Merkelapp-arkiv: vatn i valle

Ørekytefiske i 2004

Share

I 2004 fiska dei med Geiloruser i Valle og Bykle kommunar i perioden 12. mai til 4. oktober. I Bykle vart det fiska i fem mindre vatn og tjønner, men i Valle er det terskelbasseng som er aktuelle.

I rusene låg det fine bakervarer (bollar og loff) og dei vart tømde med rundt tre dagers mellomrom i gjennomsnitt.

**Valle**
Rapporten til Tom Arild Homme fortel at i Valle fiska dei i Flåne og Harstadbassenget.

Flåne (275 moh) er 1300 dekar stort. Fiskearealet var 130 hektar stort og det vart nytta 28 ruser. Totalt fanga dei 428 liter ørekyt på to stader, ved Sandnes og ved Flårenden. Det er litt meir enn året før, men mykje mindre enn i 2002.

Harstadbassenget (302 moh) er 350 dekar stort. Fiskearealet var 25 hektar stort og ein nytta 21 ruser. Den totale fangsten var 822 liter ørekyte, det er ein auke på 47% i høve til året før. og mest like mykje som i 2001. Til saman er det frå 1999 til 2004 fanga 2767 liter ørekyte i Harstadbassenget.

**Bykle**
Bykil (500 moh) er 575 dekar stort. Fiskearealet var 58 hektar og ein nytta 6 ruser. Den totale fangsten var 18 liter, to liter mindre enn året før. Her har fangsten gått ned i høve resultatet frå 1998. I 2004 er det bare ein fjerdedel av kva det var på det høgaste.

Floslivatn (513 moh) er 280 dekar stort. Fiskearealet var 28 hektar og ein nytta 21 ruser. Resultatet vart 155 liter, som er halvannan gong så mykje som året før. I 1998 var resultatet det høgaste i perioden, sidan har det gått nedover.

Lisletjønn (518 moh) er 50 dekar stort. Fiskearealet var 5 hektar og ein nytta 24 ruser. Fangsten var 60 liter mot bare 12 liter året før, då fisket var svært intensivet. I 1998 var det fanga 128 liter ørekyte i Lisletjønn, så resultatet i 2004 er under halvparten av dette.

Storetjønn (522 moh) er 88 dekar stort. Fiskearealet var 8,8 hektar, ein nytta 37 ruser. Resultatet var 79 liter ørekyte, som er ein kraftig auke frå dei 12 litranen ein fanga året før. Også her var fisket svært intensivt i 2004. I 1998 fanga ein 104 liter ørekyte i dette vatnet, så bestanden er truleg ikkje oppe på gammalt nivå.

Lislevatn (853 moh) er 570 dekar stort. Fiskearealet var 57 hektar og ein nytta 16 ruser. Resultatet var 292 liter, mot 124 liter i 2003. I heile perioden frå 1998 til 2004 er det fanga 2298 liter ørekyte. Sjølv om fangsten gjekk opp i 2004 i høve til året før, er nivået stabilt lågare enn i 2000.

Flugefiskekurs i pinsehelga

Share

Av og til får ein ikkje med seg alt, og i kveld fekk eg ikkje med meg at det kom ein epost til Valle radio før etter at sendinga var slutt:

Det vert flugefiskekurs laurdag 26. mai kl 12-ca. 20 og sundag 27. mai ca. kl 10-15 på fotballbanen ved Valle skule.

Og laurdag 2. juni vert det kurs i praktisk fiske i Otra.

Ronny Stavsholt som samarbeidar mykje med Stein Grønberg, Grønberg sport i Kristiansand, er instruktør. Kurset er gratis for alle.

I fjor sendte VAFA tre personar, Knut Olav Tveiten, Henrik Assmann og Tom Arild Homme, på tilsvarande kurs på Odderøya i Kristiansand. Då avtalte vi med Stein Grønberg eit oppfylgingskurs i Valle i år. No kunne Grønberg ikkje stille opp på grunn av husbygging, men vi er kjempefornøgde med å få Ronny som instruktør istaden. Velkomne. Helsing VAFA.

Ørekyte og eustrongylides sp

Share

På eit kart som er teke med i VAFA Rapport 2-2005, sjå http://www.vafa.no/ nede til venstre på sida, syner Tom Arild Homme utbreiing av ørekyte i Øvre Setesdal. På grensa mellom Vinje og Bykle ligg Sævatn, og så går det nedover: Breidvatn, Mjåvatn, Lislevatn, Store Førsvatn, Breivevatn, Hartevatn, Hartevasstjønni, Bossvatn, Floslivatnet, Bykil, Trydalstjønni, Harstadbassenget og Flåne. Alle desse vatna er bunde saman av Otra.

