Merkelapp-arkiv: open sending

Musikk i Open sending

Share

Å finne musikk til eit program kan gjerast på ulike måtar. Dei fleste går i radioen sitt store platearkiv, vi har vel 1000 plater å velje mellom. Ikkje alltid like lett å finne akkurat den songen ein gjerne vil bruke, noko hjelp kan ein få om ein leitar i 25.000 lydfiler som vi har i vårt arkiv av mp3-filer. Likevel er det mange som vel å ta med seg eigen musikk, anten på CD, som Wenche Gundersen gjer. Ho vil gjerne spele tysk musikk, og det er bare å erkjenne at det meste av musikken vår er i engelsk og amerkansk tradisjon. Andre tek med seg ein minnepenn med musikk dei har heime. Denne blir lagt inn på miksebordet hos oss, dermed har vi musikken klar. Det hadde Ronny Stavsholt gjort i gårsdagens Open sending. Dermed fekk vi høyre desse melodiane, som eg fann meir informasjon om i dei lenkene eg har lagt ved:

Freedom Cry med Deep Forest
http://en.wikipedia.org/wiki/Deep_Forest

What a Wonderful World med JJ Mittan

Visa frå Utanmyra med Jan Johanson
http://sv.wikipedia.org/wiki/Visa_fr%C3%A5n_Utanmyra
http://no.wikipedia.org/wiki/Jan_Johansson

Piece of My Heart med Emma Franklin

Hawaian Cowboy med Delta Cross Band

Que Te Parece Cholita med Charlie Musselwhite http://en.wikipedia.org/wiki/Charlie_Musselwhite

Og Ronnys spørsmål om kva Charlie Musselwhite vart kalla før, finn du kanskje svaret på her.

Marokkotur

Share

I Open sending onsdag 23. april var det Marokkotur. Grunnen til det var at Ronny Stavsholt var gjest hos Karin Bøe, og han hadde nyleg vore fem veker på tur til Marokko og Sahara. I løpet av sendinga kom det fram at det var ein blogg for turen, du som lurer på den og vil lese frå opplevingane hans, kan gå til denne lenka, der du og finn bilete frå reisa: http://www.vgb.no/30578

I løpet av sendinga klarte dei å leggje ut sju rebusar. Her er dei med tekstane som fylgde med.

Det er naturleg å ha rebusar der kveldens gjest kan fortelje litt. Difor tek vi utgangspunkt i ein av Ronny sine store lidenskapar, kanskje til og med litt av grunnen til at han er her i Valle.

**1. Fluefiske = Insekt + fange fisk**

Ronny var tidlegare i vinter på tur til landet som Baba kjem frå. Kva det landet heiter, finn du ved å løyse rebusen.

**2. Marokko = Bilorganisasjon + redskap til å spinne med + Blodtype**

Det er jo naturleg å spørje kva slags språk dei snakkar i dette landet.

**3. Arabisk = Papegøye + kjælenavn på hund**

Og så kan det vere greit å kjenne namnet på hovudstaden i landet, med 1,2 millionar

**4. Rabat = Prisnedslag – nr. 20 **

Den største byen i Marokko har heile 3,5 millionar innbyggjarar. Namnet betyr det hvite hus.

**5. Casablanca = Omtrent + forferdelig (dialekt) + nr. 14 + Kalsium**

Det er ikkje ofte vi høyrer om Marokko i nyhetene her i Norge. Men om vi gjer det, er det gjerne i samband med at folk prøver å kome seg over Middelhavet til Spania frå den nordlegaste byen. Kva heiter den?

**6. Tanger = Plante som veks i sjøen + lever**

Sjølv om Ronny kom til Marokko over Tanger, tvilar eg på at han vart verande der. Han fann seg nok heller ein stad litt høgare i terrenget.

**7. Atlasfjella = Kartbok + dei høge berga**

Dei som kom inn i studio denne kvelden, var

Turid Brottveit
Gunnar Bø Heddeland
Gunn Marita Jomås, to gonger, frå ulike telefonnummer
Johanna Solheim
Knut Bø Andersen
Torleif Harstad

Takk til Karin og Ronny for ein interessant kveld. Det var Ronny som hadde funne musikken til programmet, den var variert og god å lytte til.

Telefonstorm

Share

Eg veit ikkje kor mange som ringde inn i Open sending onsdagskvelden, men det gjekk varmt for seg ei stund utover kvelden mellom 21 og 22:30, så Gudrun Nomeland og eg hadde hendene fulle. I studio sat Britta Lise og Jorunn Bø Andersen og hadde laga rebusar på namna til dei tilsette i Hylestad barnehage. I tillegg hadde ho vore ute med opptakaren og fått dei til å presentere seg og kome med eit plateønske.

