

Share

Rådgjevar skog og utmark, Anna Arneberg, var gjest i Kommunen informerer onsdag 17. januar som representant for avdeling Plan og utvikling. Ho hadde fleire ting på blokka:

**Utsett frist for brannvarslingsanlegg i sauefjos**
http://tinyurl.com/23k6hw
Sauefjos med over 30 vinterfora dyr må han brannvarslingsanlegg. Men fristen for å få det på plass er utsett til 1. september.

**Kjøp av mjølkekvote**
Ho fortalde at fleire bønder i Valle hadde kjøpt mjølkekvote og at kommunen har eit tilskot til dette. Men no er det eit nytt oppslag på heimesida om ekstraordinær kvote. Så her er det vel helst: Løp og kjøp, tenkjer eg.
http://tinyurl.com/2ykz25
Ekstraordinært kjøp av økologisk mjølkekvote

**Årskort i Brokke**
var ikkje på lista hennar, men eg tek det med, for fristen er utsett i høve det som driftssjef Ingvar Nes sa i ei sending tidlegare. Ny frist er 1. mars. Ta kontakt med velkomstsenteret om du vil vite meir.

**Spitekafe**
Anna er ein ivrig deltakar på spitekafeen som er kvar onsdagskveld frå klokka 18 på Husfliden. Då ho var i radioen onsdag, hadde ho ein liten pause, og ho nytta høvet til å slå eit slag for den, det er plass til fleire, og det er eit triveleg fellesskap anten ein spitar eller gjer andre ting.

Pleie og omsorg

Share

Unn Merethe Nordby er pleie- og omsorgssjef i Valle kommune. Den jobben har ho hatt vel eitt år. Ho bur på Breive, så ho har lang køyreveg for å kome på jobb, men trivst i jobben. -Sjølv om det er litt langt, slepp eg å stå i kø, seier ho.

Onsdag 13. desember var ho gjest hos Bjørgulv T. Berg i programmet Kommunen informerer. Det var første gongen ho var i radioen, så ho var litt nervøs. Som pleie- og omsorgssjef er ho oppteken av at brukarane, anten dei får heimebasert omsorg eller får tenester på Valle Alders- og Sjukeheim (VASH) skal oppleve at tenesteytarane samarbeider. -Vi må hugse at vi er her for brukarane våre, sa ho.

Ho skrytte og av situasjonen i Valle, der det er nærleik til brukarane og ikkje lange avstander mellom dei som yter tenestene og brukarane. Elles fortalde ho at det er blitt mykje større krav til dokumentasjon i sjukepleietenesta. På VASH har dei lagt om til datajournal, og omlegginga har teke mykje tid i starten, men etter kvart går det betre, ikkje minst fordi folk hjelper kvarandre.

VASH skal innføre Miljøfyrtårn i 2007, der alle tilsette skal ta ansvar for miljøet. Det gjeld avfall, som skal kjeldesorterast, det gjeld vaskemiddel og det gjeld arbeidsmiljøet.

Kommunen informerer

Share

Onsdag 6. dewsember var driftssjef Ingvar Nes på plass i studio for å vere med i programmet Kommunen informerer. Tidlegare hadde Bjarne Voldseth vore og fortalt om Syngjandi sin jolekonsert, og teknikar Gudrun Rysstad syng og i koret, så då hadde vi tre stemmer, og eg føreslo at dei kunne jo ta ein trall, men dei meinte at folk fekk heller kome på konserten den 17. desember i Bykle klokka 17 eller Valle kyrkje klokka 1930.

Ingvar hadde med seg eit rykande ferskt nummer av Bygdenytt og minna om fleire ting:

1. Om du skal søkje bustønad, kan du vende deg til Velkomstsenteret.
2. DVD med Kardemommeby kan vere ei fin jolegåve. Kan kjøpast hos Hasla i Valle sentrum eller Valborg Nomeland på Rysstad.
3. Ungdommens kulturmønstring for Btykle og Valle vert onsdag 7. mars 2007 i Bykle samfunnshus.
4. Møykjerommet er ope frå 2. joledag til laurdag 30. desember, alle dagar frå 16-22.
5. Bamsfest på biblioteket torsdag 21. desember kl. 17.00 Ljosbilete Snekker Andersen og jolenissen.

