Merkelapp-arkiv: setesdalswiki

Informasjonsmøte om Setesdalswiki

Share

Dugnad for Setesdal

Informasjonsmøte om Setesdalswiki, leksikonet alle kan skrive i, på
Setesdalsmuseet Rysstad torsdag 3. februar klokka 17 Merk tida.
Tak med laptop, så kan du prøve sjølv og få hjelp.

Setesdal Regionråd

Eg sende ovanståande annonse til Setesdølen i kveld. Etter at det stod artikkel om Setesdalswiki i Setesdølen fredag, er det no tid for informasjonsmøter om leksikonet og dugnaden for å skrive eit regionalt leksikon. Planen er å ha slike informasjonsmøter i kvar kommune, og på møtet for vel ei veke sidan på Sølvgarden avtalte vi at vi skulle starte på Setesdalsmuseet på Rysstad.

Du som les dette er velkommen anten du vil skrive eller bare høyre om prosjektet. Lat oss ta ein dugnad for Setesdal, dele kunnskap med kvarandre og gje Setesdal ein digital informasjonskanal ingen andre regionar har.

Minneord på trykk eller nett

Share

I USA og i Storbritannia har avisene eigne folk til å skrive obituaries, minneord om folk som er gått bort. Her i landet skjer det meir etter innfallsmetoden, nokre aviser trykkjer personlege tekstar der det står mest om korleis den avdøde var som ven og i familie, andre aviser trykkjer ikkje minneord om dei ikkje har ein stor grad av faktainformasjon om den som er gått bort.

Etter at eg tok til å skrive på Wikipedia, har eg hatt god nytte av slike minneord når eg skulle skrive biografiar om personar som det var naturleg å ha med i dette nettleksikonet. Etter at eg starta Setesdalswiki har eg og hatt nytte av minneord frå Setesdølen og andre aviser for å skrive biografiartiklar om folk. No nyttar eg til og med dødsannonsane for å skrive ein liten biografi om ein som er død. I det minste kan eg få med både dødsdato og gravlegging, som oftast noko om familien også. Så vert det ein liten artikkel, og den dagen alle nummer av Setesdølen for 2010 er lagt inn i Setesdalswiki, vil ein og ha informasjon om kven som døydde det året.

Eit par gonger har eg snakka med redaktørenn av Setesdølen om dette. Han har lenge meint at kyrkjelydsblada burde trykt minneorda som presten held i samband med gravferd. Det ville truleg gjort at folk tok vare på kyrkjelydsblada, seier han. Sjølv ville han og gjeve spalteplass til slike minneord. Når ein sit i gravferda og er sorgfull, er det ikkje så lett å få med seg det som presten seier. Å lese det ei veke seinare kunne vere ein del av sorgterapien. Han har lufta tanken med prestar utan å få respons.

Eg luftar også tanken her på bloggen. Setesdalswiki kunne og vere ein plass for eit minneord etter ein som er død. Då kunne ein lesar finne det om han søkte på namnet og lese det når han eller ho hadde høve til slikt. Slike bidrag er velkomne på Setesdalswiki. Med tida vert det eit godt grunnlag for slektsgransking og bygdesogeskriving om folk vert med på den dugnaden det er å lage Noregs fyrste regionale leksikon som alle kan skrive i. Her er eitt eksempel på ein artikkel basert på bare ein dødsannonse: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Ottar_Fennefoss

Setesdalswiki veks

Share

I dag hadde Signe Sollien Haugå kalla inn til idedugnad om Setesdalswiki. Denne nettsida veks og har no over 700 artiklar og speglar tilhøve i Setesdal. 10 personar møtte på Sølvgarden og fekk vite meir om prosjektet og tenkje litt på korleis ein kan kome vidare.

På Setesdalswiki kan ein skrive om kultur, næring, personar og stader i Setesdal. Og mykje anna kan kome med. Det er fritt for alle å skrive, og så prøver vi å hjelpe kvarandre slik at artiklane vert gode og lesverdige. Dette prinsippet om at alle kan vere med trur eg har vore ein viktig grunn til suksessen til wikipedia globalt og nasjonalt. Men den nasjonale versjonen har reglar som gjer at lokale og regionale emne ikkje så lett finn ein plass i dette leksikonet. Difor kom ideen om eit regionalt leksikon der næringsliv og kulturliv kan omtalast på lik linje med alle kommunestyrerepresentantane, ikkje bare ordførarane.

Etter kvart vil nettstaden verte ei kjelde som andre kan bruke. Til dømes fann Sigurd Haugsgjerd informasjon han kunne bruke i Setesdølen som kjem i morgon, fredag 21. januar. Då han fortalde om det, lo eg, for eg hadde alt i sommar tenkt at noko slikt kom til å skje.