Eit slikt opplegg fører til mange telefonar, for alle det var laga opptak av, ville automatisk stille inn radioen for å høyre seg sjølv på lufta. Truleg ville og vener og kjende høyre på, og når dei først høyrer på, kan dei jo og ringe inn svaret på rebusen. Så vi hadde hendene fulle. Dei første rebusane var det bare ein telefon som verka, det var straumbrot sist laurdag, og det hadde konsekvensar for programmeringa av telefonane våre og, ikkje bare datamaskinane.

Men etter kvart fekk teknikar Inga Flateland orden på telefonane og Jamie hadde fått orden på datasystema, så vi kunne finne musikk til eit par helsingar. Dermed gjekk sendinga på beste måten denne kvelden.

Eg vil likevel peike på eit problem. Nokre innringarar disponerer fleire telefonar. Når vi trekkjer ut kven som skal kome inn i studio, har vi hatt det som regel at om det er ein som har vore inne tidlegare same kvelden, så finn vi ein annan. Den som er med og ringer svar på alle rebusane, vil så langt det er råd, bare kome inn ein gong. Det er fordi vi gjerne vil ha fleire stemmer frå lyttarane. Nummeret vert likevel registrert og ein er med ved trekking av krus og rose, som vert trekt mellom alle som ringer inn, også om ein ikkje har hatt prat med programleiarane.

Når så ein person disponerar fleire telefonar, går han rundt systemet vårt. Det skjedde onsdagskvelden, då Jan Oddvar sat på Hovden og høyrde på og vart trekt ut to gonger med ulike telefonnummer. Britta Lise vart nokså overraska då ho møtte same stemmen to gonger.

Alt i alt var det ein svært hyggeleg og informativ kveld, Mange av oss fekk vite at folk vi kjenner jobbar i Hylestad barnehage, utan at vi visste at dei hadde fått seg jobb der. Slik sett var det ei fin oppdatering av lokal kunnskap og ein god måte å spreie informasjon på. Honnør til Britta Lise som laga denne trivelege kvelden, og som og hadde fått med seg Jorunn Bø Andersen til å vere med i studio fyrste gongen. Ingen kunne merke at det var premiere for henne, ho fall godt inn i samtale med Britta Lise og med dei som ringde inn og hadde svar.

Siste onsdagssending før påske

Share

Sendinga i kveld, 12. mars, var siste sending før påske. I høve dette hadde Ørnulf Hasla, som var ansvarleg for kveldens program, fått tak i ein representant for **Maxi Catering**. Dei skal sponse påskesendinga på ein spesiell måte i år ved at dei gjev premiar til konkurransane og mat til alle som er med under sendinga skjærtorsdag og 1. påskedag.

Maxi Catering skal dele ut ein boks rekesalat til alle som stoppar på Moisund på turen oppover. Der står Røde Kors som vanleg og deler ut informasjon og Setesdølen sitt fyldige påskenummer. På den boksen med rekesalat er det eit nummer, og i sendingane i Valle Radio vert det trekning på fine premiar i høve desse gratislodda. Då er det bare å sitje klistra til radioen og vente på trekninga som kjem, og det er fleire trekningar kvar kveld.

Neste innslag i sendinga var **Sylvia Barmann Jensen** og **Olav Sagneskar** som hadde gått vidare frå den lokale arrangementet i Ungdommens kulturmønstring på Evje. Dei framførte songen dei hadde framført der, og Ørnulf ønska dei lukke til når dei skulle til Arendal og fylkesfinalen.

Deretter kom Lene Dyrkorn i studio. Ho oppdaterte oss på situasjonen når det gjeld folkehøgskole i Valle, som diverre ikkje er så lysteleg. Det er ikkje lett å overtyde sentrale politikarar om det flotte i dette prosjektet. Ho fortalde og at ho hadde overteke etter Tarjei Haugen som prosjektleiar for sylvsmedprosjektet som ein prøver å realisere i samarbeid med Universitetet i Agder.

I halvtimen frå 19:00 til 19:30 skulle Hylestad barnehage vore med i Kommunen informerer. Men det vart Dansebandhalvtime med Ånund K. Homme i staden, for ingen frå barnehagen dukka opp. Det gjorde derimot Håvard Viki klokka halv åtte for å ha Tankar frå Bibelen. Og klokka 20:00 kom Sylvia attende med to venninner for å spele musikk dei likar. Det vart ein triveleg time med musikk som var god å lytte til.