Elles kunne han fortelje om nokre av tiltaka som er aktiviserte i budsjettet for 2007. Dei kjem vi nok tilbake til seinare.

Per Kristiansen i Kommunen informerer

Share

Det vart ein svært hyggeleg kveld mellom deltakarar i oppsettinga av Kardemommeby då Per Kristiansen prata med Theis Salvesen onsdagskvelden. Per er rektor i Musikkskulen og ansvarleg for Kulturdrift i Valle kommune. Dei mimra mykje om tre kveldar i Storstoga sist helg, der unge og eldre gledde seg over stykket.

Her er lenke til Kardemommeby i Kristiansand:
http://www.kristiansand.as/dyreparken/kardemommeby.php
og til sida om stykket hos NRK
http://www.nrk.no/programmer/sider/folk_og_roevere_i_kardemomme_by/

Theis fortalde at han i studietida hadde vore vikarlærar ein periode, og då skulle han ta med seg klassen til Sjøfartsmuseet. Der møtte dei ein eldre mann, og Theis lurte på om han var vaktmeister. -Eg er Torbjørn Egner, svara mannen, som hadde eit barnebarn i klassen til Theis.

Her er lenke til side om Thorbjørn Egner hos wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Thorbj%C3%B8rn_Egner
og hos Dyreparken i Kristiansand:
http://www.dyreparken.com/index.jsp?a=34140

Per fortalde om kva pengane som hadde kome inn, skulle brukast til. Sjølv om alle var med utan å få betaling, også musikarane frå Kristiansand gjorde dette på dugnad, så kostar det å leie kostymer og kulissar, både når det gjeld frakt og sjølve leia. Kulissene skulle leverast tilbake til teaterlaget på Hadeland denne helga. Om det vart noko att til slutt, skulle dei pengane brukast til å starte opp eit teaterlag i Valle. Det er teaterlag både i Bykle og Bygland, og ein vil prøve å få til noko også i Valle kommune.

Hylestad skule

Share

Hylestad skule er barneskule for Rysstad. Omtale av skulen på kommunen sine heimesider finn du her:
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_hylestad_skule.htm

Astrid Opdahl Knutsen er rektor, og onsdag kveld var det hennar tur til å kome i Valle radio sitt program Kommunen informerer.

Astrid ringte meg på måndag for å førebu seg, ho sa at ho trudde ikkje ho hadde så mykje å snakke om, det meste ho visste, var kjent frå før. Men tysdag kom Setesdølen, og der var det ei heil side med stoff frå Hylestad skule. Den var laga av 6. klasse på skulen i samarbeid med læraren deira, Knut Brokke. Astrid fortalde at det er eit prosjekt Setesdølen inviterer skulane til å vere med på, og det går rett inn i det faglege arbeidet for dei å arbeide med dette. Sjå
http://www.setesdolen.no/ Du finn ikkje sida frå Hylestad skule her, Setesdølen legg bare ut framsida av avisa på nettet.

Desse elevane hadde laga sida: Svein Håvard Helle, Knut Helge Bratteland, Knut Haatveit Hovet, Kristin Elisabeth Helle og Grethe Bjørgum. Her hadde dei ein samleartikkel om skulen der dei skriv om uteområdet, dagleg trim, ombygging, nye datamaskinar, miljøprisen, fadderordninga og elevrådet. I samtalen mellom Astrid og meg var vi innom mange av dei same punkta.

Astrid fortalde at ho lurte på om det kom til å vere noko att å fortelje om i radioen etter at dei hadde skrive om skulen, men eg meinte at ho hadde gjeve det beste opplegget for programmet gjennom å gje lyttarane høve til å finne fram avisa og lese om det vi snakka om.