Idedugnaden førte til at vi vil prøve å få til nokre arrangement i alle kommunane der folk kan kome og få informasjon om prosjektet. Det er eit prosjekt som er basert på gleda over å lage noko meir enn av tanke på å tene pengar, alt er dugnad. Men mange bekker små, gjer ei stor å. Og ei stor å kan nyttast til mykje.

På 10 år har wikipedia vakse til over 3,5 millionar artiklar på engelsk og til over hundre språk. Den norske versjonen på bokmål har snart 300.000 artiklar og den nynorske har over 60.000 artiklar. Kven veit kor mykje stoff om Setesdal og dei nære bygder ein kan samle over ein slik periode. Eg trur det vil verte ei kjelde å ause av om vi fyller på henne med stadig nytt stoff i åra som kjem.

Setesdalswiki fungerer som ei slags heimeside for Valle Radio, program og element frå programma ligg som tekst der. Vil du vite kven ho er, den Mariann Uleberg som Bjørgulv T. Berg intervjua i fyrste sendinga i år, så finn du artikkel om henne. Og vil du vite kven som er i kommunestyret i Bygland og som snart skal avgjere om Ose Turistheim skal seljast, så kan du finne ein artikkel med liste over alle medlemmene. Enno er dei fleste lenkene raude, for artiklar om kvar og ein er ikkje på plass enno. Men du kan kanskje skrive ein artikkel om ein av politikarane der? Det er bare å klikke på den røde lenka og skrive ein kort biografisk tekst, så er du med på å vidareutvikle denne nettstaden.

Gå til http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside og registrer deg som skribent og bli med på denne store dugnaden, du og.

Wikipedia 10 år

Share

Laurdag var det 10 år sidan Wikipedia starta. Det er rart å tenkje på kor mykje som er blitt forandra på desse åra når ein ser det i wikipedia-perspektiv. Difor vart jubileet markert over heile verda. Den engelske versjonen av leksikonet er på 3,532,058 artilar i kveld når eg skriv dette. Den norske er på 287 803 artiklar og den nynorske er på 62 847 artiklar.

I veka før jubileet var det ein viss ståhei fordi det nynorske leksikonet Allkunne, som bare har om lag 1500 artiklar, hadde fått ein advokat til å skrive til wikipedia og klage leksikonet for brot på opphavsretten. Kravet var erstatning på 75.000 kroner pluss saksomkostningar. Vi som held på med wikipedia var noko overgjevne, for dei kunne bare teke kontakt med ein administrator på nynorsk wikipedia, der fadesen skjedde, så ville han ha sletta artikkelen om Arve Brunvoll. Opphavsretten er viktig, så wikipedia slettar alt som er kopiert frå andre stader på nettet, om det då ikkje er tydeleg at det er lov å kompiere. Alle som skriv må gje frå seg retten til det dei skriv, det er det som er grunnlaget for suksessen, trur eg. For då kan andre gå inn og fikse og utvide det som eg har starta på. Dermed veks artiklane heile tida, i tillegg til at det stadi kjem nye artiklar basert på raude lenker i tekstane som alt er skrivne.

Sjøv vart eg med på dette 12. juni 2006, så eg har femårsjubileum til sommaren. Eg har nok vore ein av dei meir produktive skribentane, passerte 42.000 redigeringar no i januar. Men for tida er eg litt slapp, eg har brukt 19 dagar på dei siste 50 redigeringane, og det kunne eg klare på ein dag når eg var på det mest aktive.

Grunnen til at eg er litt mindre aktiv på wikipedia er at eg har starta Setesdalswiki, eit regionalt leksikon der ein kan skrive om slikt som ikkje er nasjonalt, men som kan vere interessant nok for det. På denne wikien passerte vi 700 artiklar no i helga, og eg har nok skrive dei fleste. Sidan nyttår er det kome 60 nye artiklar, og eg har ansvaret for 58 av dei. Då eg i sommar fekk avtale om samarbeid med Setesdølen slik at eg kan skrive av overskriftene i avisa, gav det grunnlag for å kome vidare i arbeidet.