Frå klokka 21 var det Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike som var i studio til Open sending. Denne kvelden la dei ut to rebusar i slengen, ein med stadnamn, nokre av dei hadde Jorunn henta frå NRK sine rebusar om stadnamn på Agder, og ein om vårblomar. Det vart ein storm av telefonar. Eg hadde budd meg på ein vanleg kveld, så eg tenkte at eg skulle klare det aleine. Men 90 telefonar denne kvelden gjorde at eg helst vart varm i øyro av all ringinga. Og dei som kom inn i studio, kommenterte at det var ein triveleg kveld med eit interessant opplegg.

Eg gløymde å få namna på vinnarane den kvelden men Jorunn hugsa dei då eg spurde henne, så her kjem dei:

Rosa: Else Marie Lunden, som gav den til gruppe 2 på Valle alders- og sjukeheim.
Krus: Solveig Storsteinnes og Olav Flateland – i hytte på Bjørnevatn
Sakser: Tor Haugum
Termometer: Angerd Mosdøl
Handmiksar: Britta Lise Homme
Ullsokkar, gåve av Gyro K. Homme: Solveig Storsteinnes og Olav Flateland

Premiar til heile dalen og vel så det

Share

Rolf Erik Homme og Torleiv Jansen hadde open sending fredag 7. mars 2008. Telefonvakter var Gudrun Nomeland og Britta Lise Homme, og teknikar frå klokka 21 denne kvelden var Harald Haugland.

Til å begynne med hadde vi bare ei telefonlinje inn, så vi måtte kalle på teknisk sjef Jørund Georg Jore for å få fikse telefonane. Etter det gløda det helst når vi la ut nye rebusar. Folk ringde frå heile landet. Særleg ivrige var dei på Omlid i Sirdal, men vi hadde telefonar frå Arendal og Lillehammer i tillegg til dei som kunne få oss inn via FM-sendarane i Setesdal.

Her er rebusane, dei som løyste og kva dei vann:

1. Sesilåmi: Titte + ytre + sporet – **Inger Marie Godtfredsen, CD-mappe**
2. Furestøyl: Treslag på dialekt + seter – **Annbjørg Trydal jansen, Hovudlykt**
3. Sinnes: Ytre + ukjend + veks – **Trygve Flåt, Steam cleaner**
4. Skismurning: Sportsutstyr + krem – **Målfrid Retterholt, Kinzo knaggar**
5. Solbriller: Svovel + meisterskap + nr. 2 + Radius + galt + nr. 18 – Kirsten Martinsen
6. Ryggsekk: Omdømme + gram + nr. 7 + ransel – Alf Risdal
7. Kvikk Lunsj: Rask + Nr 17 + oss på tysk + Jod – **Vebjørn Høyland, radiostyrt bil**
8. Helikopter: Han på engelsk, + ens + oksygen + nr. 15 + ter – **Gudrun Omnes, brodert bilete**
9. Påmeldte: Ikkje av + meter + flamme + arte – Ingebjørg Helle Nesheim
10. Nordstoga: Nitrogen + glose + romet – Karin Hovelsrød
11. Gebiss: Gram + omvendt tigge + godt om sommaren + Svovel – **Jan Lunde, riskokar**
12. Intersport: Nr. 9 + Nitrogen + arter + idrett – **Jørgen Omlid, bag **
13. Sitåsen: Tale + på foten + ikkje tidleg – Ånund Lund
14. Myklevatn: Ikkje hard + grind + godt når ein er tyrst – Aud Almedal
15. Faråne: Tone + hanngris – **Liv B. Løyland, førstehjelpskrin**
16. Brokke: Nr. 2 + bevege – Jan Nilsen Melgård

I tillegg trekte me ut **to Valle Radio-krus** mellom alle 275 som ringde inn. Krusa gjekk til: **Per Henning Johansen, Lillehammer** og **Siv Rysstad Omlid, Sirdal**

Folk var også ivrige med å ringe inn helsingar, så det var helst travelt å finne fram musikk. Rolf Erik hadde teke med ein stabel med plater, dei fleste vart ikkje brukte, for helsingane hadde musikkynskje som vi kunne finne i platesamlinga vår.