Tom Arild fortel vidare i rapporten:

I samband med tømming av ørekyteruser i 2003 vart det observert eit individ av rundormen Eustrongylides kravlande i ei bøtte med ørekyte. Med bakgrunn i denne oppdagiga vart fleire av ørekytene undersøkt for parasittar. Det vart då funne 3 ørekyter som var infisert med Eustrongylides sp. Dette er ein rundorm som er ein særs vanleg parasitt i aure i Otra. Det er derimot ikkje kjent at den er ein del av parasittfaunaen til ørekyte.

Enkle registreringar i samband med rusefisket på Sandnes i Valle har vist at ca 5% av ørekytene er infiserte med Eustrongylides. At ørekyte kan vere vert for denne parasitten vil i teorien ha svært negative effektar for parasittsituasjonen i aurebestanden. Eustrongylides har fiskeetande fugl som hovudvert (for eksempel laksand). Parasitten er heilt avhengig av å komme i fugl for å verte kjønnsmoden og legge egg. Når mange ørekyter er infiserte i tillegg til aure, vil fleire fiskeetande fuglar få i seg parasittinfisert fisk. Dermed vil fleire parasittar bli kjønnsmodne og legge egg. Dette føre vidare til at fleire fåbørstemarkar, som er parasitten sin første mellomvert, blir infiserte. Sjansen for at fisket et ein fåbørstemark som er infisert av parasitten, vert følgeleg høgare.

Eustrongylides er eit stort problem i nokre av terskelbassenga i Otra. Ved prøvefiske ved Sandnes i Valle i 2002 vart det observert eustrongylides innkapsla i muskulaturen på 27 av 83 aure (32,5%). Slike observasjonar vart og gjort etter prøvefiske i Floslivatnet i 2002 og i Trydalstjønna i 2004.

Funn av eustrongylides i ørekyte kan kanskje forklare dette fenomenet. Teorien er at aure som et infisert ørekyte lett kan få parasitten i kjøtet. Parasitten vil krype ut av den døde ørekyten og bore seg gjennom magesekken og vidare inn i kjøtet til auren. Der vil den stoppe opp når den merker at tilhøva er levelege, sluttar Tom Arild.

Om denne teorien stemmer, veit eg ikkje. Eg veit heller ikkje om det er gjort fleire undersøkingar og registreringar av eustrongylides sp i ørekyte. Men det er viktig å finne ut av dette med sikte på å få ein god og sunn bestand av aure i vatna i Øvre Setesdal.

Ørekyte i Valle

Share

I serien Vatn i Valle brukte eg i dag stoff frå Tom Arild Homme sin rapport til VAFA nr. 2-2005 Prosjekt ørekyte i Øvre Otra. Eg las opp det som han har skrive i innleiinga. Her tek eg med noko av det, tilpassa til bloggen av meg. (Ettersom det er Adobe Acrobat-format og eg ikkje har program til å klyppe og lime frå dette på ein god måte :-))

Ørekyte vart innført til øvre Otra på slutten av 70-talet. Truleg vart fisken sett ut fleire stader, i alle fall veit ein om Sæsvatn på Bjåen og Storetjønn i Bossvassåi. Frå desse stadene spreidde ørekyte seg vidare nedover Otravassdraget, og rundt 1990 var det påvist ørekyte i Valle. No har det blitt ein stabil bestand heilt sør til utløpet av Brokke kraftstasjon. Nedstrøms Brokke er det gjort nokre få observasjonar, men fram til 2004 var det ikkje funne ørekyte i Byglandsfjord.

Sidan tidleg på 90-talet har det vore fiska etter ørekyte med såkalla Geiloruser, og i 1998 vart det kjøpt inn 200 ruser, noko som intensiverte oppfiskinga. Men det er ikkje datamateriale som dokumenterer ein økologisk effekt av oppfiskinga i Øvre Setesdal. Det er gjort få andre undersøkingar av dette i Noreg, og det er vanskeleg å finnen nokon trend. Ein reknar likevel med at det har ein negativ effekt på aureproduksjon å introdusere ørekyte i artsfattige vatn. Sjølv om ørekyte er eit vanleg innslag i dietten til auren i Otra, så varierer det mykje frå plass til plass.

Ein har og funne ut at i små og grunne vatn, vil oppfisking vere eit effektivt verkemiddel for å kome ørekyte til livs. Det overordna målet med prosjektet er å betre villkåra for auren. Difor må ein finne ut meir om auren parallellt med at ein fiskar opp ørekyte.

Her finn du meir om ørekyte på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Ørekyte
Og her finn du meir om aure:
http://nn.wikipedia.org/wiki/Aure
Sjå på lenkene til venstre for artikkelen og, der finn du stoff på andre språk enn det artikkelen har.

Sæsvatn: http://no.wikipedia.org/wiki/Sæsvatn
Brokke kraftverk: http://no.wikipedia.org/wiki/Brokke_kraftverk
VAFA: http://www.vafa.no/

Gjestfri for nye tankar

Share

I kveld var det årsmøte i Valle Fiskeadministrasjon. Eg var invitert til å kome og gjekk dit gjerne, samarbeidet mellom VAFA og meg i Valle radio har vore interessant og gjeve mange program og ein del innlegg på bloggen.

