Merkelapp-arkiv: wikipedia

Heilage stader

Share

Tysdag hadde eg dette kåseriet i Valle radio som innleiing til programmet Salmekveld klokka 19:30:

-Eit lokalsamfunn skal ha ein heilag stad. Det var biskop Olav Skjevesland som sa det til til Aftenposten i ein artikkel siste dagen i februar. Ei kyrkje til nedfalls fylte det meste av førstesida under overskrifa: Tvunget til å pusse opp for 750.000 kroner. Ingen bruker den. Kommunen ville selge.

Så blar eg rundt og finn bilete av 18 kyrkjer på side 2 og 3 i avisa. Under er ein artikkel om Hvilke kirker skal ut. I samband med den seier biskopen vidare: -Vi har lært i religionsforskningen at lokalsamfunnene trenger det. Når det ikke er der, er det noe som mangler. Det holder det lokale samfunnet intakt, seier Olav Skjevesland.

Det er over 1600 kyrkjer i Norge. Fem av dei ligg i Valle og Bykle. Særprega gudshus som har vore ramme om sorg og glede i mange år.

I artikkelen i Aftenposten les eg vidare om kyrkja i Dønnesfjord i Hasvik kommune i Finnmark. Den står på ei nes på ei øy der ingen bur lenger. Det er bare gudsteneste ein gong om året, midt på sommaren. Då prest og kommune vurderte å selje kyrkja for ei krone, sa Riksantikvaren i Oslo nei. Kyrkja der er det einaste byggverket som stod att då tyskarane brende alle hus i kommunen. Dei rørte ikkje kyrkja. Midt i krigen var det ein heilag plass dei ikkje fekk seg til å rasere. Riksantikvaren ville frede kyrkja, og det vart laga eit spleiselag som skaffa pengane til å pusse henne opp. No står ho på biletet, nymåla med skodder framfor vindauge og dør og klokkegluggar på neset mot Ishavet.

I den same reportasjen er det 17 andre kyrkjer, gamle og nye, store og små. Frå Kong Oscar IIs kapell i Finnmark til Immanuelkirken i Østfold fortel dei om det biskopen minner oss om: Eit lokalsamfunn treng heilage hus. I år skal det vere oppussing i Hylestad kyrkje. 1838 til til 2008, ein høveleg alder for eit vakkert gudshus. Men ho treng stell, og i vår skjer det. Så får det bli ein pause i bruken inntil vidare.

Du finn meir stoff om Dønnesfjord kapell på wikipedia, sjå

http://no.wikipedia.org/wiki/Dønnesfjord_kapell

Wikipedia og Setesdal 3: Bygland

Share

Det er 22 artiklar om Bygland i Wikipedia. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Bygland

Bygland
Bleke
Byglandsfjord
Byglandsfjorden
DB Bjoren
Osmund Faremo
Gaukhei
Grøssæ
Gyvatn
Hovatn
Josephsbu
Kvifjorden
Longerakvatnet
Nordåne kraftverk
Ose
Otra
Setesdølen
Stakkedalen
Storstraumen
Straumsfjorden
Topsæ
Åraksfjorden

På nynorsk wikipedia er det 3 artiklar frå Bygland.

Det hadde vore fint om fleire hadde kjent seg kalla til å skrive frå Setesdal. Det fine med wikipedia er at alle kan vere med, men det betyr også at det lett kan verte mange artiklar der folk er engasjerte og ikkje så mange der folk ikkje er engasjerte.

Dersom du sender meg en mail eller skriv ein kommentar om noko som det kan vere aktuelt å legge inn på wikipedia frå Setesdal, vil eg prøve å gjere mitt for å få skrive ein artikkel om temaet.

Lat oss hjelpe kvarandre med å verte gode!

Wikipedia og Setesdal 2: Valle

Share

Som eg skreiv i går har internettleksikonet Wikipedia mange artiklar frå Setesdal. Her er det som gjeld kategori Valle:
http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Valle
I denne kategorien finn vi 40 artiklar:
Valle
B
Kirsten Marie Bråten Berg
Bjørgum kraftverk
Hallvard T. Bjørgum
Torleiv Bjørgum
Bjørnevasshytta
Bossbu
Botnsvatnet
Brokke kraftverk
F
Fakse-Brokke
Osmund Faremo
Fisstøylvatnet
H
Paal-Helge Haugen
H forts.
Hylestad
Hylestad kirke
Hylestadportalene
Håhelleren
K
Kolsvatnet
Steinar Kyrvestad
M
Myklevatnet
O
Otra Kraft
R
Rosskreppfjorden
S
Theis Salvesen
Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde
Johannes Skar
Stavskar
Store Bjørnevatn
Storvatnet i Bykle
Straumsfjorden
Svartenut
Svarvarnuten
T
Ole Knudsen Tvedten
Tveitetunet
U
Urddalsknuten
V
Valle (tettsted)
Valle Radio
Valle flyplass, Åraksøyne
Valle kirke (Aust-Agder)
Ø
Øyarvatnet
Øyuvsbu

Det er mange bidragsytarar på desse artiklane. Systemet til wikipedia er at alle kan vere med om dei veit noko. Eg har skrive noko, Helge Haugland har skrive ganske mykje på mange artiklar.

På nynorsk wikipedia er det bare ein artikkel frå Valle, det er om kommunen.

I programmet eg hadde med rebusar om turisthytter i Setesdalsheiane, fann eg stoff på desse sidene. I tida framover kjem eg truleg til å skrive meir frå Valle. Så du gjer lurt i å stikke innom av og til for å sjå om det er utvikling der.

Wikipedia og Setesdal 1: Bykle

Share

Det spesielle nettleksikonet Wikipedia, som alle kan redigere, har mange artiklar frå Setesdal. Her er ei liste over dei som gjeld Bykle pr. 14. oktober 2006 i Bokmåls-wikipedia

**Bykle**
http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Bykle
Her er det 18 artiklar, og tema er mange:
Bykle
Blåsjø
Botsvatn
Breidvatn
Bykle sjøflyplass, Hovden
Hartevatnet
Holmavatnet
Holmevatnet
Ormsavatnet
Reinevatn
Skyvatn
Sloaros
Store Urevatn
Storvatnet i Bykle
Sæbyggjenuten
Sæsvatn
Søterot
Vatndalsvatnet

Mange av vatna er omtalt, men ikkje Hovden, til tross for at Pelle Gangeskar har vore innom og skrive litt. Eg vonar han kjem innom og skriv meir seinare.

Nynorsk wikipedia har og litt stoff om Bykle:
http://nn.wikipedia.org/wiki/Kategori:Bykle

Her finn vi:
Bykle
Blåsjø
Hovden Skisenter
Hovden i Setesdal

Dei har altså stoff om Hovden, men ikkje om alle vatna. Til saman utfyller dei biletet. Men meir kan leggjast inn.

Eg vil kome tilbake til dei andre kommunane i Setesdal seinare.