Torsdag skal vi ha eit møte for å snakke saman om vegen vidare. Signe Sollien Haugå i Setesdal Regionråd har sendt ut innbyding til ein del som steller med informasjon i kommunane i Setesdal og bedt dei om å invitere folk dei kjenner som kan vere interessert i dette. Det skal vere på Sølvgarden og startar med lunsj klokka 11.30 og så varer det til 14.30. Om du som les dette har lyst til å vere med, kan du melde deg på til post@setesdal.no

Vandalar på Setesdalswiki

Share

I dag skjedde det som eg har frykta, men ikkje trudd ville skje på vesle Setesdalswiki med bare litt over 200 artiklar. Det kom eit åtak med tull og tøys, der det eg trur var eit dataprogram som gjorde det, for det var ulike ip-adressar for kvar redigering, sjølv om det var same tullet som kom.

Vi måtte jo låse Setesdalswiki slik at uregistrerte ikkje kunne redigere, og så gjekk Helge i gang med å finne eit tillegg til mediawiki som krev at uinnlogga skal skrive ein kode før dei får lagre det dei skriv. Det kan ikkje eit dataprogram lese, så då må det vere ein person som lagar tullet. Då det var på plass seinare i dag, kunne Setesdalswiki opnast for alle att.

Siri J. gav god hjelp med å fjerne tullet og eg vil gjerne seie takk til henne for det.

Eg hadde jo likt at vi hadde hatt fleire brukarar som kunne skrive. Mine artiklar vert naturleg nok prega av mine interesser og det eg kan og veit. Andre kan og veit andre ting, så om andre skreiv, ville heile Setesdalswiki dekke eit breidare felt. http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside

Men no er det leggetid.

Setesdalswiki

Share

I går starta Setesdalswiki på sitt andre år. Det feirar eg med å opne wikien for at folk kan redigere og skrive artiklar der utan å registrere seg. Finn du ein artikkel og vil fikse på noko, er det bare å gjere det. På framsida finn du denne teksten: Alle kan skrive på Setesdalswiki. Om du ønsker kan du registrere deg.

I løpet av det eine året vi har halde på, har vi klart å få vel 200 artiklar. Dei fleste har eg skaffa på plass, anten ved å skrive sjølv eller ved å hente setesdals-stoff frå wikipedia. Eg tykkjer ikkje det er noko stor bragd og skulle jo ønskt at vi hadde tusen artiklar etter eit år. No får eg heller justere ønsket litt og seie at det hadde vore fint om vi fekk 2000 artiklar innan 26. april neste år.

Wikipedia er eit nasjonalt leksikon og må ha nokre kriterier for at ein artikkel skal få leve i leksikonet. Setesdalswiki er eit regionalt leksion for vår region og kan opne for at artiklar som ikkje ville fått plass i wikipedia, kan få plass. Det gjeld lokale tilhøve, og Setesdal er rikt på slike. Så det burde gå lett å finne noko å skrive om, både historie og aktuelle saker. Fyrst og framst gjeld det dei fire kommunane som står saman i Setesdal Regionråd. Men emne som høver i denne samanhengen kan vere mange.

Då vi starta Setesdalswiki, var tanken at alle bedrifter i Setesdal skulle få omtale, også bedrifter som ikkje sjølv hadde høve til å lage heimesider. Ein artikkel kunne vere ein god måte å verte kjent med bedriften på. Om ein og skreiv noko om folka som jobba i bedriften eller organisasjonen, kunne ein få eit rikare bilete enn reklameprega sider gjerne kan gje.

Gjennom året som har gått, har eg sett at ein ting er å dele visjonen når ein er samla til Setesdalskonferansen, noko anna er å gjere noko for å realisere draumen. Folk har sagt til meg at dei ikkje vågar å gjere noko sjølv på Internett, dei er glade dei kan lese epost. OK, seier eg, send meg ein epost, så skal eg skrive om bedrifta di og deg sjølv i Setesdalswiki, min epost er harhaugl@gmail.com

Her er lenka til artikkelen om Valle Radio på Setesdalswiki: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Valle_Radio

moisund.com

Share

Moisund.com – Bygdeblad for dalstroka innanfor vart ein artikkel på setesdalswiki i går kveld. Sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Moisund.com_-_Bygdeblad_for_dalstroka_innanfor

Gjennom åra har ein jo høyrt om denne populære nettstaden, dei sparkar til høgre og venstre med humor og snert, har vore inntrykket mitt. Men eg har ikkje i særleg grad vore innom sidene deira. Eg skjønar at eg har gått glipp av noko, så det vert nok meir besøk frå meg der etter kvart.

Eg vart skikkeleg overraska då eg las at dei no har «rundt 1,5 millionar sidevisningar i året og vart siste året lest frå 95 land rundt om i verda.» Det er ganske imponerande, på dei åra eg har skrive bloggen min, har eg hatt 435.000 sidevisningar til saman, noko eg synest er bra, men det er bare ein brøkdel av moisund.com sine tal.