Kvelden gjekk etter vanleg låm med alle vanlege årsmøtesaker handsama og vedtekne. Til slutt denne kvelden var det framsyning av lysbilete med kommentarar frå Hugo Homme, Tom Arild Homme og Olav Holen. Bileta til Olav Holen fekk meg til å tenkje at det hadde vore flott å kunne hatt dei på Valle radio i dei programma eg hadde med han for nokre år sidan, det hadde gitt eit betre grunnlag for samtalane og truleg også betre program om lyttarane kunne sett bileta.

Dei faglege bileta til Tom Arild var interessante. Dei frammøtte fekk sjå fiskebiologen i arbeid med ulike problemstillingar, og naturgleda var så visst ikkje borte. Det var også interessant å høyre han fortelje, og Hugo sine bilete var grunnlag for refleksjon om rekreasjon og den type verdi av natur og landskap.

Det undrar ein observatør at Valle Fiskeadministrasjon så samrøystes gav uttrykk for at dei ikkje var nøgde med Valle kommune sitt engasjement på sektoren dei er opptekne av. Ein av deltakarane siterte mottoet for kommunen, slik det kom til uttrykk i ein omtale i Fædrelandsvennen for ei tid tilbake: **Eg skal vere gjestfri for nye tankar**, og meinte at om det var noko kommunen ikkje var, så var det gjestfri for nye tankar i høve til bruk av landskap og utmark i kommunen. Her har kommunen etter mi meining ein stor jobb framfor seg for å byggje bru til ein organisasjon som gjer eit stort arbeid for natur og friluftslivsressursane i kommunen.

Eg fekk høve til å halde eit innlegg på møtet, og der takka eg for samarbeidet eg har fått ha med leiar og dagleg leiar, som stiller opp når eg har ting eg undrar meg over. Samstundes minna eg om at etablering av Vannregion Sør-Vest, der Otra blir det første prosjektet som skal kartleggjast, nok vil få verknad for arbeidet også i VAFA etter kvart. Eg fortalde også om den planlagde programserien Vatn i Valle og vona å få hjelp av dei som var på møtet til å finne stoff som kunne brukast i serien.

Meir stoff om VAFA finn du her: http://www.vafa.no/

Vatn i Valle

Share

På lista til VAFA er det om lag 60 vatn som ein kan kjøpe fiskekort til eller som snart vert med i fiskekortsalet. Det opplyste Torjus Uppstad om i sendinga i kveld, der vatn var tema.

Bakgrunnen for at eg prøver å dra i gang ein slik programserie er at Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland er blitt vannregion Sør-Vest og miljøverndirektør Tom Egerhei hos fylkesmannen i Vest-Agder er leiar for arbeidet. Eg hadde eit intervju med han i radioen sist onsdag, og det gav meg inspirasjon til å prøve å lage program med denne tematikken.

Det er altså nok stoff å ta av. I dag stod det i avisa at Småkraft har fått konsesjon på å byggje ut Kveasåne, så no forsvinn eit vakkert syn på Riksveg 9, særleg når ein køyrer sørover.

Torjus meinte at det nok var investert 10 millionar i kalking av vatn i dei 20 åra VAFA hadde eksistert. Det har og bore frukt, kvaliteten i vatna er mykje betre no enn det var den gongen. Men han peika på eit problem som gjeld parasittar i Flåne. Ein meiner no at det skuldast at temperaturen er blitt høgare, og ettersom det er eit grunt basseng med liten gjennomstrøyming på grunn av regulering, vert vatnet varmare og gjev betre villkår for parasittar.

Eit anna problem vi var innom er det vi har snakka om mange gonger i ulike program: Tilgroinga i elva. Torjus fortalde, ikke i programmet, men før vi gjekk på lufta om læraren han hadde hatt, Torgrim Dåsnes, som hadde gjort han interessert i vatn alt som ung gut. Læraren har stor verknad på engasjement i mange år etter at ein elev har slutta skulen.

I programet las eg litt frå ein kronikk som stod i Dagbladet 18. april om Norsk vannmiljø skal bli enda bedre
http://www.vannportalen.no/fmt_fagomrade.asp?tgid=31134&gid=31769&amid=1387107&g31138=x&g31134

På http://www.vannportalen.no finn du mykje stoff om dette.
Har du synspunkt du vil dele med meg, er det bare å sende ein mail eller ta kontakt når du ser meg i Valle sentrum.

Eg vonar å finne folk som kan tenke seg å vere med i denne programserien og fortelje om kva vatn betyr for dei, kva dei veit om vatn i Valle og andre emne som kan vere med på å gjere dette stoffet aktuelt.