Til slutt legg eg ut rebusane som ikkje vart brukte, så kan du prøve om du klarer å løyse dei. Om du klarar det, kan du sende inn svar til harhaugl (at) gmail.com innan 10. mars, så skal eg sjå om det ikkje kan bli ein premie på deg og:

17. Skryt + tynt elastisk tøy eller papir + havarmen
18: Fire + til å puste med + innsjø
19. Nr. 19 + tute + brukte kniven
20. Kommune på Jæren + flat stein + ikkje skitten

Kva har du i kjøleskapet?

Share

Dette vart tema for Open sending onsdag 13. februar 2008. Britta Lise Homme og Kåre Rike sat i studio og prata med innringarar frå nord og sør, det vil i denne samanhengen seie frå Rysstad til Berdalen.

Ho hadde litt av kvart i kjøleskapet, og rebusane kom jamt og trutt utover i sendinga med løysingsord som gulrot, makrell i tomat, Clausthaler og spekepølse, mellom anna.

Britta Lise har teke konsekvensen av at det ikkje lenger er så mange som ringjer inn helsingar. Denne gongen hadde ho teke med seg md-opptakaren til Coop Rysstad og spurt kundar om dei ville kome med ei helsing. Så gjorde ho opptak og dei fekk me høyre denne kvelden. Ein slik framgangsmåte gjev resultat, og det var koseleg å høyre dei ulike helsingane. Musikkynskja kunne ho og oppfylle, så alle burde vere nøgde med det opplegget.

I tillegg hadde ho fått Christian Borch med på å kome med ei helsing til lyttarane i Valle Radio. Vi får jo eit visst kjennskap til dei som er i TV-ruta på Dagsrevyen, så slike opplegg vert opplevd triveleg og nært. Han hadde aldri vore i Setesdal, kunne han fortelje, men helsinga gjekk ut til alle likevel.

Til vanleg er Kåre Rike saman med Jorunn Lund Harstad. Ho ringte inn, og då måtte Britta Lise love at ho bare lånte han for ein gong, og at Jorunn kunne rekne med å få han tilbake til neste gong ho skulle ha Open sending. Eg sat og smilte og lo for meg sjølv over koselege kommentarar til dei ulike innringarane.

No har Valle Radio halde til i over 10 år, og Open sending er framleis eit populært program. Eg ringde inn løysingar på mange av rebusane, men vart ikkje trekt ut til å kome inn i studio denne kvelden. Det var heller ikkje Kjellaug Rysstad, som vart svært overraska då ho vann Valle Radio-krus. Britta Lise kunne då fortelje at kruset går til ein innringar trekt ut mellom alle innringarane, uansett om dei kjem inn i studio eller ikkje kjem inn. Tor Brokke, som vann rosa, hadde heller ikkje vore inne til prat med programleiarane. Rosa gav han vidare til Elise Marie Kringen, som i kveld leia bygdekvelden som Hylestad skule arrangerte.

Slik kan ein lage eit triveleg program og eit innlegg på bloggen av det ein har i kjøleskapet.

Nytt år og nye muligheter

Share

Nytt år og nye muligheter var temaet for rebusane i Open sending i kveld. Ørnulf hadde fått med seg Inger Aamlid og Øyvind Jacob, så det var eit sterkt team som sat bak mikrofonane.

Det er ikkje lett å konkretisere eit slikt tema. Men då eg fekk i oppgåve å lage rebusane til programmet, tenkte eg at eg kunne sjå på Hendingar og jubileum i 2008 og late det vere den raude tråden i programmet.

Dermed vart det rebusar rundt
1. Skuddår, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Skudd%C3%A5r
2. Planeten jordas år, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Planeten_Jordens_%C3%A5r
3. Polaråret, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Polar%C3%A5ret
4. Henrik Wergeland, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Henrik_Wergeland
5. Olav H. Hauge, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Olav_H._Hauge
6. Geirr Tveitt, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Geirr_Tveitt
7. Morsdag, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Morsdag

**Sundagsskulevarsling på SMS**
Til vanleg har vi 10 rebusar, men i kveld vart det med 7. Ein grunn til det var at dei hadde ein hyggeleg prat med Helene Horverak, som har fått mykje presse for ideen om å varsle om at det er sundagsskule på SMS. Ho sender ein SMS laurdag for å minne om sundagsskulen dagen etter. Om lag 30 personar har sett seg på lista, og ho sender bare melding til dei som har sagt ja til å stå på lista.

I praten kom det fram at Helene var ein ivrig mobilbrukar sjølv, ho hadde brukt telefonen så mykje til SMS at skrifta på tastane var sliten bort. Det gjorde ikkje noko, ho visste kor bokstavane låg. Men ho vart litt sliten i fingrane av og til, likevel ikkje så mykje at ho trong få hjelp hos fysioterapeut Øyvind enno.