Uteområdet til skulen er blitt svært bra, og no når bilane er kome lenger bort frå sjølve skuleplassen, fungerer det godt å få til oppstilling før dei skal gå på bussen. Leikeområdet kan ein nesten seie er unikt med gode variasjonar både sommar og vinter. Skulen har eit kvarter trim kvar dag klokka kvart på ti. Då går både lærarar og elevar til Sylvartun eller til krysset der vegen går til Hovet og Bjørgum og tilbake til skulen. Anten veret er godt eller mindre godt, dei går i all slags ver.

Ombygginga ved skulen har vore vellukka på alle måtar. Siste delen er ferdig og arbeidsrom til personalet er no fullført med gode arbeidsplassar til alle lærarane så vel som til rektor. Kopiering og skulemateriell er no samla slik at det er lett å finne.

Kvar månad deler skulen ut miljøpris til den klassen som er best når det gjeld miljø, både fysisk og psykisk. Dei får vurdering av reinhaldar Randi Uppstad når det gjeld reinhald i klasseromet, og av lærar i samarbeid med klassen når det gjeld miljøet mellom elevane. Skulen har og etablert ei fadderordning der elevane i 6. klasse hjelper elevane i fyrste klasse.

Meir enn dette nådde vi nesten ikkje. På sidene i Setesdølen står det og at skulen var med i Regnsjekken som NRK organiserte i Ekstremvêrveka, veke 39. Det fekk vi ikkje tid til å ta opp, men Astrid hadde funne musikk der dei rappa tre-gangen, og saman undrast vi på kvifor ein ikkje hadde gjort noko liknande då vi gjekk på skulen. Ved å setje musikk til gangetabellen gjekk det mykje lettare å lære den.

Dette førde oss inn på Kunnskapsløftet, som er namnet på den nye læreplanen som vart innført i haust. Det er store utfordringar med nye planar, dei skal både lærast av lærarane og impelementerast på skulen. Astrid fortalde at den nye planen har vekt på læringsmål, ikkje lærestoff. I alle fag er det fem grunnleggjande dugleikar som går att: Munnleg, skriftleg, lesing, rekning og digitale verktøy. Alle kommunane i Setesdalsregionen har gått saman om å gå gjennom fagplanane og gje dei meir kjøt på beina, slik at ikkje alle må finne opp krutet på nytt.

Astrid minna meg og om at eg hadde laga eit intervju med henne for eit halvt år sidan og at vi då hadde snakka om at dei skulle på studietur til Telemark for å lære om Læringsstrategiar. Det hadde vore ein vellukka tur og dei var svært oppglødde for dette etter turen. Eksemplet med matematikk og musikk syner at ein kan lære på mange måtar, og ved å ta i bruk kunnskapen om dette, kan ein hjelpe elevane til betre læring.

Til slutt fortalde ho om Prosjekt Livredning, som er eit tilbod til alle i 7. klasse frå Norsk Luftambulanse. Alle elevane har fått ei mini Anne-dokke. Den skal dei bruke til å lære opp flest mogleg heime i livredning. Ho oppmoda alle til å ta vel imot elevane når dei kjem heim med dette og fortalde at resultatet skal registrerast og nyttast i forskning. Målet er at 60.000 skal lære livredning gjennom dette systemet.

"Kommunen informerer" hausten 2006

Share

Denne lista har Valle kommune sett opp og sendt til radioen. Programma går onsdagskveldane klokka 19.00 – 19.30.

Dato
06.09 Rådmann Arne Tronsen med lensmann Knut H. Nomeland som gjest.
13.09 Valle skule. Rektor Leif Kvinlog og Cuba-entusiast Jan Olsen
20.09 Plan og utvikling
27.09 Kommunestyremøte
04.10 Bygg, eigedom og anlegg
11.10 Velkomstsenter
18.10 Driftsjef Ingvar Nes
25.10 Kommunestyremøte
01.11 Økonomi
08.11 Hylestad skule
15.11 Kulturdrift
22.11 Sosial og arbeid
29.11 Kommunestyremøte
06.12 Valle barnehage
13.12 Pleie og omsorg
20.12 Kommunestyremøte

Det er flott for radioen at vi kan ha dette samarbeidet med Valle kommune, både når det gjeld informasjon og når det gjeld overføring av kommunestyremøta.