For slike nettstader er sidevisningar og besøkstal viktige. Vi vil jo gjerne at nokon skal lese det vi skriv. Så om du som les dette, sender ei lenke til venene dine og bed dei lese bloggen til Valle Radio, er eg svært takksam. Truleg finn dei noko dei kan ha glede eller nytte av, eller kanskje begge deler.

Eg trur eg må skrive om bloggen min på Setesdalswiki og. Om du veit om bloggar eller nettstader frå setesdal, kan du registrere deg som skribent på Setesdalswiki og skrive nokre linjer. Setesdalswiki har no 75 artiklar. Målet er å ha 100 nye artiklar kvar månad det fyrste året. Så får vi sjå korleis det går.

Setesdalswiki veks

Share

Setesdalswiki veks, no er det 16 artiklar. Dei kjem i tillegg til dei som vart importerte frå wikipedia då vi starta opp. Til no er det bare eg og Knut På Bø som har skrive nye artiklar, men fleire har registrert seg og ser ut til å ville prøve dette.

Kor eg skal setje målet, veit eg ikkje, men om ein fekk dekt alle dei raude lenkene som alt no er i strukturen, ville ein hatt godt over hundre artiklar. Ein skal ikkje forakte den ringe begynnelse, er eit gamalt ord eg kjem på i samband med dette.

Samstundes gjev det meg stor respekt for dei som starta wikipedia på norsk for fem år sidan. No er den komen til 215.000 artiklar, det er ei heil bragd. Men det er nok å skrive om på Setesdalswiki og. Her kan ein skrive om alle kommunestyremedlemmene, alle bedriftene i dalen og kven som driv dei, om lag og foreningar så vel som om geografi og natur. Det vert ein del med tid og stunder. Så får vi sjå korleis det går. Om ein klarar 1000 nye artiklar i løpet av mai, tvilar eg på, men til jul må det vel gå. Det vil gje vel hundre nye artiklar kvar månad, og det er nok meir overkommeleg.

Bli med å skrive på Setesdalswiki, du og. Ein takk til Helge, som er vert for prosjektet. Vi måtte få ny adresse i dag, for det andre han hadde på maskina ville ikkje fungere då slik han hadde sett opp adressa. Så no ligg artikkelen om Valle Radio her: http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Valle_Radio

Setesdalswiki

Share

No er Setesdalswiki lansert, sjå http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Hovedside Det er ikkje så mykje stoff der ennå, men eg skreiv artikkelen om Setesdalskonferansen 2009http://www.eskeland.net/setesdalswiki/Setesdalskonferansen_2009 – det var på denne idéen kom opp. Og så nytta eg deltakarlista og la inn lenka artiklar, og plutseleg var det nærare 100 røde artiklar. Sjølv begynte eg å skrive litt på ein av dei før eg måtte i radioen i kveld, og då eg kom i radioen, hadde eit par artiklar blitt blå. Vonleg vert det fleire etter kvart.

Når ein skal starte frå scratch, ser ein kor mykje arbeid det er å få til rammeverket rundt artiklane. Dei skal ha kategori, og her vert det mange røde lenker, for vi har dei ikkje ennå. Det er godt å ha erfaring frå wikipedia, ein må ha tolmod og innsjå at Rom vart ikkje bygd på ein dag. Slik er det med Setesdalswiki og. Det skal verte spanande å sjå korleis det ser ut om eit år.

Etter kvart som ein skriv, ser ein nye lenkjer ein kan lage. Det er flott om du som les dette, blir med og byggjer Setesdalswiki. Det skal verte ein møteplass der vi får vite meir om næringsliv og folk i Setesdal.

Eg valde å få innstillingane slik at ein må registrere seg for å kunne skrive. Det er viktig at folk som skriv, syner kven dei er om ein skal kunne etablere kontakt. Ettersom det er eit mål med Setesdalswiki, kjennest det naturleg å ha det slik. Før det var bestemt, kom det nokre artiklar frå ip-adressar. Det kan vi leve med, men det vert betre med innlogga brukarar.

I kveld snakka eg om dette i Valle Radio, det var temaet i kåseriet mitt. Difor skriv eg om det her. Eg har starta på artikkelen om Valle Radio. Det er fint om nokon av dykk supplerer den artikkelen. Etter kvart vil det kome namn på programleiarar, teknikarar og andre medarbeidarar. Då vil det vere fint om folk fyller ut røde lenker med artiklar etter kvart.

Wikipedia på nynorsk nærmar seg 50.000 artiklar, på bokmål er det over 215.000 artiklar. Eg lurer på kva tid Setesdalswiki får 1000 artiklar.