Fyrste gongen dette skal prøvast ut, er komande helg, så ho var ganske spent på om korleis det kom til å slå ut. -Det kan neppe bli dårlegare enn det har vore no, meinte ho, så det kunne bare gå ein veg: Oppover.

**Premiane**
Premiane gjekk til
Ingebjørg Berdalen
Anne Lise Harstad
Jorunn Andersen
Ingebjørg Vegestog, sekk
Tora Lund, krus

Opi sending 4. januar 2008

Share

Om lag 100 innringarar var på tråden i sendinga denne kvelden. Rebusane var henta frå Setesdølen og frå songartistar som har gjeve ut joleplate. Desse fekk premiane:

Valle Radio-krus, trekt mellom alle som ringte inn: **Jorunn Lund Harstad, Valle**
**Fem i studio:**
Valle Radio-sekk: **Ann Kristin Lislevand, Lislevand**
Lampe – gåve frå Gyro K. Homme: **Liv Alstad, Evje**
Oljehyre: **Åslaug Lidi, Longerak**
Drill: **Ånund Lund, Valle**
Valle Radio-refleksvest og feiekost: **Jon Ødeskaug, Valle**, namnet hans vart ikkje lese opp, då premien låg bak ein annan.

Desse kom inn i studio og hadde rette løysingar og ein prat:
Johnny Hansen, Fjellestad
Anne Nordli, Byglandsfjord
Ingvar Østerhus, Evje

Open sending 24. oktober 2007

Share

Dette vart ei triveleg sending der Helge Dahle hadde med seg Olav Straume i studio. Tema var førebuingar til vinteren, og parallellt med det snakka dei mykje om lafting. Det var og eit par innslag gjennom telefonen, mellom anna snakka dei med Thor Åmlid, som etter det eg fekk med meg skulle kome på skjermen seinare i haust. Eg fekk ikkje med meg datoen, men det skulle visst kome i Setesdølen og. Han har jo vore statist i Hotel Cæsar. http://no.wikipedia.org/wiki/Hotel_C%C3%A6sar

Elles var det ein interessant kveld. Helge valde å halde på til bort mot halv tolv, det var nok fleire som fann senga fort då han var ferdig. Premiane gjekk til

Angerd Mosdøl
Jorunn Lund Harstad
Gyro Trydal
Torhild Lunden
Solbjørg på Hovden, som fekk kruset

Debutant bak mikrofonen

Share

Olav Jan Tveiten debuterte i studio i Valle Radio onsdagskvelden. Det var fyrste gongen han var med i Open Sending. Rett nok har han vore med på telefonen, men denne gongen laga eg rebusar frå geografien i Midt-Vesten, der han og sonen Knut Olav var eit par veker tidlegare i haust.

Olav Jan hadde gjort noko som eg sjeldan tek meg tid til når eg er på tur: Han hadde skrive notatar frå kvar dag heile turen. Difor hadde han med seg god hjelp til programmet, ikkje bare frå eigne notatar, men og frå oversikta frå reiseselskapet han var med i. Med så mykje godt stoff var det ikkje vanskeleg å få eit innhaldsrik program. Gode innringarar farga og programmet, mellom anna fortalde Birgit Rike Lund om då ho for snart 25 år sidan var med 20 setesdølar over dammen for å markere Setesdalslaget sitt 75 års jubileum for 24 år sidan. Det minna oss om at no er det snart hundreårsjubileum.

Olav Jan gjorde det godt i radioen. Han fortalde levande frå turen og ein kunne lett få inntrykk av at alt er stort over there. Guiden på bussen dei reiste med fortalde om ein kalkunfarm som hadde ein million kalkunar og ein annan farm med fire tusen mjølkekyr. Og når han fortalde om traktorar og reidskap, kunne ein ikkje anna enn verte imponert: Ei harv som var 22 meter brei, til dømes. Den hadde Knut Olav fått prøve å kjøre med.

Varmt hadde det også vore der borte i september. Med over 35 grader hadde det helst vore farleg å vere ute i sola. Men gode bussar med aircondition hadde gjort det mogleg å reise rundt utan å lide særleg naud.

Takk for innsatsen, velkommen tilbake ein annan gong, Olav Jan.

Skulle det vere ein annan som har lyst til å bli med på Open Sending i Valle Radio, er det bare å ta kontakt. Du kan maile meg på harhaugl@gmail.com eller ringe meg på 9763 1408.